Kategoriarkiv: Tankar på rek

I wear the black

I wear the black for the poor and the beaten down,
Livin’ in the hopeless, hungry side of town,
I wear it for the prisoner who has long paid for his crime,
But is there because he’s a victim of the times.

Ah, I’d love to wear a rainbow every day,
And tell the world that everything’s OK,
But I’ll try to carry off a little darkness on my back,
‘Till things are brighter, I’m the Man In Black.

-Johnny Cash
Ja, slik sett finst det millionar av grunnar til at museet burde gå i svart. Og om det verkeleg var slik at det vart lysare andre stader om eg sløkte lyset, ville det nok vere gale av meg å late vere.

Men eg er viss på at termodynamikken si første lov ikkje har overføringsverdi til slett alt mellom himmel og jord.

Termodynamikkens 1. lov

Energimengden i universet eller i et isolert system er konstant. Energi kan aldri oppstå og aldri tilintetgjøres, men kan kun gå over i andre former.

Verda mi

Lenke til større versjon: verda

Det er ugreie i sysakene våre får vi høyre. Mest kvar bidige dag vert vi presenterte for fenomen og hendingar som kan takast til inntekt for dette synet. Det kan vere flaum, tørke, stormar, ekstreme temperaturar, fuglar som dett ned frå himmelen og humler og bier som forsvinn sporlaust. Ein kan velje å tru at alt dette ikkje er noiko nytt, at det kun skuldast at vi no til dags får alt elendet i heile verda rett inn i stovene våre. Eller ein kan kapitulere og innsjå at verda som vi kjenner ho er i ferd med å endre seg. Så kan ein diskutere til ein vert blå om dette skuldast naturlege svingingar eller om det er menneskeskapt.

Det offisielle synet til dei som regjerer landet vårt for tida er at endringane skjer, at dei for ein stor del er menneskeskapte og at vi kan bremse dei ved å strupe uttak av depepotressursar som gass olje og kol og/eller lagre forbrenningprodukta under Nordsjøen og liknande stader.

Når det gjeld dei som sit med ambisjonar om å overta styringa her i landet etter neste val, er synet på saka meir variert, men i den leiren er det nok større oppslutnad om synet som går på at i den grad endringar skjer, så skuldast det naturlege svingingar vi ikkje kan påverke.

Men uansett syn på dette, er det ein viktig ting som sjeldan vert omsnakka og det er at lageret med depotressursar ikkje har påfyllingsrør. Gjort er gjort og spist er spist. Vi får stadig små hint om  at lagerbehaldinga av viktige ressursar er i ferd med å minke merkbart. Vi er vane med å kunne styre tilgangen med å opne eller strupe ventilen. Men når tanken er tom, hjelp det ikkje å opne ventilen om han har aldri så stor kapasitet. Eg tykkjer vi burde halde oss med politikarar som også torer å ta omsyn til denne problemstillinga.  Problemet er at det å flagge eit slikt syn er jamgodt med politisk sjølvmord.

Ikkje mykje å skryte av, kanskje

Skogen er full av dei, tre som står nedbøygde med toppen fastfrosen langt nede i snøen. Dei fleste av dei vil rette seg opp att når snøen smeltar, andre vil få varige mein. Nabotrea, som står der rake i ryggen, har kanskje ikkje anna å skryte av enn at ein tilfeldig skiløpar, i ein kritisk augneblink, kakka snøen av det med skistaven sin i det han gjekk forbi.

Berre ein gråor

Han står lagleg til for hogg. Neste gong eg går forbi kan han vere borte og eg veit at eg vil sakne han litt då. Uryddig, prega av storm, snøtyngd og råte og slett ikkje verneverdig på nokon måte. Men eg likar dette treet som står der slik for seg sjølv ute på ei attlege, overlete til ein grunneigar som når som helst kan bestemme seg for å kvesse saga si og gå ut og få jobben gjort på ein augneblink. Det er berre slik det er, slik det berre må vere. Men eg vil nok sjå det som eit lite tap den dagen han fer.

Kanskje ikkje berre om bilete og småskruar

Dette var ein del av eit gløymt og litt mislykka bilete som eg vurderte å slette saman med ein heil del anna rot. Men så såg eg tilfeldigvis at der var litt å hente likevel.

Men. Målet mitt denne kvelden var å rydde og få oversikt over bileta mine. Då bør ein ikkje ta seg tid til slikt. Om målet er effektivitet og orden burde ein ikkje ta seg tid til å dille med enkelttilfelle i det heile. Etterkvart gjekk det opp for meg at draumen om det straumlineforma, effektive systemet truleg vil halde fram med å vere ei draum.

Det vil alltid vere noko som fell utanfor systemet og eg er overtydd om at eg i lengda vil tape på å ofre dette for «ordnung must sein». Det er i alle høve det eg seier til kona mi når ho ber meg om å kvitte meg meg med kassen med 20 kg usorterte småskruar eg har ståande i garasjen.

