Kategoriarkiv: Energisk

Ventar på billegare mat

Bilete: George Osodi/Associated Press

I Vårt Land kunne eg i førre veke lese at verda sine fattigaste no ser fram til billegare mat på grunn av fallande oljeprisar.
Det hadde vore berre bra om dei som slit for å skaffe seg det daglege brødet skulle få meir for pengane sine. Det som uroar meg er den nære koplinga mellom oljepris og matprisar som denne situasjonen så tydeleg dokumenterer.
Med utsiktene til framtidig oljeproduksjon i bakhovudet, var illustrasjonsfotoet som VL nytta til artikkelen svært tankevekkande. Biletet syner barn som leikar på eit nedstengt og forlete oljeanlegg i Nigeria. Om det er billegare mat borna ventar på, er det gode grunnar til å tru at dei ventar fånyttes dersom vi ikkje lukkast i å kople matforsyninga frå tilgang på billeg olje. Vi har med andre ord ei kjempeutfordring her. Kven tek henne ? WTO ?

Kva overskrift ville du velje ?

Eksempel på 15 år gamal bil

I nettutgåva til Dagens Næringsliv i dag slår fylgjande overskrift mot deg.:

– Enorme mengder olje og gass

Det syner seg at at amerikanske geologar har vurdert oljeforekomstane i nordområda og U.S. Geological Survey (USGS) reknar med at det kan utvinnast 90 milliarder fat olje i nordområda, i tillegg til enorme mengder naturgass og flytande naturgass.. I artikkelen kjem det vidare fram at dette representerer omlag 22% av verda sine uoppdaga, men teknisk utvinnbare ressursar.
OK, dette er verkeleg emorme mengder olje og gass, men lat oss sjå litt nærare på tala:
Dersom det stemmer at 90 milliardar fat representerer 22% av totalen, vil enkel prosentrekning vere alt som skal til for å underbygge fylgjande overskrift:

-Uoppdagede oljeressurser representerere mindre enn 15 års forbruk.

15 år er også omlag gjennomsnittleg levetid til ein personbil her i landet.

Artikkelen i DN finn du her: klikk

Eit velmeint råd til Liv Signe

Liv Signe Navarsete har vore ute og reist siste dagane. Ho har vore i Leipzig på det første møtet i International Transport Forum, ei vidareføring av European Conference of Ministers of Transport. Meir enn 50 transportministrar frå OECD-landa, i tillegg til India, Kina og Brasil, tok del.

Samferdselsministeren vår sat i hovudpanelet som vart leia av den nederlandske transportministeren Camiel Eurlings. Panelet hadde i tillegg representantar frå olje- og energisektoren, luftfarten og bilindustrien.

På Senterpartiet si heimeside finn vi desse Navarsete-sitata frå møtet:

  • – Det er viktig at vi politikarar set tydelege mål og arbeider saman med industrien og forskingsmiljøa slik at vi saman kan redusere utsleppa av klimagassar. Eg trur det er viktig å bruke både pisk og gulrot. Vi må vise politisk leiarskap og gjennomføre tiltak som vil gje resultat både på kort og på lang sikt.
  • – Transportsektoren står for 23 prosent av dei globale klimautsleppa. Konklusjonane frå det internasjonale transportforumet vil difor bli ein viktig del av grunnlaget for klimatoppmøtet i København i 2009, seier samferdselsministeren.

Dette skulle vel vere heilt greitt. Ingenting å hisse seg opp over her, vel ? Men problemet kan verte at på slike møte er der også andre deltakarar, nokre av dei nyttar øyrene sine til å høyre med og nokre av dei skriv til og med brev heim, der dei refererer det dei har høyrt.

Kjell Aleklett, prof. i fysikk, Universitetet i Uppsala, president, ASPO (Association for the Study of Peak Oil & Gas) er ein slik ein. Han skriv fylgjande:

-The panel debate that followed between politicians and representatives of industry could be described with many words but I will choose the declaration from Norway’s transport minister Liv Signe Navarsete that were the most sensational. She asserted that we possibly must adapt to a future where we do not have growth but, rather, economic decline. Indirectly this is a recognition that Peak Oil is just around the corner.

Slikt må du ikkje finne på å seie høgt her heime, Liv Signe. Hugs det er val til neste år.

Follow the money, følg med på kva Sir Richard Branson gjer

Sir Richard Branson er ein luring. Men han er ein luring som mellom anna eig 51% i eit flyselskap. Virgin Atlantic er det nest største flyselskapet i Storbritannia med internasjonale ruter.

