Kategoriarkiv: Reisebrev

Skyskrap

Ved hamna i Pireus ligg Piraeus Tower, 22 etasjar og over 80 m høgt. Frå Akropolis, 6-7 km unna i luftline, ser bygningen imponerande ut. Men på nært hald er det stusselege saker. Tårnet er dekt av falma reklamebanner og innsurra med stålnetting for å hindre at fasadeplatene som losnar og fell ned skal gjere skade.

I fjor var det utlyst ein stor arkitektkonkurranse der oppgåva var å teikne ny fasade. Vi får vone det kjem noko konkret ut av denne. Gamle, falleferdige bygardar kan ofte med litt godvilje og solskin kallast pittoreske. Nedsarva skyskraparar vert aldri anna enn triste -og overtydelege utslag av dårlege tider.