2007

Hugsar du 2007 ? Det var året då Gerd-Liv Valla måtte gå av som LO-leiar, Ban Ki-Moon vart generalsekretær i FN, Odd-Bjørn Hjelmeseth vart verdsmeister på 5-mila og Microsoft lanserte Vista på privatmarknaden. Men hugsar du at i det året var prisen på kveite og mais , mattryggleik og matvareproduksjon førstesidestoff ? Dei siste par åra har det vore stilt. Vi er attende til det normale. Trur vi. Vonar vi. Om vi bryr oss i det heile.
I flaumen av informasjon om det framlagde statsbudsjettet har eg ikkje høyrt eitt ord om landbruk og matproduksjon. I Sverige avviklar dei landbruksdepartementet. Og vi klagar som vanleg over den dyre maten i Norge.
No kan eg lese på e-feedlink.com (ein kinesisk agribusiness-nettstad som presenterer seg slik: News and information that keep you up-to-date on the market and industry developments. Also, receive the latest price information and analyses of key feed commodities, feed additives and livestock products.) It feels like 2007 all over again, with high demand, small harvests and lots of newly printed money floating around.
Det er då eg spør meg sjølv : Lærte vi noko av 2007 i det heile ? Er vi så rike at vi ikkje er nøydde til å ta lærdom av historia eingong ?

Ved rundingsbøya i svartestilla

Segling er ikkje noko eg driv mykje med, men eg set stor pris på dei seglasane eg får med meg. Det er mykje ved seglinga som fascinerer meg. Skal du vinne, må du både vere dyktig og ha flaks. Du kan gjere korrekte vegval utifrå dei opplysningane som ligg føre. Men kor lure dei var, det ser du først i ettertid. Resultatlista fortel kun kven som kom først og sist i mål. Segling har mykje til felles med det å leve. Tenkjer eg.

Risikoanalyse

En risikoanalyse utføres for å avdekke risikoen knyttet til et tiltak, en aktivitet, et system eller en situasjon. Hensikten med analysen er å fremskaffe underlag for beslutninger. På bakgrunn av analysen kan man da gjøre en risikoevaluering og velge å la være å gjøre aktiviteten, eller iverksette risikoreduserende tiltak som gjør at aktiviteten likevel kan gjennomføres. Risikoanalyse og risikoevaluering er en del av risikovurdering, som igjen er en del av risikostyring.

Risikoanalysen gjennomføres grovt sett ved å svare på tre grunnleggende spørsmål:

1. Hva kan gå galt?
2. Hva er sannsynligheten for at de uønskede hendelsen inntreffer?
3. Hvilke konsekvenser kan de uønskede hendelsene medføre?

Når vi snakker om risiko, dreier det seg alltid om hva som kan skje i framtida, noe som er forbundet med usikkerhet. I følge standarden NS 5814 «Krav til risikovurderinger», defineres risiko som  «uttrykk for kombinasjonen av sannynligheten for og konsekvensen av en uønsket hendelse»

-Wikipedia

Men Wikipedia seier ingenting om risikoen ved å redusere alle ting, til dømes ein tur til Preikestolen, til objekt for risikoanalyse.


Jakta på nullvisjonen

Eg kjøpte ny kompostkvern i går. Ho var enkel å montere  og eg var mest ferdig då eg fann dei 4 skruane som skulle nyttast til å feste innføringstrakta. Som de kanskje ser av biletet, var ikkje dette vanlega skruar, Ikkje var det stjerneskruar, ikkje var det umbraco og ikkje var det torx. Eg byrja å leite etter medsendt verkty i emballasjen, men fann ingen ting.

Lunta hadde eg allereie lukta og då eg las siste avsnittet i monteringsvegleiinga, kom stadfestinga. Trakten kan bare monteres hos en forhandler med spesialverktøy, stod det.

Eg må medgje at eii slik kvern er skumle saker. Ho er trass alt konstruert for å male 3-4 cm tjukke greiner til fliser og det skal ikkje mykje katastrofefantasi til for å tenkje seg kva ho kan gjere med ei uforsiktig hand, så eg har full forståing for at ein må legge vekt på å lage slikt utstyr så trygt som råd. Også at produsenten gjer det vanskeleg for oss å fjerne verneutsyr for å gjere arbeidet litt meir lettvint.

Dei nye reglane for kompostkverner har visst kome i stand på bakgrunn av ei tragisk ulukke i Nederlend for eit par år sidan. Det var ei stund aktuellt å forby slike kverner i heile EU og EØS, men desse brysomme skruane er er eit resultat av eit kompromiss som gjer at vi framleis kan male opp hageavfallet vårt på ein enkel måte.

Men der er eit men. For kvar slik sak eg støyter på, får eg ei sterkare kjensle av at vi er på avvegar. At vi er i ferd med å dimensjonere store deler av omgjevnadene våre til «worst case»-scenarioet.  At nullvisjonen er i ferd med å ta strupetak på oss. Dette skjer samstundes som at  stadig fleire driv med ekstremsport og andre halsbrekkande aktivitetar. Som vi andre likar å fylgje med på frå TV-stolen.