Selskapet hans, Virgin, har også oppretta insvesteringsfondet Virgin Green Fund med motto ”Cooling global warming” som mellom anna har investert stort i fornybar energi.
Branson har denne månaden i eit intervju med Global Public Media sagt at vi truleg vil oppleve Peak Oil innan 2014 og at det globale behovet for drivstoff vil overstige produksjonen innan 3-4 år. Kanskje inga oppsiktsvekkande utsegn i seg sjølv, men når ho kjem frå ein mann som multimilliardæren Branson, er ho verd å merke seg.

Kva gjer så ein mann i hans situasjon med denne innsikta ? For to år sidan var han ein ihuga talsmann for bioetanol. Men som sagt, Branson er ein luring og han har allereie gått ut og vedgått at det å produsere bioetanol av mat er eit stort feilgrep. Så det som skjer er at han skranglar i hop biodrivstoff produsert av nøtter frå viltveksane babassu- og cokospalmer, tankar opp ein jumbojet med 5% av dette (D.v.s. at den eine av fire motorar gjekk på ei 20% blanding) og i førre veke flaug dei så frå London til Amsterdam. Snakk om PR-stunt. Alle er nøgde. Sir Richard vedgår glatt at det er svært lite truleg at ein i framtida kan basere seg på akkurat denne typen biodrivstoff, men algar er løysinga. Med ein algedam på storleik med Belgia skal det visst late seg gjere å produsere drivstoff til heile luftfarten.

Det skal vere spanande å fylgje med på kva som skjer i dei komande åra. Sidan Virginsjefen tente sine fyrste millionar på suksessen til Mike Oldfield midt på syttitalet, har det gått både opp og ned for Virgin, men han har alltid landa på beina. Korleis han skal kome seg ut av dette er ikkje godt å seie. Særleg ikkje når ein har i bakhovudet at Virgin Atlantic har bestilt seks Airbus A380, det største passasjerflyet i verda for levering i 2013.

Her må det byggast, Åslaug

Energiminister Odd Roger Enoksen sette i si tid i gang ein prosess som kan få avgjerende betydning for norsk energiforskning i tiår framover. Prosessen heiter Energi21 og skal etablere ein brei og samlande FoU-strategi for energisektoren. Denne strategien vart overlevert til ministeren i går,5. februar, med mykje pomp og prakt.

Fem dansarar, ein for kvart av områda i Energi21-strategien, sende rapporten frå leiaren i strategiutvalget over til olje- og energiministeren.

– Det er den mest fantastiske overrekkelsen av en rapport jeg noen gang har fått, sa Åslaug Haga.

I samband med overrekkinga kom ministeren med fylgjande uttale:

– Vindmøller til havs har potensial til å bli den nye oljen. Vi har en stor sokkel, der det blåser mye og konstant. Men det fordrer at vi greier å utvikle teknologi vi ikke har i dag, at vi klarer å koble vindkraft og vannkraft slik at vi kan levere på sikker basis, og at vi løser miljøutfordringene.

I dag, 6 februar, la Oljedirektoratet fram produksjonstala for desember, og dei endelege tala for 2007 er dermed klare. Samla petroleumsproduksjon gjekk ned med 10,8 millionar standard kubikkneter. Dette er tal som seier dei fleste av oss lite, så eg tenkte eg kunne prøve å rekne dette om til digre vindmøller. Som tenkt, så gjort.

Ein har von om å utvikle flytande havvindmøller med ein effekt på 5 millionar Watt. Dersom denne mølla yter merkeeffekt kvart einaste sekund gjennom eit heilt år, vil ho produsere 3780 milliardar kJ, om lag nok til å forsyne 2000 husstandar med straum.

1 Sm3 olje inneheld 360 millionar kJ. 10,8 millionar Sm3 skulle då innehalde utrulege 3880000000000000 kJ (3,88 EJ). Dette tilsvarar produksjonen frå over 1000 digre vindmøller. Og det er berre for å erstatte produksjonsnedgangen frå i fjor.

Det er mest så eg vonar at eg har rekna feil.

Er vi i ferd med å setje oss sjølve på gangen?

