Kategoriarkiv: Halvkvedne viser

«Riv ned gjerdene» song dei på 70-talet

Greitt nok det. Det var, og er framleis, mange gjerder som burde rivast. Men den amerikanske lyrikaren Robert Frost sa også eit par ting om gjerder. Mellom anna at «før du riv eit gjerde, skal du vere heilt viss på kvifor det står der».

Eitt er i alle fall sikkert: Om eg riv ned hagegjerdet, så har blada på lindetrea mine sprunge ut for siste gong. Lindebork er snop for sauer.

Nei, ikkje noko nytt bilete i dag heller

Eg hadde nemleg bestemt meg for  å slutte med denne knipsinga i vilden sky.  PC´en min er full av bilete som av ulike årsaker ikkje er brukande til nokon ting og arbeidet med å skilje skit og kanel har fått uante proporsjonar. Å kjøpe seg større harddisk er sjølvsagt ei løysing,  men det vert som å kjøpe seg større teppe når du ikkje greier å feie meir under det gamle. Her skulle det med andre ord kun satsast på det som garantert hadde potensiale til å verte presentabelt.

Og her ser du resultatet.

Men ein kan sjølvsagt ikkje sjå bort frå at manglande bilete og kreativitet også kan skuldast at det er litt vanskeleg å samle tankane om slike trivielle ting for tida. Men i dag er VM i skiskyting over.