Kategoriarkiv: kvitring

Det vert sagt at i framtida må ein av tre utdanne seg til ein jobb i helsevesenet. Då tykkjer ikkje eg det verkar så urimeleg om ein av hundre kunne leve av å produsere maten vår.

Kor mange gonger i løpet av ein time må ein knyte skosnorene sine før ein har rett til å gje snorene skulda ? Jaudå, eg kan alltids slå ein dobbelknute, men eg meiner; vi lever i verdas rikaste land i 2010 og vi kan fjernstyre bilar på Mars. Det må då kunne gå an å lage skosnorer som fungerer.