Kategoriarkiv: Alvorleg tala

Ingen grenser, eit freakshow ?

Forundra , det er det eg er.  Ingen  skulle tru at Berit Vegheim, dagleg leiar i Stopp Diskrimineringen og eg har sett same TV-programma.  Å lese  kronikken hennar i Aftenposten i dag  gav meg rett og slett bakoversveis og  innhaldet har invadert  tankane mine i heile dag. No må eg  prøve å setje ord  på dette for  å skape ørlite orden oppe i hovudet mitt.

Til liks med fleire hundre tusen nordmenn har eg sete klistra til TV-skjermen fleire  søndagskveldar på rad. Og så seier ho at det som har engasjert  og  gleda oss ikkje er anna enn eit godt gammaldags freakshow.

Det eg har sett har vore elleve ulike menneske som har sett seg eit utenkjeleg og urealistisk høgt mål; at alle  skulle vere med heile vegen frå Femunsdmarka og  fram til toppen av Snøhetta.  Vi fekk sjå deltakarane  støtte og oppmuntre kvarandre, eit unikt  samarbeide der dei utnytta alle tiigjengelege menneskelege ressursar. Vi fekk sjå eit lag som var i stand til å utrette mykje meir  enn summen av det deltakarane kunne utrette kvar for seg. Vi fekk oppleve gleda deira over  å lukkast.

At deltakarane hadde tydelege fysiske funksjonshemmingar, gjorde det berre tydelegare for oss kor store hindringar dei måtte overvinne. Eg kjenner at eg vert opprørt  når det vert hevda at eg har lete meg underhalde av eit freakshow, når det eg har sett er enkeltmenneske som har imponert meg stort og som eg på mange måtar ser opp til.

Vi har  alle våre hemmingar og svake sider, synlege og usynlege.  Det kan vere vanlege ting som endringsfrykt, tungsinn, dårleg  sjølvkjensle, katastrofefantasiar, tiltaksløyse, negativisme  og ansvarsfråskriving.  I samanlikning små hindringar, men store nok til at dei hindrar oss i å nå våre mål og  realisere draumane våre.

Når Vegheim hevdar at programkonsept som Ingen Grenser ikkje er laga for å fremje interessene til dei funksjonshemma, så er det mogleg ho har  rett i det. Men kva så ? Eg er ikkje i stand til å sjå  at det er gale at ei gruppe menneske som har til felles at dei slit med ulike fysiske funksjonshemmingar lærer oss alle at vi kan  meistre meir enn vi trur  og om kva opplevinga av å meistre gjer med oss.

Vegheim kan umogleg meine at folk med funksjnsnedsetjingar kun skal vere framme i media dersom det er ein del av likestillingskampen deira. Det vert mest som å seie at afroamerikanarar ikkje bør vere med i filmar som ikkje er eit innlegg i deira kamp for likestilling.

Til slutt vil eg nemne at den kommentaren eg har høyrt oftast etter desse programma er at vi jammen ikkje har mykje å klage over. Og  er det så gale om tusenvis av nordmenn syt mindre og er meir takksame ?

Fyll ut det som manglar

På siste side i Morgenbladet har dei ei spalte med overskrift «Morgenbladet for 70 år siden». Sist fredag var der i denne spalta sitert frå ein tale som vart halden i Colluseum kino i Oslo. Eg har kutta ut ein del ord frå dette sitatet. Du kan prøve å fylle ut det som manglar.

(NTB) – De store motsetninger i verden kan innerst inne føres tilbake til en avgjørende verdenskamp mellom det ___ ___ og vårt ___.
Skjebnespørsmålet er blitt: Skal det lykkes de vonde verdenskrefter ved hjelp av ___ og __ religion , ved hjelp av ___, ___ og ___, ___ og ved det nordiske folks egen forblindelse og ødelegge det ___ folk og de fundamentale nordiske prinsipper hvorpå hele vår civilisasjon hviler, for at det på ruinene kan bli opprettet det forjettede ___ verdensherredømme i form av ___ og ___ og en ny ___ .

Berre med å putte inn ulike ord, kan vi gje uttrykk for heilt ulike «ismer». Det skræmer meg litt.