Siv og Jens er samde om minst ein ting og det er at kutta i CO2-utslepp bør takast i utlandet. Vi står her i landet for kun 2‰ av verda sitt utslepp av klimagassar og det verkar temmeleg innlysande når dei då hevdar at kutta bør takast der det verkeleg monnar. Men lat oss snu litt på det enkle reknestykket:

I Noreg bur under 1‰ av menneska på jorda. Enkel matematikk tilseier då at kvar av oss slepp ut meir enn dobbelt så mykje som gjennomsnittet av jordbuarane. Er det då nokon logikk i at ein auke i dette misforholdet skal vere eit bidrag i rett retning?

Eit anna spørsmål er korleis kutta ute skjer. Ligg det eigentleg nokon reell gevinst i å legge om eit område frå småskala sjølvbergingsjordbruk til store monokulturar med råstoff til biodivstoff ? Over store deler av verda opplever det tradisjonelle jordbruket eit aukande press frå kommersielle krefter. Det seier seg sjølv at det å late folk halde fram som før ikkje representerer noko kutt i utsleppa. Det må ei endring til, og denne endringa må vere finansiert av oss som kjøper CO2-kvote dersom det skal telje. Men har vi nokon garanti for at omlegginga verkeleg vil bidra til å snu utviklinga ? Bortsett frå på papiret altså ?

Yara har sett inn ei 2-siders annonse i Dagens Næringsliv i dag. Der skriv dei:

”Hvis forbruket av fossilt brensel fortsetter i samme tempo som i dag, risikerer vi at olje og gassforekomstene tømmes innen 50 år og at vi går tom for kull i løpet av noen generasjoner”.

Denne innsikta er med andre ord ikkje lenger reservert for ekstremistane.

No er det ein gong slik at mesteparten av det menneskeskapte CO2-utsleppet kjem frå forbrenning av olje, gass og kol. Samstundes er det altså stor politisk oppslutning her i landet om at vi skal nytte store deler av oljeinntektene våre til investeringar i utlandet med udokumentret miljøgevinst og vi unnlet dermed å gjere innanlands investeringar som set oss i stand til å greie oss ”post carbon”.

På seinsommaren i år forsvann 300 milliardar kroner på Oslo Børs i løpet av 3 veker. Til samanlikning er pensjonsfondet på 3000 milliadar. Eg seier ikkje at 10% av sparpengane våre forvann i løpet av desse vekene, men det burde fortelje oss noko om kor sikkert oljeformuen er plassert.

"The beauty of math" og dei fire rekneartene

Ein kan få til mykje med matematikk, men «å låne med nullen», som bestefar min kalla det, har ingen greidd enno. Dette skuldast ikkje at ingen har prøvd.

Neste kandidat ut som risikerer å gå i fella er Krf som har lagt fram «Klimapolitisk handlingsplan». Etter mi meining skal dei ha ros for ambisjonsnivået, men ein skal ha tunga beint i munnen for å kome heilskinna gjennom denne paddemarka*. Eg tillet meg å plukke ut nokre enkeltpunkt frå planen:

Krf vil

at CO2-nøytral oppvarming av bygninger skal brukes og at oljebasert oppvarming utfases innen 2015.

ha økt satsing på biobrensel til oppvarming.

at satsingen på biodrivstoff må trappes opp og det må innføres krav om tilgang
på biodrivstoff på bensinstasjoner.

stimulere anskaffelse og bruk av miljøvennlige biler gjennom avgiftssystemet.

gå inn for arealplanlegging som sikrer matjord for å legge til rette for ”kort-reist” mat og framtidig matvaresikkerhet.

Heile planen får du om du trykker Her
Kvar for seg kan nok desse forslaga ha mykje for seg, men når ein summerer alle punkta, vil ein sjå at ein kjem ut med raude tal. Årsaka til at dette ikkje går heilt i hop, er rett og slett at dei, til liks med dei fleste av oss, har overdrivne forventningar både til naturen si evne til å produsere biomasse og til vår evne til å utnytte biomassen. Vi innbiller oss at berre vi set forstavinga «bio» framfor eit eller anna, vil det automatisk løyse ut botnlause energikjelder.

Eit lite døme:

Ein reknar det som realistisk at ein kan ta ut så mykje som 40 TWh frå biomasse i Noreg. Dette representerer det totale energiinnhaldet i det fossile brennstoffet som i dag vert nytta til opp-varmingsformål. Men denne biomassen kan ikkje nyttast to gongar og dermed vert det ingenting att til å lage biodrivstoff av. Likevel, eg meiner at Krf bergar seg i land med denne setninga:

-En fremtidsrettet politikk forutsetter holdnings- og livsstilsendringer i vår del av verden.
De er berre så synd at dei gjennomgripande haldnings- og livsstilsendringane som må til er så fryktelig dårleg butikk på kort sikt.

