Kategoriarkiv: Tankar på rek

37 millionar måltid om dagen vs sjølvforsyning på knapt 50%

Norsk sjømatindustri eksporterer 37 millionar måltid om dagen. Dette er eit imponerande tal og det er eit resultat av at sjømatnæringa er den nest største eksportnæringa i Noreg. I fjor eksporterte dei 2,7 milliardar kilo sjømat til ein verdi av nærare 70 milliardar kroner. Men, for min del er der eit lite men. Eller rettare sagt to.

For det første gjeld det måten dette talet har vore brukt på i mange samanhengar, til dømes no under dei siste jordbruksforhandlingane. Bøndene hevdar at ein høg sjølvforsyningsgrad av jordbruksvarer produsert på grunnlag av norske ressursar er viktig med omsyn på mattryggleiken. Samstundes vert «37 millionar måltid pr. dag», dette svimlande talet, nytta for å svekke (og til dels latterleggjere) bøndene sine argument. Det vert hevda at det bidraget norsk jordbruk gjev for å fø verda er forsvinnande lite, samanlikna med sjømatnæringa sitt.

For det andre, korleis kjem ein fram til dette talet: 37 millionar måltid om dagen? Ein kunne kanskje tenke seg at det låg kompliserte analysar og reknestykke bak, men svaret er latterleg enkelt. Ein tek berre bruttovekta av all årleg eksport av sjømat, deler det opp i bitar på 200 gram og fordeler desse bitane ut over 365 dagar. Så endar ein opp med 37 millionar bitar om dagen. Kva bitane inneheld og om alt er folkemat, vert det ikkje sagt noko om.

Så kan ein spørje seg: kor mange menneske kan norsk sjømateksport fø? Det er sjølvsagt ikkje enkelt å rekne ut dette nøyaktig, men legg ein seg på same presisjonsnivået som er nytta for å kome fram til sjølvaste honnørtalet, er det ikkje så vanskeleg.

Om ein er litt raus, kan ein gå ut frå at gjennomsnittleg energiinnhald i den eksporterte sjømaten er 1500 kcal/kg. Så kan ein gå ut frå at kaloribehovet til eit menneske er 1800 kcal om dagen. Då vil ein ende opp med at 37 millionar bitar a 200g inneheld dagsbehovet med energi til vel 6 millionar menneske.

Om lag 1 milliard kilo, vel 1/3 av eksporten er laks og aure. Ein stadig større del av menyen til oppdrettsfisken er vegetabilsk føde, om lag 70% i fylgje laksenæringa sjølv. Mykje av dette er importert soya og rapsolje.

Summerer ein opp alt dette, kjem ein fram til at norsk sjømateksport netto forsyner verda med mat som stettar energibehovet til om lag 5 millionar menneske.

Held ein så 40-50% sjølvforsyning av 5 millionar innbyggarar, som er bøndene sitt tal, opp mot 37 millionar måltid om dagen, som er sjømatnæringa sitt tal, kan ein få inntrykk av at bøndene sitt bidrag er eit musepiss i havet. Men nyttar ein samanliknbare storleikar og inkluderer den delen av sjømatnæringa sin produksjon som går til innanlands forbruk, om lag 1/6, ser ein at sjømatnæringa haustar og produserer vel dobbelt så mykje mat som bøndene.

Spørsmålet er berre kva ein ynskjer å kommunisere.

Livslygna mi vs. Gaasland og Listhaug

I Noreg har vi forskarar som forskar på lønsemda og effektiviteten i norsk landbruk. Ivar Gaasland ved universitetet i Bergen er kanskje den mest profilerte av dei for tida. Han sit mellom anna i det regjeringsoppnemnde utvalet som skal vurdere marknadsreguleringane i landbruket. I 2010 disputerte han til doktorgrad og i avhandlinga si kjem han fram til at å bruke pengar på landbruk, det er noko av det mest bortkasta ein nasjon kan gjere. Ikkje rart at mannen er omfamna av Frp og vart invitert som føredragshaldar på Frp sitt landbruksseminar i 2012. (Føredraget hans finn du lett på Youtube).

Gaasland leverte varene. Ingen tvil om det. Landbruket får absurd mykje pengar i høve til det vi får att. Norske forbrukarar, folk flest, får ingenting att for å betale bøndene astronomiske tilskot. Klart at dette er mat for Mons.

Men midt i alt dette som er så deprimerande for ein som insisterer på å få leve på ein lygn (eg er trass alt berre eit gjennomsnittsmenneske), beit eg meg merke i ein ting. Han seier nemleg at i den grad ein likevel vel å støtte landbruket, så skal pengane brukast på «områder der det eksisterer markedssvikt», som økonomen kallar det. Det vil seie fellesgode som matvaretryggleik, kulturlandskap og biologisk mangfald. Sjølve produksjonen av mat er ikkje støtteverdig.

Her må nokon ha sove i timen, for eg kan ikkje skjøne anna enn at det er akkurat det stikk motsette Listhaug prøvde seg på, med auka støtte til produksjon. FrP-politikararar har lært seg å seie at bønder er sjølvstendig næringsdrivande og ideologien deira seier at varer som kan produserast, stykkast opp og seljast, ikkje skal støttast, subsidierast eller møte handelshindringar. Det heile vert med andre ord svært forvirrande og inkonsekvent.

