Kategoriarkiv: Tøvet mitt

Av og til kjem det berre over meg

solarize2


Solarisasjon refererer til eit fysisk fenomen der eit material gjennomgår ei forbigåande endring av farge etter å ha blitt utsett for elektromagnetisk stråling med høg energi. Dette kan vere t.d. ultrafiolett lys eller røntgenstråling.

Med andre ord; ikkje ulikt det som skjer med oss nordbuarar på ein sydentur.

Eg har korkje  utsett kameraet mitt for sydensol eller røngenstrålar. Eg måtte berre trykke på ein knapp det stod «Solarize» på. Av og til berre må eg.

Det er her pengane ligg, fram i Vassenden

aamdalenEtter eit par dagar i rampelyset, eg hadde faktisk heile 50 besøk her inne på ein dag, 4 gonger meir enn normalt, har kvardagen innhenta meg. Eg er no nede på normalen og har forsona meg med at det nok er meir framtid i countrymusikk enn blogging. I alle høve økonomisk .

Vassendgutane ligg på inntektstoppen her i kommunen. På biletet ser du staden dei har namnet sitt ifrå: Heimste enden på Vatnevatnet.