Eg tykkjer han er litt puslete i år, våren.

Eg har endåtil skrudd opp fargemetninga for å setje han i eit betre lys. Ein eller annan må snart ta ei sjefsavgjerdsle.

Ein månad utan oppdatering får greie seg.

Eg har ikkje akkurat opplevd noko folkekrav. Det var faktisk skræmande enkelt å la bloggen segle sin eigen sjø. Men eg merkar at sjølv om Twitter og Facebook både er meir  lettvint og gjev meir tilbakemelding på det ein legg ut, så  ville eg ha sakna denne staden som er min eigen og som eg kan forlate i forvissing om at ingenting endrar seg  til eg kjem attende.

Eg har ikkje så mykje å kome med i dag, men ei lenke til eit  bilete eg ahar lagt ut på foto.no, kan eg alltids slenge  med.

http://foto.no/cgi-bin/bildegalleri/vis_bilde.cgi?id=647958&imageoffset=0&utvalgid=9

 

 

 

“Vart du skræmt no ?”

Så feil kan ein altså ta. Dette er faktisk eit av ansikta til den ultimate lukka.

Fritt etter minnet

Men du trur du hugsar nøyaktig korleis det eigentleg var ?

Svein Magnussen, professor på psykologisk institutt  ved UiO  har  m.a  skrive ei bok om vitnepsykologi  og han har dette å seie om den saka:

– Våre oppfatninger av hvordan vi siler og fortolker informasjonen, bidrar til hvordan et vitneprov vil framstå. Vi har mer eller mindre klare oppfatninger av noe og vi vet hva vi kan forvente oss. Det gjør at vi fortolker verden på bestemte måter. Dette kan derfor bidra til å forandre bildet av det vi ser . Du bruker det kognitive skjema *  til å fylle ut hukommelsen. Det viser hvor dårlig et vitneutsagn kan være.

* Kognitive skjema er, for å seie det svært enkelt og flåsete; vår eiga tillærte oppfatning av korleis verda heng saman.

Og når sant skal seiast, så var faktisk austhimmelen einsfarga grå og disig denne ettermiddagen.

Takk til Marit og Ragnhild

To historier. Minst

Alt skal ha ei historie for tida. Om det er mjølk eller ny bil du skal kjøpe, like fullt må det forteljast ei historie som skal få deg til å velje “rett”. Men kva er historia til denne  tustegrana ? Historia om ei som ikkje fekk det til, eller historia om ei, som trass alt,  framleis står oppreist ?

Det (eller dei) vi har sett til å leie oss

Litt feelgood til frukostkaffien

Lokalavisa mi, Møre-Nytt, har som dei fleste andre lokalaviser, notisar med “lesar på tråden”. Eller “På telefonen til Møre-Nytt” som dei heiter i mitt tilfelle. Innhaldet i desse er ei usæl blande av ris og ros. Sakleg og usakleg, noko “bakar for smed” og noko med rett adresse. Nedanfor her vil eg sitere ein slik telefonsamtale frå ei dame som hadde vore ute ein tur og handla.

-Personen i kassa spurde om eg skulle ha ein pose, og eg sa ja. Sluttbeløpet vart 79,50, men eg hadde ikkje meir enn 79 kroner. Eg vart spurt om eg hadde 50 øre til. Eg svarte nei, men at eg kunne gje posen tilbake. Og han vart teken tilbake, seier dama.

Medan ho tok varene opp i hendene stod det ein ung gut ved sida av for å tippe.

-Han byrja å leite etter lommeboka og fann fram ei krone. Så spurde han personen i kassa om han kunne få kjøpe ein pose, og det fekk han. Så gav han den til meg. Eg ynskjer å rette ei takk til denne guten, seier dama.

Det var heilt stilt i huset då eg las dette og eg var heilt åleine, men likevel tykte eg at eg høyrde vare feletonar. Det vart sterkare og sterkare. Og der var han, englesongen til Sigrid Moldestad.

Truleg ikkje i samsvar med eit einaste EU-direktiv

Denne gråoren er truleg ikkje i samsvar med sine eigne gener eingong. Ein sann anarkist, eller eit offer for ver, vind, trasige mikroorganismer og uheldig kjemi ? Jammen ikkje godt å seie.

“Levd liv”, er ord ein nyttar når ein vil romantisere over slike vanlagnader. Eg har eit litt ambivalent tilhøve til dette omgrepet. Av og til ser eg meg sjølv trygt plassert på tribunene på Colluseum, medan desse som “lever liva sine” kjempar som gladiatorar på arenaen. Oppgåva deira er å stette mitt behov for drama og tragedie i ein trygg kvardag.

Verhaldet, det som held veret attende

Dei skriv om det på engelsk óg:

Veirahaldet is one of the most popular skiing mountains in Ørsta kommune. This is an easy mountain to reach on skis and on foot, and in winter – many use the ski-lifts from the Bondalseidet skiing centre to get an easy start. “Veir” is local dialect for weather. “Hald” means to hold. The book “Sunnmøre” (Kristoffer Randers) explains that this mountain “holds off the weather”. More precisely, “vedrhald/verhald” is a mass of clouds with trailing winds, where the clouds lower the wind-speed.

Her har du lenka til originalen: Her altså.

Eg trur eg nyttar det offisielle namnet på fjellet, men som de ser i den engelske teksten, så har dei nytta namnet “Veirahaldet”; det er det fjellet heiter på ørstadialekt.