Eg ser at FrP no, etter at KrF og V no har fått pynta litt på greinaløysa, framleis ser på avtalen som ein siger, eit steg i rett retning. Men det er ikkje eit steg i rett retnig. Det er to. Begge går i feil retning, men ikkje same vegen.
+

Blogg er ute. Fint der

DSC_0661-2

I 2007 la eg ut mitt første blogginnlegg. Det var den gongen då, trudde eg i alle fall, at det skulle vere eit teikn på at eg fylgde litt med i tida.

No, 7 år etter har eg framleis bloggen oppe. Eg oppdaterer ikkje så ofte lenger og ikkje meiner eg så mykje heller. Men eg betaler for webhotellet kvart år og ser gjennom spamkommentarane (294 sist veke) før eg slettar dei. Det har hendt ein gong at eg har funne ein «skikkeleg» kommnentar klemt inn mellom kyrilliske teikn, reklame for eskortedamer og tvilsam farmasi. Akkurat den dagen var det som å finne gull. Merkeleg i grunnen, når ein tenkjen på korleis facebook og andre sosiale media har gjordt oss til feedbackjunkiar heile gjengen.

Det er likevel noko eige med det; når nokon vitjar deg på bloggen din, har dei faktisk gjordt noko aktivt for å besøke nettopp deg. Og når dei så gjev uttrykk for at dei har likt seg , er det litt som om ein ven takkar for laget i gangdøra og «det har vore ein fin kveld»

Umerkande har bloggen blitt eit av dei mange motstraumsprosjekta mine. Eg har tenkt litt over akkurat det og kome fram til at det kanskje ikkje er så dumt. Når ein arbeider motstrauums, har ein styrefart sjølv om ein ikkje flyttar seg så fort. Om ein arbeider medstraums, må ein ha mykje større fart for å kunne styre og då vert smellen om du likevel skulle treffe ein stein så mykje hardare.

Stjernesalen

Stjernesalen – eit ord som får deg til å tenkje på salane i Louvre og Vinterpalasset. Men Haugsholmen i Sande har og sin Stjernesal. Eit lite loftsrom med korte køyesenger langs veggene og der lyset kun slepp inn gjennom to små takvindauge. Her overnatta fiskarar i farne tider. Her kunne dei ligge og høyre på uveret rase og anke på vegn og dei heime. Men når vinden dreia på nord og reiv hol i skyene, kunne dei kike opp på stjernene som er dei same for alle. Enten du ligg i ei råkald køyeseng på Haugsholmen eller i ei silkeseng i Louvre.

Etter soleglad. Og før.

Det har vore tid for minneord. Gode ord. Gripande ord. Eg har ofte kjempa med tårene. Noko forferdeleg og meiningslaust har skjedd. Men no, no er det slik det skal vere.

No sit eg her og undrar meg.Eg har ei formeining om at dei eigenskapane hjå eit menneske som vert framheva i eit minneord, er dei eigenskapane som betyr mest for oss. Eigentleg. Er vi då flinke nok til å verdsetje dei same eigenskapane hjå kvarandre i kvardagen ? Og er det samsvar med dei ideala media formidlar og det som eigentleg betyr noko for oss når livet verkeleg dreg seg til ?

Vegen heim

Kortaste vegen mellom meg og Oslo går over Sognefjellet via Fjærland -og Utstranda. Vi køyrde sørover søndag 18. juli. Frå Flå og sørover i eit uhorveleg regnver. Eg registrerte knapt at vi køyrde langs Tyrifjorden.

Torsdag 28. køyrde vi over Sollidhøgda i strålande solskin på veg heim. Vi visste alle kva som venta nokre kilometer lenger framme, men ikkje at Holsfjorden skulle ligge sveipt i lav morgonskodde. Ved Utstranda køyrde vi langs politisperringane og forbi eit blomehav. I vegkanten stod vaksne og born med bøygde nakkar, vende mot Utøya som låg der ein stad ute i skodda.

Akkurat i det vi passerte stakk sola gjennom det tynne skoddelaget og i bakspegelen kunne eg sjå Utøya stige fram or disen og brått ligge bada i sol. Det var då det slo meg; vegen heim vil for alltid gå via Utøya. Og om vegen ein gong i framtida skulle verte lagt om, vil ikkje det forandre saka det minste.

Sjølvoppfyllande

Eg ynskjer at det ikkje er slik det er. Og eg trur det ikkje heller. At vi alle inst inne er reinhekla egoistar, at tilveret er ein alle sin kamp mot alle og at samfunnsordingar og relasjonar kun er kompromiss vi inngår med omverda for å verne oss mot å verte klubba ned om vi ein augneblink skulle gløyme å kike oss over skuldra.

Problemet er berre at det er slik det vert. For den som trur det.

What worries you, masters you
-John Locke

Men det var eigentleg ganske fint, når eg tenkjer etter

Kva skal ein så skrive til eit slikt bilete ? For akkurat no tenkjer eg, merkeleg nok, mest på den parlamentariske leiaren i Arbeiderpartiet, Helga Pedersen. Eller rettare sagt, noko ho sa i januar ein gong, noko om at auka matproduksjon ikkje var ei prioritert oppgåve i norsk landbrukspolitikk. » Å produsere mat til en voksende befolkning kan ikke være den mest tungtveiende årsaken til at vi har det norske landbruket», sa ho.

I går las eg på FAO si heimeside  at verdsmarknadsprisane på matvarer er ferd med å gå gjennom taket, rett og slett på grunn av mindre tilbod enn etterspurnad.

Så no sit eg her og prøver å få dette til å gå ihop.