Det gjeld å ta eit magedrag kvar gong sommaren er der. For i neste augneblinken er han borte og ingen kan seie når han kjem att. Om det er eit minutt, ein time, eit døgn eller kanskje til neste år. “Empatiske” er kanskje eit dekkande ord for tankane mine om metereologar for tida.
Arkiv for kategorien "Uncategorized"
Ein har faktisk valet: Skal eg legge merke til det, eller late vere. Men no byrjar det altså. Kvar morgon, om skylaget tillet det, leikar morgonsola seg med raudfargen i Saudehornet. Det varer nokre minutt og eg kan fylje med på det her frå kontorplassen min. Felles-IXUS ´en låg lett tilgjengeleg på eit skrivebord her, så eg tenkte de skulle få sjå på utsikta mi.
Eg trur ein tener på å legge merke til slike ting. Eg trur at endåtil arbeidsgjevaren min tener på at eg legg merke til slike ting. Men det kan eg sjølvsagt ikkje dokumentere. Det einaste som let seg dokumentere er at eg har nytta 5 minutt av arbeidstida mi til å skrive dette innlegget.

Dette er det næraste ein kjem skogbrann for tida

Eg må gje dei rett.











Siste kommentarer