Kategoriarkiv: Utfordring

Eg fekk ei utfordring. Den tok eg.

guteniroyken

I dag vart eg utfordra av forfattaren av bloggen «Mellom himmelen og havet» til å delta i Petunia sin sitatstafett.

Dette biletet tok eg i går kveld  og eg har leita etter eit passande sitat eller ordtak. Eg fann mange, men eg trur at eg vil nytte den biletteksten eg hadde tenkt å nytte i utgangspunktet og vonar eg ikkje vert arrestert.

-Om du vil vite kva det vil seie  «å vere bergteken», skal du studere eit barn som leikar med elden.

Eg skjønar at det er meininga at eg skal sende stafettpinnen vidare, men eg håper at det er i orden at eg ser det an litt.