Kategoriarkiv: Uncategorized

Å dra forhasta slutningar

Ingen av desse bileta er manipulerte. Biletet til venstre er eit utsnitt av det til høgre. Objektivt sett er begge sanne. Isolert sett kan biletet til venstre vere skuleeksempel på uansvarleg framferd. Om ein derimot klikkar på biletet til høgre, har litt erfaring og i tillegg kjenner historia bak, burde igrunnen ikkje biletet få nokon til å heve eit augnebryn. Og slik let vi oss lure heile tida.

Sølvslottet på Krøkja

Denne posten er utan bilete. Biletet eg skulle legge ut vart rett og slett aldri teke. Dagen dette ikkje skjedde var søndag 16. oktober i halv sekstida.

Det var ein litt regntung ettermiddag og eg var på veg i bil til Fosnavåg. Inne i fjordane var det allereie halvskymt, men eg har ofte opplevd korleis det lysnar når eg nærmar meg kysten og himmelen faldar seg ut over meg. Difor tok eg med meg kameraet likevel.

Rett før du kjem til Fosnavåg kryssar vegen  eit sund.  Sidan har eg funne ut at brua over sundet må vere Buholmbrua og det  var medan eg var ute på brua eg såg biletet mitt. På ein liten grøn holme på sørsida av vegen låg eit  gamalt hus.  Vind, sol, regn og lite vedlikehald hadde sett sine tydelege spor. Men det var lett å sjå at det ein gong hadde vore eit staseleg bygg.  Den gongen  for lenge sidan då det å bu på ein veglaus holme ikkje var nokon ulempe. Tuntrea  var store kastanjar, kanskje bøk og eik óg ,det var ikkje så lett å sjå. Men haustfargane var uansett på sitt mest intense. Grønt, gult, orange, raudt og brunt . Og  denne ettermiddagen var det som om alt der ute på denne holmen var  lyssett innanfrå . Den verbitne bordkledningen på huset skein  som  sølv.

Men eg kunne ikkje stanse der ute på brua. Dessutan var det allereie for mørkt til å ta bilete. I alle høve utan stativ. Difor eksisterer dette biletet kun inne i hovudet mitt. Og det vert berre vakrare og vakrare. Lightroom og Photoshop og andre biletbehandlingsprogram har ikkje ein paddesjangs mot det som skjer med bilete som kun finst inne i hovudet  vårt.

Dei er berre så vanskelege å dele.

I ettertid har eg leita litt rundt på nettet for å finne bilete frå Krøkja, som denne holmen truleg heiter. Dette er det einaste eg har funne.

 

 

 

 

Der vestavinden klipper hekken

Ein skal ville det ganske mykje om ein vel å stkke seg fram her.

Biletet er teke på vestsida av Haramsøya. I bakgrunnen ser du Ramoen, synleg på mest heile Sunnmørskysten og eit gamalt seglingsmerke.  Om du vel å fylje lenka, må du klikke på lenka under «Bakgrunnsstoff». Leif Strand sine rundskue er heilt fantastiske. Rett og slett.

Verda mi

Lenke til større versjon: verda

Det er ugreie i sysakene våre får vi høyre. Mest kvar bidige dag vert vi presenterte for fenomen og hendingar som kan takast til inntekt for dette synet. Det kan vere flaum, tørke, stormar, ekstreme temperaturar, fuglar som dett ned frå himmelen og humler og bier som forsvinn sporlaust. Ein kan velje å tru at alt dette ikkje er noiko nytt, at det kun skuldast at vi no til dags får alt elendet i heile verda rett inn i stovene våre. Eller ein kan kapitulere og innsjå at verda som vi kjenner ho er i ferd med å endre seg. Så kan ein diskutere til ein vert blå om dette skuldast naturlege svingingar eller om det er menneskeskapt.

Det offisielle synet til dei som regjerer landet vårt for tida er at endringane skjer, at dei for ein stor del er menneskeskapte og at vi kan bremse dei ved å strupe uttak av depepotressursar som gass olje og kol og/eller lagre forbrenningprodukta under Nordsjøen og liknande stader.

Når det gjeld dei som sit med ambisjonar om å overta styringa her i landet etter neste val, er synet på saka meir variert, men i den leiren er det nok større oppslutnad om synet som går på at i den grad endringar skjer, så skuldast det naturlege svingingar vi ikkje kan påverke.

Men uansett syn på dette, er det ein viktig ting som sjeldan vert omsnakka og det er at lageret med depotressursar ikkje har påfyllingsrør. Gjort er gjort og spist er spist. Vi får stadig små hint om  at lagerbehaldinga av viktige ressursar er i ferd med å minke merkbart. Vi er vane med å kunne styre tilgangen med å opne eller strupe ventilen. Men når tanken er tom, hjelp det ikkje å opne ventilen om han har aldri så stor kapasitet. Eg tykkjer vi burde halde oss med politikarar som også torer å ta omsyn til denne problemstillinga.  Problemet er at det å flagge eit slikt syn er jamgodt med politisk sjølvmord.

Ved rundingsbøya i svartestilla

Segling er ikkje noko eg driv mykje med, men eg set stor pris på dei seglasane eg får med meg. Det er mykje ved seglinga som fascinerer meg. Skal du vinne, må du både vere dyktig og ha flaks. Du kan gjere korrekte vegval utifrå dei opplysningane som ligg føre. Men kor lure dei var, det ser du først i ettertid. Resultatlista fortel kun kven som kom først og sist i mål. Segling har mykje til felles med det å leve. Tenkjer eg.