Archive for the 'Om dei vi har sett til å styre oss' Category

Kjære Erna..

..du vil truleg aldri lese dette her, men eg har lese debattinlegget du hadde i Dagbladet onsdag denne veka. Der skriv du at du er provosert av dei som kallar brotet i WTO-forhandlingane ein siger for verda sine fattige. Det har du sjølvsagt full rett til å vere. Og det er ikkje det eg reagerer på heller. Det som får meg til å reagere er alle sleivsparka. Du skriv mellom anna:

-Man må nesten spørre seg hva som er motivet for slike utspill, for et ønske om utvikling er det ikke.

-Det er en rasjonell grunn til å være glad for å slippe ny avtale, og den handler om ren redsel for forandring, ikke bekymring for fattige bønder.

Det er då eg vil spørje deg: Korleis i all verda kan du vite det ?

Eg kan ikkje vite om det var med vilje du ikkje nemne at den direkte årsaka til brotet var at India nekta å gje etter for press frå USA om å ofre dei særskilte tryggleiksmekanismane i landbrukssektoren. ( Desse har som oppgåve å verne bønder i fattige land mot lave prisar og import av matvarer.) Men det er klart at det hadde svekka argumentasjonen din om du hadde teke deg bryet med å nemne det.

Magnar Norderhaug, norsk biolog f.1939 d.2006 , avslutta si yrkeskarriere som instituttleiar ved Worldwatch Institute Norden og vart i 2004 utnevnt til Ridder 1. klasse av St. Olavs orden for innsatsen sin innan natur- og miljøvern. I 1996 gav han ut ei lita, viktig bok; Verdens mat, som eg stadig kjem attende til. Der skriv han mellom anna:

Dersom verden går inn i en epoke med knapphet og prisvekst på mat, er det behov for en ny jordbrukspolitikk som forener

-økologiske hensyn
-økonomisk lønnsomhet
-nasjonale egeninteresser
-global solidaritet

Eg har gode grunnar til å tru at dette er like gyldig i dag som for 12 år sidan og meiner at ein avtaletekst som t.d USA pressa på for å få gjennom ville vere eit steg i feil retning i høve Norderhaug si liste.

Utvikling kan vere både positiv og negativ og når valet står mellom å stå stille og å gå feil veg, meiner eg at det må vere legitimt å meine at det er greiast å halde seg i ro.

Det var berre det eg ville seie

Frihandel, mål eller middel


Førre helg braut WTO-forhandlingane saman att. Fiskarlaget fortvilar, Bondelaget jublar og Sponheimen uttaler fylgjande i ein kommentar til Dagens Næringsliv: ” Bondenorge på sitt verste”.

Sjølv er eg ikkje heilt sikker lenger. Eg skal ikkje stikke under ein stol at stemninga steig eit par hakk under fjøslua mi sist gong brotet kom. Denne gongen er det meir eit lett resignert “ja ja, det var vel det minst galne som kunne skje”

For det er vel ikkje så mange som verkeleg meiner at ein ikkje treng reglar for verdshandelen ?Spørsmålet er heller korleis desse reglane skal utformast.

WTO har, etter eiga utsegn, auka velferd for innbyggarane i medlemslanda som hovudmålsetjing. Med 153 medlemsland burde ikkje dette vere særleg kontroversielt og dersom ein ser bort frå sterke grupper sin kamp om å behalde eigne privilegier, er hovudstridsspørsmålet av det meir ideologiske slaget.: Er verkeleg uavgrensa frihandel det beste verkemiddelet for å oppnå dette målet ?

For meg har WTO blitt sjølve symbolet på det Kalle Moene så treffande kallar vekemiddelradikalarar. Verkemiddelradikalar vert ein i den augnblinken ein misser målet av syne og verkemiddelet i seg sjølv vert hovudmålet.

Sidan G6 forhanlingane i Geneve kollapsa for 2 år sidan og desillusjonerte utsegner som “det er grenser for kor lenge ein kan piske ein daud hest” vart siterte i avisene verda rundt, kunne ein kanskje forvente at ein denne gongen hadde teke inn over seg at mykje vatn har runne i havet sidan juli 2006. Men der vart eg skuffa.

Dersom ein neste gong (for eg reknar trass alt med at det vert ein neste gong) erkjenner og tek utgangspunkt i dei verkelege utfordringane vi som verdssamfunn står framfor, kan det tenkjast at eg vil fylgje forhandlingane frå heimelagsupporterane sin del av tribunen. Men akkurat det er kanskje ikkje så sannsynleg; WTO presenterer seg trass alt slik på heimesidene sine:

Its main function is to ensure that trade flows as smoothly, predictably and freely as possible.

