Kategoriarkiv: Godt å få sagt det. Angrar nok.

Ein ting eg har lurt litt på..

det er om Finn Kalvik eigentleg veit kva slags øy han  lovprisar  når han syng «Sommerøya» med tekst av Inger Hagerup.

Men vet du hva det beste er?
Jo, hele øya er full av
svarte,
søte,
store,
bjørnebær!

«Ingen lekser»; heilt greitt. «Ingen klær»; ikkje fullt så greitt. Og det seier eg ikkje som den pietisten eg er, men av reint praktiske omsyn. «Ingen roser uten torner» er eit ordtak som i høgste grad gjeld bjørnebær. Når ein også tek omsyn til at bjørnebærplanten er mellom dei raskast veksande staudene vi har og ikkje minst at bjørnebæra stort sett vert modne etter at skuleferien er over, ser eg ikkje føre meg at det akkurat er eit himmelrike som vert omtala. Snarare tvert i mot.

Kvifor eg er så grinete i dag ? Det må vere veret (sjølv om eg ute på internett ein stad har lagt att ein kommnetar som går på at veret er ein bagatell som ein ikkje må late vere til hinder for å nyte dagane)