Kategoriarkiv: Dagens Petter Sprett

Dagens Petter Sprett 2

Debatten rasar. Skal vi reise med tog, fly eller bil her i landet i framtida ? Kva bør politikarane satse på? Eg vil ikkje gje meg i kast med denne debatten her. Men eg er ganske viss på at meir nød enn lyst vil vere avgjerane for det endelege valet.
Også Stein Erik Hagen har kasta seg inn i debatten:
En norsk togrevolusjon
STEIN ERIK HAGEN UTFORDRER. Tør politikerne våre å tenke stort og satse på tog som fremtidens transportmiddel for å løse de enorme køproblemene i trafikken?
Les meir
(Det kan her vere verdt å merke seg motivasjonen til Hagen.)
Hagen set seg sjølv i eit underleg lys ved samstundes å gå ut og støtte Fremskrittspartiet med 2 millionar til valkampen. Frp sitt syn på jernbaneutbygging burde vel vere kjent for dei fleste ? Siv Jensen på si side sender ei sommarhelsing til alle folke- og tillitsvalde, medlemmer og velgarar av partiet. Der presenterer ho 4 hovudsaker i valkampen.
  • Eldre og sjuke
  • Strammare innvandringspolitikk
  • Auka satsing på vegbygging
  • Sørge for at pengane våre ikkje vert sløst bort av politikarar som ikkje har evne til å begrense seg.

Ikkje akkurat signal om endring i syn på jernbanen, altså.

Helsinga inn du her

Dagens Petter Sprett 1

Dei fleste av oss føler vel eit behov for å ha eit verdsbilete utan for mange kvite flekkar. Det seier seg sjølv at det er umogleg å ha eit detaljert bilete av alle område, men dette ordnar vi greitt med å forenkle. Det vi ikkje har peiling på i det heile, fargelegg vi med «Malingsspannet i Paint»-metoden. På dette grunnlaget uttalar vi oss, meg sjølv inkludert, i hytt og pine og det kan synast som om skråsikkerheita ofte er omvendt proporsjonal med oversikta.

Dette er ei av årsakene til at http://www.dn.no/ er ein av favorittnettstadene mine. Eg føler at eg er fluge på veggen medan finansguruar, -geni og -akrobatar kommneterer aktuelle saker på stammespråket, utan filter. Det gjev meg stort frimod når ein ser kor bastant intelligente menneske kan uttale seg om allt mellom himmel og jord ut frå ein rein fagøkonomisk ståstad.

Difor vil eg her på bloggen lage ein ny kategori, nemleg «Dagens Petter Sprett». Kriteriet for å verte nominert er å kome med ytringar som gjev meg assosiasjonar til fylgjande Ole Brumm-sitat:

«Sprett er lur,» sa Brumm tankefullt»
Ja,» sa Nøff «Sprett er lur»
«Og han har et godt hode,» sa Brumm
«Ja,» sa Nøff, «Sprett har et godt hode.»
Så var det stille en lang stund
«Det er kanskje derfor,» sa Brumm,»at han aldri forstår noe som helst»

Svært subjektivt med andre ord, men agurktid er agurktid.

Den første «Dagens Petter Sprett» er sjeføkonom Øystein Dørum i DnB Nor Markets. Han uttalar seg til Dagens Næringsliv i denne saka:

Klimapress på matpriser

Prisen stiger: Klimaendringer gjør at norske forbrukere må belage seg på å betale mer for matvarene. Produkter som inneholder korn, sukker, mais og olje er blant varene som kommer til å øke i pris.

Dørum sin reaksjon er altså:

Vi bruker en relativt liten andel av inntekt på mat, og dessuten blir utslagene dempet gjennom avgifter, sier han.
Også håp om en mer liberal verdenshandel gjør at sjeføkonomen vanskelig ser for seg noen betydelig økning i matvareprisene her til lands.
– Internasjonalt kan faktorene som driver prisene opp fortsette, men for Norge kan friere handel og mer matimport faktisk gi realprisfall på matvarer, sier Dørum.

Ja, slik kan det vel også seiast.