Dette er faktisk alvoret mitt

Eg vil byrje med å sitere litt frå Norges idrettsforbund sine lover. Lover som ligg ute på Lovdata

§11-2. Straffebelagte handlinger/unnlatelser

Straff etter disse bestemmelser kan ilegges, dersom person eller organisasjonsledd:

g) nyter alkohol/rusmidler på bane/anlegg eller garderobe for spillere, ledere eller lag, eller serverer alkohol ved arrangementer i regi av NIF eller underordnede ledd der personer under 18 år deltar eller,
h) på annen måte opptrer slik at det klart kan skade idrettsarbeidet eller idrettens anseelse.

Så vil eg at du skal sjå litt på dette her:

NRK si dekning av Sparta sin sigersfest i garderoben

Så kan ein lure litt på kvar NRK og store deler av medianorge har hovudet sitt.

Og til slutt kan ein kanskje gjere seg opp ei meining om i kor stor grad dette hjelp på forståinga for at AP sitt landsmøte har vedteke å endre  så drastisk på fordelingsnøkkelen for tippemidla..

Sterke saker

gjerdet2

Gardermoen, fredag 17. juli

«Vi kan alle bli den vonde» lyser mot meg frå eit avisstativ. Det er fredagsutgåva til Morgenbladet som har eit intervju med psykologen Philip Zimbardo, han med Stanford-eksperimentet, som hovudoppslag.  Zimbardo har vore forsvaret sitt ekspertvitne i rettsaka mot Ivan «Chip» Frederick, den høgast rangerte av torturistane  frå Abu Graib-fengselet i Irak og i intervjuet fortel han oss om mekanismene  som gjer at vanlege menneske kan utføre slike umenneskelege handlingar.

Oświęcim, søndag 19.juli

«Arbeit macht frei», står det over porten.  Framfor meg ligg ein knapt 3 timars tur gjennom Auschwitz og Birkenau. Som så mange andre har eg lese side opp og side ned og sett timesvis med film og på TV om dette forferdelige som skjedde her for over 60 år sidan.  Eg trudde eg visste, men etterkvart går det tydelegare og tydelegare opp for meg: Heilt vanlege folk, som du og eg, opplevde dette. Og vanlege folk, som eg og du gjorde det mogleg.  Og heile tida står Zimbardo sine ord for meg:  Ti prosent av befolkningen vil opptre heltemodig i situasjoner som krever det. – Men hvis vi stiller 100 personer opp etter hverandre, vil vi ikke være i stand til å peke ut hvem som vil opptre som en helt. Regelen er at majoriteten tilpasser seg, blir delaktig og adlyder blindt.

Sterkt.

 

Lite ante vi..

raudoysvkv                                                                                          Eiksundsambandet går under sjøbotnen utanfor  neset her og under Yksnøya bak

..der vi dreiv rundt Raudøya søndagskvelden og mellom anna tok dette biletet, om at livet skulle syne seg frå si mest brutale, meiningslause og urettvise side nokre få hundre meter under oss om eit par små timar. Fem menneske fekk livsttråden brått avriven  og mange, mange fleire sit att i botnlaus sorg. Ord vert fattige og dei  kjappe svara og forklaringane vert i beste fall utan meining. Eg ville berre seie at tankane mine går til dei som sit att. 

Medan eg skriv dette, spelar dei Neil Young på radioen. Denne:

Light a candle

Instead of cursing the darkness
Light a candle for where we’re goin’
There’s something ahead worth looking for.
When the light of time is on us
We will see our moment come
and the living soul inside will carry on.

It’s a chance to give new meaning
to every move we make
Through the caverns in the caves
where we come from.

When the light of dawn is on us
We will see what we can be
and the ancient ones can sleep an easy sleep.
In the hallways of the ages
on the road to history
What we do now will always be with us

It’s a chance to give new meaning
to every move we make
In the caverns in the caves
where we come from.

Instead of cursing the darkness
Light a candle for where we’re goin’
There’s something ahead worth looking for.
When the light of time is on us
We will see our moment come
and the living soul inside will carry on.

Light a candle in the darkness
so others might see ahead
Light a candle in the darkness when you go.