Kategoriarkiv: Som om ikkje jorda alltid har vore rund


Livsløpsbustad ?
Tenk deg at du bur i ein skyskrapar. Kjøkenet ditt har du i toppetasjen, kjøleromet i kjellaren, soveromet 20. etasje, badet i 5. og stova i 30. Galskap, men det går kanskje så lenge du har ein lynrask heis som aldri er i ustand.
Vi er i ferd med å innreie verda like håplaust som skyskraparen ovanfor. Det er det som vert kalla globalisering. Problemet vårt er at heisen med tida vil gå tregare og tregare og straumrekninga vil verte større og større. Det er på høg tid å tenke livsløpsbustad medan vi har handlingsrom. Men det vil vel kome på kollisjonskurs med marknadslover og handelsreglar er eg redd.

Globaliseringa og 1812

Napoleon i dei aude gatene i Moskva hausten 1812. Eg såg det på fjernsyn for svært mange år sidan. Så lenge sidan at sendinga gjekk i svart-kvitt. Det er i allefall lagra i svart-kvitt. Kvifor scena har brent seg så godt fast veit eg ikkje. Men ho dukkar ofte fram i minnet når ordet globalisering vert nemnt.

Som dei fleste kjenner til, hadde Napoleon sitt felttog i Russland eit katastrofalt utfall for franskmennene og vil vel for alltid stå som eit symbol på stormannsgalskap og manglande berekraft.