Kategoriarkiv: Sidelina

2007

Hugsar du 2007 ? Det var året då Gerd-Liv Valla måtte gå av som LO-leiar, Ban Ki-Moon vart generalsekretær i FN, Odd-Bjørn Hjelmeseth vart verdsmeister på 5-mila og Microsoft lanserte Vista på privatmarknaden. Men hugsar du at i det året var prisen på kveite og mais , mattryggleik og matvareproduksjon førstesidestoff ? Dei siste par åra har det vore stilt. Vi er attende til det normale. Trur vi. Vonar vi. Om vi bryr oss i det heile.
I flaumen av informasjon om det framlagde statsbudsjettet har eg ikkje høyrt eitt ord om landbruk og matproduksjon. I Sverige avviklar dei landbruksdepartementet. Og vi klagar som vanleg over den dyre maten i Norge.
No kan eg lese på e-feedlink.com (ein kinesisk agribusiness-nettstad som presenterer seg slik: News and information that keep you up-to-date on the market and industry developments. Also, receive the latest price information and analyses of key feed commodities, feed additives and livestock products.) It feels like 2007 all over again, with high demand, small harvests and lots of newly printed money floating around.
Det er då eg spør meg sjølv : Lærte vi noko av 2007 i det heile ? Er vi så rike at vi ikkje er nøydde til å ta lærdom av historia eingong ?

Eg veit ikkje heilt kva eg skal kalle denne posten, men

eg las ei bokmelding inne hjå Avil her ein dag og ut frå det ho skriv om boka, Jern av Torgrim Eggen, vart eg litt nyfiken. Eg siterer litt frå meldinga:

-Eg forstår at forlaget, journalistane og kritikarane har lyst til å henge seg opp i kor edgy og oppdatert og spanande dette med internett og konspirasjonsteoriar og religion er.

-Eg vil berre få lov til å påpeike at boka er festleg litteratur.
Massiv research, leikande språkbruk, tydelege karakterar (først gjenkjennande tatt på kornet, og deretter viser det seg at det er dine eigne fordommar som blei tatt på kornet)

Jaudå, dette verka å vere ei bok eg kunne like å lese. Sjølv las eg for få år sidan mange Peak Oil bloggar og støytte på mykje rart. Frå det saklege og ekstremt kunnskapsrike til nokre som gjekk Johannes Openberring ein høg gang. Kanskje på grunn av alle eksentrisitetane vart ”Peak Oil arar” gjerne gjorde til lått og løye, men ein høyrer ikkje så mykje om det lenger. Det kan verke som om dei harde fakta som låg til grunn for «rørsla» stilletiande har blitt tekne opp i den kollektive bevisstheita (kan nokon hjelpe meg med eit godt nynorskord). I alle fall i høgare luftlag. Det er ikkje lenger mange som trur at oljen vil vare evig, sjølv om enkelte oppfører seg slik.

Så eg sat klar til å sende bestillinga til Haugen Bok. Eg hadde endåtil leita fram bankkortet. Men så hadde det seg at eg nettopp hadde henta avisa og ho låg oppslegen på ein tosiders artikkel om forskinga til Harriet Bjerrum Nielsen. Ho hadde fylgt utviklinga til ei skuleklasse frå dei byrja på skulen i 1992 til dei gjekk ut i 2002. og forskinga har resultert i boka ”Skoletid”. Utfrå det  eg las i artikkelen i Vårt Land ombestemte eg meg på flekken og bestilte ”Skoletid” i staden for ”Jern”. Eg jobbar med 16-19 åringar og er forviten på å vite meir om kven dei eigentleg er og kva ballast dei har, desse nye 16-åringane som dukkar opp, som frå ingenting, kvar august. Eg skal ikkje skryte av å ha lese heile boka allereie, men eg har funne eit avsnitt som for meg er verd heile boka. Eg siterer:

-Mennesker er ikkje som bølger, skyformasjoner og snøkrystaller. Mennskets utvikling skyldes ikke naturlover, men de sosiale og dermed foranderlige sammenhengene de deltar i, og de er selv med på å skape, fortolke og forhandle ”sin form”. Regelmessige mønstre kan oppstå fordi en gitt gruppe har noen livsbetingelser og kanskje deler av en historie felles. Men poenget om at variasjon er det som skaper mønsteret og ikke truer mønsteret, at mønstre av orden og uorden veksler avhengig av perspektivet, og at det regelmessige og det unike eksisterer som to sider av samme mynt, er et brukbart bilde også når det gjelder kompleksiteten i sosiale grupper.

Kan opprøraren vere både ideal og ein del av det etablerte? Samstundes ?

Eg fekk ikkje med meg innhaldet i 68-opprøret.  Skræmande  svart/kvitt bilete på TV-skjermen synte langhåra ungdommar som slåst med politiet i gatene og ramponerte butikkar. Og eg tykte det var heilt forferdeleg at folk kunne oppføre seg slik. I ettertid har eg sjølvsagt lært leksa mi: At opprøret var eit  naudsynt brot med antikvariske normer og stivna autoritetar, eit  opprør mot urett, krig og materialisme.

Men kva skjer når det såkalla opprøret vert det normale og opprørarane vert sjølve «det etablerte» ? Eg har tenkt litt på det i det siste og no sist helg las eg ein artikkel i Morgenbladet som fekk meg til å tenkje vidare.  Du finn artikkelen her:

Ut av SV-tåka

Mjølka renn i gatene

I går kunne vi sjå det på TV. Mjølka renn i gatene sør i Europa. Prisane har falle med 50% på nokre få månader, bøndene fortvilar og politikarane svarer med å auke kvotene. Om ein isolert sett skulle ta dette som eit symptom på noko, så skulle ein tru at vi lever i ei verd som er i ferd med å drukne i mjølk og honning og at allt prat om matvarekrise berre var svartsynte dommedagsprofetiar.  Ein kunne sjølvsagt ynskje at det var tilfelle, men der er faktisk ting som tyder på at mjølkeflaumen i Europa er eit villspor om ein er på jakt etter eit sant bilete av situasjonen vi er i.

Les meir i National Geographic