OK for så vidt, men for meg er og blir frihandel eit tveegga sverd, eit verkemiddel og ikkje eit mål i seg sjølv

Eit velmeint råd til Liv Signe

Liv Signe Navarsete har vore ute og reist siste dagane. Ho har vore i Leipzig på det første møtet i International Transport Forum, ei vidareføring av European Conference of Ministers of Transport. Meir enn 50 transportministrar frå OECD-landa, i tillegg til India, Kina og Brasil, tok del.

Samferdselsministeren vår sat i hovudpanelet som vart leia av den nederlandske transportministeren Camiel Eurlings. Panelet hadde i tillegg representantar frå olje- og energisektoren, luftfarten og bilindustrien.

På Senterpartiet si heimeside finn vi desse Navarsete-sitata frå møtet:

  • - Det er viktig at vi politikarar set tydelege mål og arbeider saman med industrien og forskingsmiljøa slik at vi saman kan redusere utsleppa av klimagassar. Eg trur det er viktig å bruke både pisk og gulrot. Vi må vise politisk leiarskap og gjennomføre tiltak som vil gje resultat både på kort og på lang sikt.
  • - Transportsektoren står for 23 prosent av dei globale klimautsleppa. Konklusjonane frå det internasjonale transportforumet vil difor bli ein viktig del av grunnlaget for klimatoppmøtet i København i 2009, seier samferdselsministeren.

Dette skulle vel vere heilt greitt. Ingenting å hisse seg opp over her, vel ? Men problemet kan verte at på slike møte er der også andre deltakarar, nokre av dei nyttar øyrene sine til å høyre med og nokre av dei skriv til og med brev heim, der dei refererer det dei har høyrt.

Kjell Aleklett, prof. i fysikk, Universitetet i Uppsala, president, ASPO (Association for the Study of Peak Oil & Gas) er ein slik ein. Han skriv fylgjande:

-The panel debate that followed between politicians and representatives of industry could be described with many words but I will choose the declaration from Norway’s transport minister Liv Signe Navarsete that were the most sensational. She asserted that we possibly must adapt to a future where we do not have growth but, rather, economic decline. Indirectly this is a recognition that Peak Oil is just around the corner.

Slikt må du ikkje finne på å seie høgt her heime, Liv Signe. Hugs det er val til neste år.

Og vinnaren er…


Kandidat 1


Kandidat 2

KANDIDAT 2 !

Ein kan vel seie at fornuften sigra i striden om sjukehotellet på Radiumhospitalet, men å hevde at saka kan nyttast som eksempel på at det løner seg å vere lovlydig er vel å overdrive.

Kven sin hovudverk er dette ?

Japan er eit rikt land.
I Japan et folk mykje ris.
I Japan bur det mykje folk
Japan er netto matvareimportør.
Japan har 500% toll på importert ris.
Japan er ein versting.

Så kom matvarekrisa (uventa ?)

Fleire store riseksportørar innfører restriksjonar på eksport.

Eg trur den jamne japanesar er glad for at dei trass alt har halde liv i nokre risbønder.
Men det bør altså ikkje vere lov, seier dei i WTO.

Argentina og Brasil er medlemer av CAIRNS-gruppa, dei mest aggressive forkjemparane for liberaliseringa av verdshandelen med mat. Argentina og Brasil har innført eksportrestriksjonar.

Er dette uproblematisk ?

Sjølv ei klokke som står stilt er rett to gonger i døgnet

Og dersom du får vite at “no er ho rett”, kan du stille inn di eiga klokke etter henne.

Mykje er sagt om etterpåklokskap. Eg har i grunnen ikkje så mykje å legge til, men når eg i ei tilfeldig vald avis (Dagbladet denne gongen)les fylgjande,

-Kan måtte kutte produksjon av biodrivstoff

- Dersom prisene på matvarer fortsetter å stige som de gjør i dag, vil konsekvensene være fryktelige, sier direktøren for det internasjonale pengemarkedsfondet (IMT), Dominique Strauss-Kahn

Han mener hundretusener av mennesker kommer til å sulte, og at all den positive utviklingen de siste fem eller ti årene kan bli reversert. IMF-direktøren frykter også at den sosiale uroen i kjølvannet av de stigende matvareprisene kan føre til krig.

Ja, då får eg litt lyst til å leite fram eit snart årgamalt innlegg her på bloggen:

Kan det tenkjast at eit eventuelt resultat av dei pågåande WTO-forhandlingane vert fullstendig irrelevant for norsk landbruk ?

Det er ikkje alltid like gjevt å finne ut at ein har hatt rett.

