I ein tynn tråd, i lause lufta, midt i mellom.
Archive for the 'Hugskot' Category
Der er ingen mønster, men du kan skape deg ei samanhengande linje ved å fokusere selektivt. Det er slik ein lagar konspirasjonsteoriar.
Eg kjende ein gong
ein liten gut.
Han vart så still
kvar gong vi stod i ferjekø.
Først mange år seinare
fekk eg vite
at han var redd
ferja ville søkke
om motoren stoppa.
Eg hallar til å tru
at å misse framdrifta
er mindre farleg for ferjer
enn for folk.
§ 8. (Bading.)
Enhver har rett til å bade i sjøen eller i vassdrag fra strand i utmark eller fra båt når det skjer i rimelig avstand fra bebodd hus (hytte) og uten utilbørlig fortrengsel eller ulempe for andre.
Reint formelt er det altså i orden.
Når eg då får spørsmål om kvifor eg ikkje er så overbeistra for halloween, så kan eg alltids svare at det er avdi eg likar julebukkutgåva av borna betre.
Eg var nok eit underleg syn der eg kraup rundt i flomålet i går ettermiddag. Hadde eg sjølv sett noko slikt hadde eg i alle fall leita fra fram mobilen. Om eg eventuellt hadde ringt 112 eller 113 er eg jammen ikkje sikker på.
Ikkje akkurat “to hot to handle”, ser det ut til. Sjølv om resultatet frå København skulle tyde på det motsette.
“Ja, julen er magisk og det du trenger til julen finner du på Elkjøp”
Dei seier det sjølve. Eg høyrde det på TV2 i går.
Men når eg tenkjer meg om, kjem eg til at svært lite av det eg verkeleg treng til jul er å finne på Elkjøp. Kanskje akkurat det er eit utslag av at jula er ørlite – magisk.









Siste kommentarer