Kategoriarkiv: Det berre slo meg

Truleg ikkje i samsvar med eit einaste EU-direktiv

Denne gråoren er truleg ikkje i samsvar med sine eigne gener eingong. Ein sann anarkist, eller eit offer for ver, vind, trasige mikroorganismer og uheldig kjemi ? Jammen ikkje godt å seie.

«Levd liv», er ord ein nyttar når ein vil romantisere over slike vanlagnader. Eg har eit litt ambivalent tilhøve til dette omgrepet. Av og til ser eg meg sjølv trygt plassert på tribunene på Colluseum, medan desse som «lever liva sine» kjempar som gladiatorar på arenaen. Oppgåva deira er å stette mitt behov for drama og tragedie i ein trygg kvardag.

Den 8. dødssynda

Ja, ja. Død og død. Men at det å sette frå seg ei rive på denne måten kan resultere i naseblod, blåauge og raserianfall har eg førstehands kjennskap til. Og raseri, eller vrede (ira) som det heiter på fagterminologien, er i alle høve rekna som den 6. dødssynda.