Kategoriarkiv: Matblogging

Matblogging, faktisk: Slik lagar du karamelliserte pinnebrød.

Du lagar ein vanleg sconesdeig og legg han i ein isboks. Så legg du boksen i ryggsekken saman med kanel og sukker. Deretter tek du sekken på ryggen og legg i veg mot ein stad der det er trygt å gjere opp bål (hugs forbodet mellom 15. april og 15. september) Med god fyr på bålet, fyller du vatn på kaffikjelen, heng han over flammene og kokar opp vatnet. Når vatnet kokar, tek du kjelen ut av flammene og fyller  på kaffi. Hell sakte, og når det byrjar å lage seg ein pyramide med kaffi oppå vatnet, kan du halde opp.  Då er er det gode sjansar for at du er i ferd med å lage drikkande kaffi. Kaffikjelen kan no setjast til side. Det er lurt å setje han på ein lun plass. Det skal ikkje mykje vind til for at kaffien vert for kald før maten er klar.

No har truleg bålet brunne så mykje ned at det er brukande til spidding av pølser og steiking av pinnebrød. Medan vatnet har kokt opp har du sjølvsagt vore føresjåande nok til å lage spiddepinnar. (Dersom du ikkje av ein eller annan grunn skulle setje pris på den bitre smaken av cyanid, er det lurt å halde deg unna hegg, og nokre frukttre)

Du tek ein liten klatt med deig , klemmer han avlang og festar enden på  pinnen. Så snurrar du pinnen mellom fingrane samstundes som du kontrollerer at deigen legg seg på pinnen  i ein jamn, tynn spiral.  Når du har snurra på heile deigklumpen din, kan du strø på kanel og sukker og glatte brødet litt slik at det vert så jamntjukt som råd. Deretter er det berre å steike brødet over glørne på same måte som du spiddar pølser.

Dersom du er heldig, er brødet gjennomsteikt når det ser ut som på biletet og om du har lagt deigen tynt nok på pinnen og sørga for god varme, er også  kaffien framleis varm nok.

Du kan også nytte deigen til å lage innbakte pølser, men då må du heimom ein tur og lage potetsalat først, så det kan vi ta ein annan gong.