Kanskje Jens burde ta seg ein prat med Kalle

Biletet av Kalle Moene er det Ola Sæther som har teke og ligg i biletbasen til Uio

I veska mi har eg eit ark som eg reiv ut av Dagens Næringsliv si laurdagsutgåve den 24. Mars i år. Side 3 inneheld ein kronikk av Kalle Moene med overskrifta ”Virkemiddelradikalerne”, skriven i høve SV sitt landsmøte.

Moene hevdar at kjenneteiknet på ein verkemiddelradikalar er at han har slutta å argumentere for kvifor tiltaka han kjempar for er best for målgruppa. Dette i motsetnad til ein verkeleg radikalar som argumenterer for kva verkemiddel som best tener interessene til den gruppa han sympatiserer med.

Kronikken tek utgangspunkt i økonomisk politikk og sosialpolitikk, men mykje av det det økonomiprofessoren skriv kan lett overførast til andre samfunnsområde og eg har teke vare på artikkelen mest for å minne meg sjølv på å stille meg fylgjande spørmål kvar gong eg meiner å ha sett lyset: ”Er det verkemiddelradikalaren i meg som talar no ?” Ikkje det at eg trur han nokon gong vil få vite det, men Kalle Moene, professor ved Økonomisk institutt, Universitetet i Oslo , har faktisk gjeve meg ein ny hobby. Eg er nok langt frå den einaste som driv med dette, men eg meiner å ha sett mange døme på at det vert lenger mellom oss di høgare opp i det politiske systemet ein kjem.

Så når Jens Stoltenberg går på talarstolen på Bali og til stor jubel proklamerer at Noreg vil løyve 3 milliardar i året til vern av regnskogen med argumentet. ”Det å la være å hogge skog er kjent teknologi (imotsetning til fangst og deponering av CO2 ?),tenkjer eg med meg sjølv at no burde Jens ha teke seg ein alvorsprat med Kalle Moene. Det hadde kanskje vore best å ha gode prosjekt først og så løyve pengane. Men 3 milliardar har ein fantastisk symbolverdi då. Og no er det for seint. Skal ein tru på Rune Likvern i Energikrisa, og det fryktar eg at ein bør, er det dessutan mest det same kva vindauge vi kastar oljepengane våre ut av.

Elles så skulle eg meine at det å late vere å hogge skog er kjend teknologi. Det er berre å halle seg attpå sofaen i staden for å sele på seg vernebuksa og ta seg ein tur på vedaskogen det. Men eg får då ikkje betalt for det. I allefall ikkje endå. Men slik som det har regna i haust er det kanskje håp om det også. No.

Er vi i ferd med å setje oss sjølve på gangen?

Siv og Jens er samde om minst ein ting og det er at kutta i CO2-utslepp bør takast i utlandet. Vi står her i landet for kun 2‰ av verda sitt utslepp av klimagassar og det verkar temmeleg innlysande når dei då hevdar at kutta bør takast der det verkeleg monnar. Men lat oss snu litt på det enkle reknestykket:

I Noreg bur under 1‰ av menneska på jorda. Enkel matematikk tilseier då at kvar av oss slepp ut meir enn dobbelt så mykje som gjennomsnittet av jordbuarane. Er det då nokon logikk i at ein auke i dette misforholdet skal vere eit bidrag i rett retning?

Eit anna spørsmål er korleis kutta ute skjer. Ligg det eigentleg nokon reell gevinst i å legge om eit område frå småskala sjølvbergingsjordbruk til store monokulturar med råstoff til biodivstoff ? Over store deler av verda opplever det tradisjonelle jordbruket eit aukande press frå kommersielle krefter. Det seier seg sjølv at det å late folk halde fram som før ikkje representerer noko kutt i utsleppa. Det må ei endring til, og denne endringa må vere finansiert av oss som kjøper CO2-kvote dersom det skal telje. Men har vi nokon garanti for at omlegginga verkeleg vil bidra til å snu utviklinga ? Bortsett frå på papiret altså ?

Yara har sett inn ei 2-siders annonse i Dagens Næringsliv i dag. Der skriv dei:

”Hvis forbruket av fossilt brensel fortsetter i samme tempo som i dag, risikerer vi at olje og gassforekomstene tømmes innen 50 år og at vi går tom for kull i løpet av noen generasjoner”.

Denne innsikta er med andre ord ikkje lenger reservert for ekstremistane.

No er det ein gong slik at mesteparten av det menneskeskapte CO2-utsleppet kjem frå forbrenning av olje, gass og kol. Samstundes er det altså stor politisk oppslutning her i landet om at vi skal nytte store deler av oljeinntektene våre til investeringar i utlandet med udokumentret miljøgevinst og vi unnlet dermed å gjere innanlands investeringar som set oss i stand til å greie oss ”post carbon”.

