Kategoriarkiv: Tøvet mitt

Og kveldens best kledde var :

Ingen raud løpar i mils omkrins og kor langt det er til næraste champagneglas kan eg ikkje uttale meg om. Likevel. Å vere godt kledd handlar vel i stor grad om vere kledd etter tilhøva og sjølv om enkelte kanskje skulle kome med innvendingar mot habiliteten min, kårar eg meg sjølv til kveldens best kledde. Eg har faktisk laga meg eit nytt motto denne sommaren; hell i uhell, Helly Hansen.

Den 8. dødssynda

Ja, ja. Død og død. Men at det å sette frå seg ei rive på denne måten kan resultere i naseblod, blåauge og raserianfall har eg førstehands kjennskap til. Og raseri, eller vrede (ira) som det heiter på fagterminologien, er i alle høve rekna som den 6. dødssynda.

Tungt først, artig etterpå

Det er kanhende pietisten i meg som slår gjennom, men eg tykkjer det gjev ein ekstra dimensjon til nedfarten når ein har slite seg opp for eigen maskin. Det skulle ikkje meir til enn 250 høgdemeter i 0,5 m pudder med alpinsko og kortski i sekken til for at nedfarten gjennom småskogen heimatt vart ei oppleving å ta med seg. Eg skal garantere at noko tilsvarande i eit alpinanlegg ikkje hadde resultert i noko innlegg på bloggen i alle høve.

Og ein ting til må eg få legge til: Korleis ein får på seg trange, stivfrosne klypesko i 1 m djupsnø er ei skandaløst underkommunisert problemstilling.

Tekniske nyvinningar

Teposar av plastnetting. Eg ser dykk for meg, de lovlydige kjeldesorterarar som med trugsmål om bot frå reinhaldsverket klipper opp teposane i plast og sorterer matavfall for seg restavfall (eller plast ?) for seg. Det er trass alt enklare med gamlesorten, men eg er ikkje heilt trygg på kva eg bør gjere med den vesle stiften som held tråden fast i papirposen.

To luftige hypotesar

vitskapBasert på denne, og mange liknande erfaringar, vil eg i dag kome med to påstandar:

  1. Om du tilfører meir enn du forbruker, vil det til slutt renne over.
  2. Om du forbruker meir enn du tilfører, vil det til slutt bli tomt.

Det er i grunnen ikkje vanskelegare enn det. Og det er vel det som er problemet.

Men no er eg, som de ser, i ferd med å utvikle eit vitskapeleg fundament for desse to påstandane etter denne oppskrifta (henta frå nynorsk Wikipedia):

Eit matematisk bevis er ein demonstrasjon som syner at ei matematisk utsegn er riktig. Eit bevis er ei logisk påvising, ikkje ei empirisk påvising. Altså må beviset syne at ein hypotese gjeld for alle tilfelle utan noko som helst unntak.

Som de ser av krava til bevis, vil dette arbeidet ta noko tid. Og i mellomtida kan alle trygt oppføre seg som om påstandane mine kun er luftige hypotesar.

På skinner

påskinner

«Tiltak ved avvik
Oppdatert 25.01.2010, 14:16 | Når det oppstår problemer på jernbanen iverksetter NSB ekstra tiltak for å få kundene fram. I hovedsak innebærer det buss eller taxi istedenfor tog. Det nye tiltaket innebærer at tog kan erstatte tog under gitte omstendigheter.»

Ja, ein kan alltids håpe. Men med 150 km til næraste trafikkerte jernbaneline, må eg nok belage meg på å vente ei stund.