Arkiv for kategorien "Om skriveverktyet"

Melding til alle besøkande

Eg har fått melding frå huseigaren om at låsen på inngangsdøra no er reparert. Eg seier meg lei for at nokre av dykk i periodar har møtt stengde dører her på museet trass i at ar vi marknadsfører oss med at opningstida er 24 timar 7 dagar i veka. Men som sagt, dette skulle no vere i orden. Som dagleg leiar og deltidsresepsjonist, vil eg vere takksam dersom de la inn ei feilmelding på gamlebloggen min om døra skulle gå i vranglås i framtida.  Enklaste måten  å finne fram på er truleg ved å google “dansebandmuseum”. Det skulle vel vere greit å hugse ;)

Eg har fått ein award

Eg har fått ein såkalla “Award” av Britt Aase.Her er han:

best-blog-award_thumb4

Det er kjekt at der finst folk der ute som set pris på bloggen min og eg er takksam for dette teiknet på at nokon har glede av det eg legg ut.

Men kva gjer eg no ? Når ein ser i ordboka og finn ut at award “ is something given to a person or a group of people to recognize excellence in a certain field; a certificate of excellence” skal det vel ikkje så mykje sjølvinnsikt til for å innsjå at dette vert litt “over the top” som det heiter på awardspråket. Samstundes fylgjer det ei forplikting med denne utmerkinga. Eg må sende henne vidare til 15 andre. Det vert som om du tek ein lasagne ut av steikeomnen og for seint oppdagar at grytekluten er våt og kjøkkenbenken full.

Likevel må eg vel vere så pass at eg sender utmerkinga vidare, og då trur eg at eg vil sende henne til Elisabeth i Bødø. Og så utfordrar eg turistkontoret i Bodø til å gjere noko av det  same. Sjølv om det næraste eg har vore byen er ei mellomlanding på Evenes i 1986, føler eg meg snart som kjentmann etter å ha lese bloggen hennar nokre månader. Dessutan skal du ikkje vere uredd for at du vil finne noko å tenke  vidare på i Elisabeths Eldorado.