
Beint fram den rake vegen
til du er blind og blå!
So heitte det ein gong
ein adelsmann skal gå.
Det trur eg no for min part
berre so måteleg på.
Det er det mest karslege,
det skal vera sant,
og høver store heltar,
men ikkje nett ein fant,
som ikkje trur at alt
er plent svore og bant.
Det nyttar ikkje å renna
mot berget, hard og bratt.
Då fær du gå ikring,
og prøva å finna att
den leidi du veik ifrå,
og segja til berget: Statt!
Eg vilde rida glasberg
i blindøygt ofsemod,
men datt nedatt som ein skinnfeld
med dei hine stod og lo.
So tok eg til å krabba
og ta det meir med ro.
Til tronge glipar kjem eg,
til svarte stygge stryk.
Då lyt eg ganga langs med,
og sjå at fuglen fyk.
For bøygjer ein seg ikkje,
so veit ein at ein ryk.
Eg vavrar rundt i ulende
og riv meg sårt til blods
og leitar meg attende,
og det gjeng trått til fots.
So ser eg atter médi,
og eg vert glad til mods.
OLAV H. HAUGE – Glør i oska. 1946
Siste kommentarer