Kategoriarkiv: Hugskot

Paranoid?

nedbor

 

Eg har ikkje nedbørmålar sjølv. Det eg har er eit lite hol i regnbuksa mi. Når eg kjenner det renn vatn nedover leggen, veit eg at «no regnar det skikkeleg». Ein behøver vel kanskje ikkje vere paranoid om ein føler seg litt forfylgd ein slik dag.

Den 4. aggregattilstanden

kaldmorgonPå skulen lærer vi at dei aller fleste stoff kan vere i 3 ulike aggregattilstandar; fast stoff, væske og gass . Vatn finn vi til dømes som is, flytande vatn og vassdamp.

Men alle som har vore ute ein haustdag med ei snøgrensa som går opp og ned mellom hårgarden og skosålane, veit at dette er berre tull.  Vatn har ein 4. tilstand som ikkje er nemnd i  faglittereaturen; «seigt regn».  Sidan dette er eit naturfenomen det ikkje har vore forska på, er det ikkje mykje eg kan skrive om dette seige regnet, bortsett frå at vatn er på sitt aller kaldaste i den 4. aggregattilstanden.

Om livet i bratte bakkar

blaahimmel2

Så var det endeleg einkvan som drog ut proppen og der hoppa termometeret 10 grader.

Elles så kan eg opplyse at eg mandag fekk svar på tre eksistensielle spørsmål og at eg først i dag er i stand til å skrive om den skjelsetjande hendinga med ei viss sinnsro. Eg sit altså no med fasiten på fylgjande:

Kor fort kan ein rundballe trille ?

Kor høgt kan ein rundballe hoppe?

Er det ei grense for kor mykje flaks det er mogleg å ha ?

«Eg har imidlertid punktert»

sykkel12

Hvordan komme i mål med ødelagt sykkel?

Er sykkelen godt vedlikeholdt og grundig sjekket før rittet skal det mye til at noe alvorlig galt skjer underveis. Uhellet kan imidlertid være ute uansett hvor godt forberedt du er, og da kan det være kjekt å ha noen «nødmekketips» i bakhånd. Om uhellet først er ute er det mye som kan gå galt på en sykkel.Her er noen tips til ting du selv kan fikse med enkelt verktøy:

Eg veit ikkje om det er nokon vits i å lese vidare.

Men om du likevel er interessert, finn du meir her

Eg stend eg, seddu II

strandstol
Eg stend eg, seddu.
Eg stod, her i fjor òg eg, seddu.
Eg kjem til å stå her eg, seddu

For eg har forskinga på mi side, seddu
Mykje god trøyst å finne der, seddu

Med en langsiktig planlegging av nye bygg i strandsonen, sammen med sikring av gamle, vil det være en overkommelig oppgave å tilpasse seg de små stigningene i havnivået en kan forvente i Norge, selv om de aller verste prognoser skulle bli en realitet.

Sitat frå forsking.no