På seinsommaren i år forsvann 300 milliardar kroner på Oslo Børs i løpet av 3 veker. Til samanlikning er pensjonsfondet på 3000 milliadar. Eg seier ikkje at 10% av sparpengane våre forvann i løpet av desse vekene, men det burde fortelje oss noko om kor sikkert oljeformuen er plassert.

Danny, fasanjakta og billege poeng i valkampen

I boka si ”Danny og den store fasanjakten” skriv Roald Dahl om Danny og far hans som på finurleg vis bergar fasanane på eit britisk storgods frå den årlege massakren, iscenesett og utført av godseigaren og ein snobbete venekrins. All sympatien vår plasserer Roald Dahl sjølvsagt (og umerkande) hjå Danny, far hans og ikkje minst fasanane.

Kva har så dei halvtamme fasanane på eit britisk gods med norsk valkamp å gjere ? Ganske mykje skulle det vise seg.

For nokre dagar sidan kunne ein ein lese på e24.no:

85% skadelig skatt

I ei tid der det vert stilt spørmål ved leseforståinga til det norske folket, fell det meg lett å vedgå at eg hadde store problem med å skjøne kva overskrifta skulle tyde. Ut frå innhaldet i innlegga i kommentarfeltet til artikkelen er eg viss på at eg ikkje er åleine om det.

Etter å ha lese gjennom artikkelen ( og henta supplerande opplysningar andre stader), fann eg ut at bakgrunnen for den fantastiske overskrifta var at representanten Gjermund Hagesæter, finanspolitisk talsmann for frp, hadde fått finansminister Kristin Halvorsen til å vedgå at mesteparten av pengane vi betaler i skatt ikkje vert optimalt forvalta. Så mykje som 20% forvinn på vegen.

Dette er gammalt nytt. Det burde det i alle høve vere det for ein stortingsrepresentant. Emnet er grundig behandla i fleire offentlege dokument, og i NOU 2000:8 står det t.d.:

De fleste former for skatter som benyttes i praksis er vridende skatter. Slike vridende skatter skaper et effektivitetstap ved at skatten fører til at den privatøkonomisk tilpasningen etter skatt avviker fra hva som gir samfunnsøkonomisk effektivitet. De viktigste hovedformer for vridningseffekter knyttet til skattesystemet er:

Arbeidsbeslutningen: avveiningen mellom arbeid og fritid påvirkes
Sparebeslutningen: avveiningen mellom forbruk i dag og forbruk i morgen påvirkes
Porteføljevalget: fordelingen av sparing på ulike former for investering påvirkes
Forbrukssammensetningen: avveiningen mellom ulike forbruksgoder påvirkes


Fra et effektivitetsmessig perspektiv er det gunstigst å benytte effektivitetsfremmende og nøytrale skatter. I en stor velferdsstat som Norge er det i praksis vanskelig å tenke seg at slike skatter kan gi et tilstrekkelig skatteproveny til å finansiere det ønskede nivået på offentlig konsum, investeringer og overføringer. Bruk av vridende skatter med tilhørende effektivitetstap er dermed nødvendig.

Du finn meir her

System med 100% verknadsgrad er mangelvare i den verkelege verda og velferdspolitikk er ikkje noko unntak. Men skal ein setje ting litt på spissen, så vonar eg at vanlege folk vil vere samd med meg i at 800000 kroner til helsetenester eller utdanning kan vere eit godt byte mot å legge 1 million ekstra i ein Ferrari.

Den 17. mai feira vi grunnlov, fridom og demokrati og vi har nytta dei demokratiske rettane våre til å bestemme at alle skal ha rett til m.a. helsetenester, utdanning, alderspensjon og sosialt tryggingsnett. Utan budsjett er desse rettane ingenting verde. Eg skjønar ikkje kva alternativet til skattar og avgifter skulle vere. Oljepengane kanskje ?

Nei, her er nok representanten for vanlege folk på fasanjakt saman med fiffen og av alle former for jakt, meiner eg at jakt på husdyr for moro skuld er av det mest usympatiske slaget.

At media i det heile let seg nytte til dette iscenesette stemmefisket etter oppdrettsfisk i sjølvrørt vatn finn eg ganske utruleg. Nei, lat oss heie på Danny og på den måten tvinge politikarane ut på skikkeleg, ærleg stemmejakt i tida fram mot valet. Det skulle ikkje vere mangel på jaktterreng, men finskorne er kanhende lite høveleg fotty.

Tid for eple

-Set ein fram kaker, så et statsråden kaker.Set ein fram frukt, så et statsråden frukt, seier stabssjef og Jens Stoltenberg si høgre hand, Karl Erik Schjøtt-Pedersen til Dagens Næringsliv. Eit rådande politisk prinsipp ?