Kategoriarkiv: Sidan du spør

Nokon set visst pris på bloggen min

Eg har fått ei slik » I love your blog» utmerking frå Elisabeth på lenkelista mi. Det set eg stor pris på.

No er det slik her i verda at ingen ting er gratis. Ikkje denne gongen heller.  Ein av førsetnadene for å ta i mot «prisen» er å svare på 10 spørsmål.  «Som du ropar i skogen får du svar» , heiter det i eit gamalt ordtak. Svara mine på desse spørsmåla skulle vere prov på at det framleis er hald i desse gamle visdomsorda.

Eg set i gang

1.Kvifor starta du å blogge? I byrjinga, for 5 år sidan, var det ingen som visste om bloggen min i det heile, så det var berre ein  fin måte å sortere tankane mine på.  Eg kipte meg fyrste gongen det dukka opp ein kommentar på ein post  og det gjekk opp for meg at det fanst folk som las det eg skreiv. Elles så kan ein kanskje  finne  noko av motivasjonen min ved å lese ein av postane mine frå den første tida.

2.  Kva bloggar fyl du ? Eg sjekkar lenkelista mi, sjølv om oppdateringfrekvensen der er fallande på dei fleste for tida.  Eg heng meg ofte på kommentarar.  Elles så er det svært tilfeldig. Der er så mykje fint å finne der ute.

3. Favorittmakeupmerke? X-factor

4. Favorittklesmerke? Felleskjøpet. Nei , det er turkleda mine eg har sterkast forhold til. Eg har ei Lowe Alpine hue. Mister eg den, kjøper eg ny på dagen

5. Ditt må-ha make-up-produkt? Dei fleste hadde vel blitt temmeleg overraska om eg hadde eit sakleg svar på dette spørsmålet

6. Favorittfarge? Lys rosa metallic. Dette var fargen på hendelen på ein hydraulikkventil  på den gamle Farmallen til morfaren min.  Kvar gong eg ser den fargen, kjenner eg lukta av sandjord, tare og Nordsjøen, eg høyrer tåkeluren på Feistein fyr og båra som slår innover Vigdelstranda og eg kjenner neven over kinnet, den som kjendest ut som sandpapir nr. 40. Det visste  morfar godt. Det var lett å sjå.

7. Parfyme?
Parfyme er velduftende væske som brukes til å gi menneskekroppen, objekter, og oppholdssteder en behagelig lukt. Det er en blanding av eteriske oljer og aromastoffer, fiksativer og løsemidler. Oppskriften på kommersielle parfymer holdes hemmelig. Frå Wikipedia


8. Favorittfilm? Dette vert ein kamp mellom Cohen-brørne, Clint Eastwood og Morgan Freeman. Men når kampen har stilna, er det Clint Eastwood som kjem stigande or støvskya med Gran Torino under armen.

9. Kva for eit  land vil du besøke og kvifor?
Nokon globetrotter har eg aldri vore og vert det nok aldri, men eg er utruleg fascinert av naturen på Island og  i Alaska, som eg kun har sett på bilete og film.

10. Still og besvar det siste spørsmålet sjølv:
Du skal ta med deg ein person du ikkje kjenner på fjelltur. Kvar vil du gå og kven vil du be med deg ?  Då ville eg be med meg Arve Henriksen på ein nattleg tur opp  Skorgeura, gjennom Skorgedalen og over fjella heimover. Så skulle vi sitje på Vardehornet i soloppgangen og spele trompet saman mot Sunnmørsalpane.

Så stod det vanskelegaste att. Nemleg å velge ut 10 bloggar å sende prisen vidare til.  Eg trur eg vel å gje han vidare til alle dei bloggane eg las for 5 år sidan, bloggar som no er borte og bloggar som av ulike årsaker går på sparebluss. Eg vil takke  menneska bak desse bloggane  om de skulle lese dette.