Bloggrunda mi
Til den eigentlege Bandanders
Sider
Kategorier
- Advent
- Alvorleg tala
- Champagnegaloppen
- Dagens Petter Sprett
- Det jordiske
- Eksperiment
- Energisk
- Heimstadlære
- Hugskot
- Kjøkkenbenkforsking
- Klipp og lim. Vreng og vri
- Klisjésundag
- Kundekonsultasjon
- kvitring
- Lånte godord
- Mest bilete
- Musikalsk
- Musikk
- Naturlegvis
- Om dei vi har sett til å styre oss
- Om skriveverktyet
- Sidelina
- Slikt ein går forbi
- Som om ikkje jorda alltid har vore rund
- søndag
- Tankar på rek
- Tøvet mitt
- Uncategorized
- Utfordring
Siste kommentarer
Kva las eg no ?
- Eg veit ikkje heilt kva eg skal kalle denne posten, men
24. februar, 2010 | 11:00 ameg las ei bokmelding inne hjå Avil her ein dag og ut frå det ho skriv om boka, Jern av Torgrim Eggen, vart eg litt nyfiken. Eg siterer litt frå meldinga:
-Eg forstår at forlaget, journalistane og kritikarane har lyst til å henge seg opp i kor edgy og oppdatert og spanande dette med internett og konspirasjonsteoriar og religion er.
-Eg vil berre få lov til å påpeike at boka er festleg litteratur.
Massiv research, leikande språkbruk, tydelege karakterar (først gjenkjennande tatt på kornet, og deretter viser det seg at det er dine eigne fordommar som blei tatt på kornet)Jaudå, dette verka å vere ei bok eg kunne like å lese. Sjølv las eg for få år sidan mange Peak Oil bloggar og støytte på mykje rart. Frå det saklege og ekstremt kunnskapsrike til nokre som gjekk Johannes Openberring ein høg gang. Kanskje på grunn av alle eksentrisitetane vart ”Peak Oil arar” gjerne gjorde til lått og løye, men ein høyrer ikkje så mykje om det lenger. Det kan verke som om dei harde fakta som låg til grunn for “rørsla” stilletiande har blitt tekne opp i den kollektive bevisstheita (kan nokon hjelpe meg med eit godt nynorskord). I alle fall i høgare luftlag. Det er ikkje lenger mange som trur at oljen vil vare evig, sjølv om enkelte oppfører seg slik.
Så eg sat klar til å sende bestillinga til Haugen Bok. Eg hadde endåtil leita fram bankkortet. Men så hadde det seg at eg nettopp hadde henta avisa og ho låg oppslegen på ein tosiders artikkel om forskinga til Harriet Bjerrum Nielsen. Ho hadde fylgt utviklinga til ei skuleklasse frå dei byrja på skulen i 1992 til dei gjekk ut i 2002. og forskinga har resultert i boka ”Skoletid”. Utfrå det eg las i artikkelen i Vårt Land ombestemte eg meg på flekken og bestilte ”Skoletid” i staden for ”Jern”. Eg jobbar med 16-19 åringar og er forviten på å vite meir om kven dei eigentleg er og kva ballast dei har, desse nye 16-åringane som dukkar opp, som frå ingenting, kvar august. Eg skal ikkje skryte av å ha lese heile boka allereie, men eg har funne eit avsnitt som for meg er verd heile boka. Eg siterer:
-Mennesker er ikkje som bølger, skyformasjoner og snøkrystaller. Mennskets utvikling skyldes ikke naturlover, men de sosiale og dermed foranderlige sammenhengene de deltar i, og de er selv med på å skape, fortolke og forhandle ”sin form”. Regelmessige mønstre kan oppstå fordi en gitt gruppe har noen livsbetingelser og kanskje deler av en historie felles. Men poenget om at variasjon er det som skaper mønsteret og ikke truer mønsteret, at mønstre av orden og uorden veksler avhengig av perspektivet, og at det regelmessige og det unike eksisterer som to sider av samme mynt, er et brukbart bilde også når det gjelder kompleksiteten i sosiale grupper.
- Rekordlave kornavlingar
13. november, 2009 | 8:46 amKornhausten i Noreg vert truleg den dårlegaste på 25 år. Konsekvensen ? Jau, fare for auka import. Skjønar vi kor privilgerte vi er ?
- Kan opprøraren vere både ideal og ein del av det etablerte? Samstundes ?
30. september, 2009 | 1:24 pmEg fekk ikkje med meg innhaldet i 68-opprøret. Skræmande svart/kvitt bilete på TV-skjermen synte langhåra ungdommar som slåst med politiet i gatene og ramponerte butikkar. Og eg tykte det var heilt forferdeleg at folk kunne oppføre seg slik. I ettertid har eg sjølvsagt lært leksa mi: At opprøret var eit naudsynt brot med antikvariske normer og stivna autoritetar, eit opprør mot urett, krig og materialisme.
Men kva skjer når det såkalla opprøret vert det normale og opprørarane vert sjølve “det etablerte” ? Eg har tenkt litt på det i det siste og no sist helg las eg ein artikkel i Morgenbladet som fekk meg til å tenkje vidare. Du finn artikkelen her:
- Fosfor, langt meir enn fyrstikker og sprengstoff.
28. juli, 2009 | 9:18 am“Du er hva du har spist”. Mellom anna fosfor. Men kvar kjem dette fosforet i frå? Om du vilvite meir om det, var her utruleg mykje å hente her.
- Må majoritetsnordmannen nødvendigvis stemme Frp ? Er det på tide å gjere det stovereint å snakke om det vi har felles ?
2. juli, 2009 | 9:54 amLena Lindgren har skrive noko interessant om det.Etterlyst: Den kompakte majoritet
“Skal multikulturalismens intensjon om fellesskap ha en sjanse, må flertallet hente frem majoritetsnordmannen i seg.”
Archive for Kva las eg no ? »

