Forfatterarkiv for bandanders

Ei natt med frost gjer ingen vinter

Ei svale gjer ingen sommar, seiest det. Då stoler eg på at ei natt med frost ikkje er byrjinga på vinteren.

Hardangervidda mi

Rein er her ikkje, men du kan risikere å gå deg på ein og annan sau.

Besseggen min

Og i går møtte eg jammen eit menneske. Men to som går motsett veg kan vel knappast kallast kø.

Bresmelting, ein myte ?

Her har det ikkje lege snø på denne tida av året det eg kan hugse. Vanlegvis er elvefaret i Vikeelva snøfritt i månadsskiftet juni/juli.

Så kan ein slutte der. Eller så kan ein velje å fortelje at hovudårsaka er uvanlege snøforhold med mange store ras sist vinter.

På teletur

Eg gav meg sjølv ei utfordring i helga og valde å gå på fjelltur med kun telelinse i sekken. Ikkje akkurat utstyrt for vide panorama og oversiktsbilete med andre ord. Og eg fann fort ut at det med slikt sneversyn er vanskeleg å lage seg eit godt bilete av fjellet ein har gjeve seg i kast med, samstundes som det er lett å blåse småtteri i omgjevnadene ut av alle proporsjonar.

“Donninga av Sunnmørsalpane”, vert Slogen (1564) kalla. Viser som regel kvassesida på bilete, men har også ei mykje venlegare.

Eg har aldri høyrt at nokon har omtala Kvitegga (1717) i royale ordelag. Fjellet stikk seg ikkje akkurat fram. Men uansett så er dette høgste fjellet i Sunnmørsalpane. Du ser toppen som den høgste snødekte toppen i bakgrunnen.

“Her kan du sitte i dype tanker – helt til noen på døren banker”

Og med døra på gløtt.

Velkomen inn om her er smått

8-9 kvadratmeter tenkjer eg. Og kaffi skal du få.

Alt dette skriveriet om klassereise

I ein tynn tråd, i lause lufta, midt i mellom.

“Strynefjellet er åpent”, står det på eit skilt

Arild har posta eit flott bilete av utreisa. Dette handlar om heimreisa, om vegar som tek uventa retningar og kanskje ei von om at meir enn Strynefjellet er ope sjølv om ferien er over.

Ser at biletet vart litt puslete, så om du vil sjå ein større versjon, kan du klikke her

Bortebane/heimebane

Innover Lysefjorden. Ein kan tydeleg sjå at isen i si tid gjorde grundigare arbeid her sør enn lenger nord.

Kolåstinden sett frå fjella baki her.