Forfatterarkiv: bandanders

Eg ynskjer «å gjøre en forskjell», Siv

Demokrati-indeksen (engelsk: Democracy Index) er ein indeks rangert av Economist Intelligence Unit som måler graden av demokrati i 167 land. I fylgje denne lever vi i det mest demokratiske landet i verda. Sjølv folk flest ser nok dette som eit gode og ynskjer det skal halde fram slik.

Men  demokratiet har sine ulemper. Desse vert særleg tydelege når ein er veslebror i ei mindretalsregjering og har lova veljarane sine både det eine og andre. Alt vert så tungrodd når ein er nøydd til å søke Stortinget si velsigning for det minste sprell. Godt då at det finst omvegar. Det gjeld berre å ta på seg dei mjukaste filttøflene som er å oppdrive og liste seg forbi Stortinget og inn i forskriftstrykkeriet så umerka som råd. Men dei har ikkje lurt Hege Ulstein som kjenner lusa på gangen og skriv eit svært lesverdig innlegg om denne omgåingstaktikken i Dagsavisen

Eg er nok langt frå den einaste som føler at dette skaper  større avstand mellom den praktiske politikken og folkeviljen og kan ikkje med min beste vilje sjå at dette ikkje svekker demokratiet. Det gjev  i alle fall meg kjensla av at stemmesetelen eg legg i valurna vert devaluert. Demokratiet er avhengig av at vanlege folk som meg nyttar røysteeretten vår. Og dette vert avgjordt på det kjenslemessige planet. Skal ein oppretthalde høg valdeltaking, må vi føle at det å røyste betyr noko, eller «gjør en forskjell» som statsministeren vår seier.

Då er det bra vi har ei fri presse, ytringsfridom og sosiale media. I romjula høyrde eg eit intervju med Susanne Kaluza i Kveldsåpent på NRK p1. Ho meinte at sosiale media «demokratiserte demokratiet» og at resultatet etter reservasjonsdebatten som raste i fjor, der Susanne Kaluza var av dei som stod høgast på barrikadene, var eit prov på nettop det. Ja, gjev det var så vel.

Ein fin ting med demokratiet er at eg ein dag kvart 4. år føler meg like betydningsfull som Are Kalvø, John  Fredriksen, Jonas Gahr Støre og endåtil Trygve Hegnar. Meir enn kongen faktisk, for han har ikkje røysterett. Slik er det ikkje med sosiale media, Der er det nettverk, status og retoriske evner som tel. Om det var slik at eigenskapar som innsikt, visdom, empati, rettferdssans  og toleranse var  fordelt etter same fordelingsnøkkel som  gjennomslagskraft,  hadde det endå vore so, men ting tyder på at det langt frå alltid er slik.

Eg er sikkert naiv, men eg innbiller meg faktisk at det beste vi kan gjere for demokratiet er å halde oss med politikarar som respekterer demokratiet sine spelereglar både i ånd og bokstav og  let vere å røyste på  dei som har synt at dei manipulerer fram viljen sin ved å leite etter smutthol og  omvegar så snart dei får høve til det. Her har sosiale medier ei viktig oppgåve, men som erstatning for eit uthola demokrati har facebook- og kronikrati  store manglar.

Livslygna mi vs. Gaasland og Listhaug

I Noreg har vi forskarar som forskar på lønsemda og effektiviteten i norsk landbruk. Ivar Gaasland ved universitetet i Bergen er kanskje den mest profilerte av dei for tida. Han sit mellom anna i det regjeringsoppnemnde utvalet som skal vurdere marknadsreguleringane i landbruket. I 2010 disputerte han til doktorgrad og i avhandlinga si kjem han fram til at å bruke pengar på landbruk, det er noko av det mest bortkasta ein nasjon kan gjere. Ikkje rart at mannen er omfamna av Frp og vart invitert som føredragshaldar på Frp sitt landbruksseminar i 2012. (Føredraget hans finn du lett på Youtube).

Gaasland leverte varene. Ingen tvil om det. Landbruket får absurd mykje pengar i høve til det vi får att. Norske forbrukarar, folk flest, får ingenting att for å betale bøndene astronomiske tilskot. Klart at dette er mat for Mons.

Men midt i alt dette som er så deprimerande for ein som insisterer på å få leve på ein lygn (eg er trass alt berre eit gjennomsnittsmenneske), beit eg meg merke i ein ting. Han seier nemleg at i den grad ein likevel vel å støtte landbruket, så skal pengane brukast på «områder der det eksisterer markedssvikt», som økonomen kallar det. Det vil seie fellesgode som matvaretryggleik, kulturlandskap og biologisk mangfald. Sjølve produksjonen av mat er ikkje støtteverdig.

Her må nokon ha sove i timen, for eg kan ikkje skjøne anna enn at det er akkurat det stikk motsette Listhaug prøvde seg på, med auka støtte til produksjon. FrP-politikararar har lært seg å seie at bønder er sjølvstendig næringsdrivande og ideologien deira seier at varer som kan produserast, stykkast opp og seljast, ikkje skal støttast, subsidierast eller møte handelshindringar. Det heile vert med andre ord svært forvirrande og inkonsekvent.

Eg ser at FrP no, etter at KrF og V no har fått pynta litt på greinaløysa, framleis ser på avtalen som ein siger, eit steg i rett retning. Men det er ikkje eit steg i rett retnig. Det er to. Begge går i feil retning, men ikkje same vegen.
+

Etter vegen

DSC_0105-3

Ett er nødvendig

Ett er nødvendig – her
i denne vår vanskelige verden
av husville og heimløse:

Å ta bolig i seg selv

Gå inn i mørket
og pusse sotet av lampen.

Slik at menneskene på veiene
kan skimte lys i dine bebodde øyne.

-Hans Børli