I dag kunne ein lese fylgjande i avisene:
NHO-direktør Finn Bergesen ble møtt med krav om økt kjøpekraft for alle fra LO-leder Roar Flåthen, da de møttes til det første forhandlingsmøtet torsdag formiddag.
Vi har med andre ord ein lang veg å gå.
*Ureint farvatn
Andre kjelder:

Emergianalyse på vedaskogen

Hogg veden sjølv, så varmar han deg to gonger, heiter det i eit gammalt ordtak. Når du tenkjer på alle arbeidsoperasjonane som skal til, kan ein trygt seie at dei ikkje overdreiv, dei gamle. Først skal treet samle solenergi i fleire år og gjere denne om til tre. Så skal treet fellast (den mest morosame delen), kvistast, kappast i passande strangar, dragast i hop, kappast i kubbar, kløyvast, transporterast i hus og ”lødast i lad”. Målet er at så mykje som mogleg at den lagra solenergien kan omformast til varme i stova heime.

Det skulle ikkje vere så vanskeleg å innsjå at alle mellomledda ”stel” av lasset. I gamle dagar, då arbeidet vart utført med muskelkraft, kom energien til dette arbeidet frå sild, poteter, vassgraut og eventuellt litt høy og havre til hesten. Fornybar energi med andre ord. I vår tid er det bensin til motorsaga og diesel til traktoren som er innsatsfaktorane det vil seie ”ikkje fornybare energikjelder”. Veden min vil dermed kome dårlegare ut i ein emergianalyse (det er det det heiter) enn veden oldefar min fyrte med.

Alt dette skulle vere temmeleg enkelt å skjøne. Det eg derimot ikkje skjønar i det heile, er at det er stovereint å sjå fullstendig bort frå desse enkle sanningane når ein vel å satse store summar på å finne framtida sine energiberarar.

Sola er med få unntak; tidevatn og havstraumar, den einaste kjelda til fornybar energi, direkte og indirekte. (Kanskje er dette også litt upresist i og med at sola er ein diger fusjonsreaktor som forsyner oss med energi ved å slanke seg) Men når det gjeld presisjonivå er eg langt frå åleine med forbetringspotensiale i denne saka.

Vedhogst kan nyttast til å belyse fleire sider ved dette emnet. Kan hende vil eg kome attende til dette i eit seinare innlegg. Men først må eg få i hus veden min. Han taper seg nemleg litt for kvar regnbyge slik han ligg no.

Vil du lære meir om emergianalyse finn du meir om det her: Trykk her.

I dag vil eg vere berre snill (nesten)

Vanlegvis hadde eg leita etter ein høg hest å klatre opp på no, men det har eg ikkje tenkt å gjere. Ein skal ikkje sjå bort frå at denne snillismen botnar i at Vegard Ulvang, Kjetil André Aamodt og Skjeldalbrørne er mellom dei største idrettsheltane mine, men ikkje berre det.

Bakgrunnen for dette innlegget er sjølvsagt oppstarten av ”Hvit Vinter”, vinteridrettane sin miljøkampanje. Dei presenterer seg sjølve på denne måten:

-Det finnes både globale og lokale grunner til å engasjere seg for klimaet på kloden.
Nå kan ikke hver enkelt av oss forhindre den globale oppvarminga, men hva vi gjør sammen har stor betydning. Vi som er initiativtakere til Hvit Vinter tror på den gode smitteeffekten. Hvis du kjøper en bil som kan fylle bioetanol, vil bekjente vurdere det samme. Spør stadig flere på bensinstasjonen om det kommer pumper for bioetanol, vil ønsket bli kjent.

Vi tror i litt større målestokk at det er viktig at Norge gjør mest mulig for å kutte klimagassutslippene på hjemmebane. Det dreier seg om den psykologiske effekten land i mellom.

Les meir her

No er det ikkje slik at bioetanol representerer noko endeleg løysing korkje når det gjeld utselepp eller energitilførsle. Det er først og fremst engasjementet til initiativtakarane som gjer meg så venleg innstilt. Dei fleste som har sett seg inn i problemstillingane, erkjenner at det å greie utfordringane som ligg franfor oss, krev mykje meir drastiske verkemiddel enn å bytte drivstoff til bilane våre. Vona mi er at engasjementet skal smitte og dermed skape motivasjon for dei gjennomgripande endringane som må kome .
For ikkje lenge sidan var avskaffing av fattigdomen i verda den store mediesaka. Dersom vi i 2005 verkeleg meinte noko med dei kvite armbanda med påskrifta ”Make poverty history”, må vi nytte ”Den Store Nye Syretesten” på alt som vert presentert som løysingar. Den går ut på at svaret må vere ja på fylgjande spørsmål: Hadde dette vore ei løysing dersom alle 6 milliardane på kloden hadde same forbruket som oss ?

Døme: Hadde 3 milliardar bilar på bioetanol representert eit framsteg ?

Eg vil likevel ynskje ”Hvit Vinter” lukke til og vonar dei får høve til arbeide uavhengig av organisasjonane som står bak ”Miljøstiftelsen Zero”. Ikkje alle av dei har eit like godt rykte .

Støttespelarane til Zero finn du ved å klikke her
Her har du litt om ein av dei, Exxon-Mobil

Om å møte seg sjølv i døra på jakt etter innhald til både pose og sekk


Mange store ord vert nytta i samband med fusjonen mellom Statoil og oljeverksemda til Hydro. På Stortinget er det brei semje om at dette var eit klokt trekk. Det einaste som kanskje kan skape litt brann i rosebedet, er usemje om kor stor eigardel staten skal ha i giganten. Men all erfaring frå det første året til dei raudgrøne tilseier at det vil avgrense seg til ein ulmebrann.

Samfunnsarkitektane til regjeringa ser føre seg at det nye selskapet vert ein viktig byggestein i det «Nye Framtidsnorge»som dei kallar det. Stoltenberg sjølv seier at fusjonen er naudsynt dersom selskapa skal hevde seg i den knallharde internasjonale konkurransen . Han innser at utbygginga på norsk sokkel går mot slutten og at ein må satse utanlands dersom oljeverksemd skal kunne være med på å finansiere den norske velferdstaten i framtida.

Det var når eg las dette at det tok til å murre litt i tenkeboksen. Vi lever i eit av dei rikaste landa i verda, vert gong på gong kåra av FN som det beste landet i verda å bu i og har over 1000 milliardar på bok. Ingen er vel i tvil om kvar denne rikdomen kjem frå. At rikdomen har kome «vanlege folk» til gode, er eit resultat av ein bevisst politikk som er eit førebilete for nye oljenasjonar.

Eit par sitat frå denne artikkelen skrive av Helge Ryggvik, forskar ved TIK-senteret på Universitetet i Oslo skulle illustrere kva eg meiner:

-I den radikale bevegelsen som nå griper tak i makten i Latin-Amerika har norsk oljepolitikk og Statoil stått som det ene vellykkede eksemplet på en nasjon hvor en har klart å sikre seg nasjonal styring og kontroll over oljevirksomheten og sørget for å kanalisere overskuddet til folk flest.

-Styrkeforholdet mellom oljeproduserende land og multinasjonale oljeselskaper har gått i bølger. Norge fant sin olje og forhandlet fram viktige avtaler på et tidspunkt da produsentlandene sto sterkt. Oljereserver ble nasjonalisert, uten at nasjonene ble straffet for det. Når Norge på 1970-tallet kunne stille harde krav om økte andeler og nasjonal deltakelse, var det på ryggen av en bevegelse hvor de viktigste slagene var utkjempet langt borte. Fra 80-tallet var det IMF og Verdensbankens nyliberalistiske murbrekkerstrategi for multinasjonale selskaper som har rådet, spesielt i mellomstore produsentland i en svak forhandlingssituasjon.

Les resten av artikkelen her:
Norge som forbilde

No skal altså den nye stats-oljegiganten ut i verda og tene pengar. Men no sit vi på motsett side av forhandlingsbordet og skal finansiere velstanden vår på den måten.

Det som kom fram i Dagsnytt i NRK i dag gjer ikkje saka mindre tankevekkane:

-Skal Statoil/Hydro bli en stor oljeaktør i verden, må de bruke smøring for å vinne kontrakter, mener ekspert på internasjonal olje og gass, Dag Harald Claes.

Du kan lese meir her:
De må smøre korrupte ledere

Nei, dette vert ikkje heilt uproblematisk. Den som vil ha både i pose og sekk må vere varsam dersom han ikkje skal møte seg sjølv i døra.