Kategoriarkiv: Energisk

Vi får vona at Godot snart dukkar opp

Teng deg at du fekk ripsbæret til å forsvinne sporlaust. Dette vesle bæret ville då etterlate seg 25 billionarJoule. Sagt på ein annan måte, nok til å dekke ein dags energibehov til 3,5 millionar menneske eller årsbehovet til om lag 350 gjennomsnitts einebustader. Ikkje akkurat slankekost med andre ord.

Berre tull ? Kanskje, men det er dette som er prinsippet for all kjernekraft. Ein får i stand ein kjernereaksjon der sluttproduktet er lettare enn råmaterialet. Vektdifferansen puttar ein så inn i Einstein sin formel og vips, så sit ein att med utrulege energimengder. På papiret. Men det verste er at det er samsvar mellom teori og praksis. Det er berre ein hake ved det heile. Vegen frå teori til praksis er så utruleg lang og kronglete. I enkelte tilfelle kanskje uframkomeleg.

På den tida då TV var synonymt med NRK og NRK forvalta sanninga, såg eg eit program om fusjonsenergi.Fusjonsreaktoren skulle skaffe oss nok energi i overskueleg framtid. Det var berre eit spørsmål om å overvinne nokre få praktiske problem, så var det heile i boks. No, vel 30 år seinare, ser vi korleis det gjekk. Det verkar som om lufta har gått fullstendig ut av ballongen.

I desse 30 åra som har gått, har vi oppført oss som om den endelege løysinga var rett rundt hjørnet. Ikkje akkurat noko sjakktrekk, ser vi no.

I gamle dagar var tysdagskveldane reservert for fjernsynsteater på NRK . Det var ikkje akkurat høgdepunktet i veka, for å seie det slik, men eg kan tydeleg hugse dei to ventande landstrykarane i oppsetninga av Samuel Beckett sitt stykke «Mens vi venter på Godot». Som kjent dukka denne Godot aldri opp.

No får vi høyre at thorium er det store, nye vidundermiddelet. Ein thoriumreaktor er mykje tryggare enn ein som nyttar uran som brennstoff, sluttproduktet er mykje lettare å handtere og thorium fins i uhorvelege mengder i høve til uran. Om no verkeleg Godot skulle dukke opp denne gongen, veit vi minst to ting: Han vil tidlegast kome om 20 år og om han kjem, vil han ikkje representere den endelege løysinga. Berre eit bidrag.

Så får vi sørge for å oppføre oss klokare enn Vladimir og Estragon medan vi ventar.

Det daglege brød og kremmarane på Ponte Castel Sant Angelo


Ein kjøper ikkje sitt daglege brød på Ponte Castel Sant Angelo. På Ponte Castel Sant Angelo får ein kjøpt heilt andre ting. T.d. papirdokker som dansar til musikken frå CD-spelaren til seljaren (og ingenting anna viser det seg), Prada- og Guccivesker til 25 euro og ein heil del andre unyttige ting. Dei som likar å prute, prutar litt, handlar og ser det som svært sannsynleg å verte lurt. Det heile er ein del av sjarmen. Det er ikkje store summane det dreiar seg om og dessutan appelerer vareutvalet til kremmarane på brua kun til behov frå dei høgare etasjane i Maslows behovspyramide.

Nøkkelen til at vi er så overberande ligg truleg her. Det hadde stilt seg heilt annleis om lurendreiarane hadde gjeve seg ut for å stette meir primære behov.

Avisa Dagens Næringsliv køyrer for tida ein artikkelserie om den norske framtidsbonden. Dei etterlyser meir kremmarånd innanfor landbruket og eit fellestrekk ved dei aller fleste som representerer framtida er at dei ikkje produserer det ein kan kalle vårt daglege brød. Knaskegulrøter, granskotgelé og eksotisk reiseliv er framtida og då gjer det liksom ingenting om prisen vert høg.

Eit eksempel som skulle belyse fenomenet frå motsett side er straumprisane og halvfulle magasin i vasskraftverka. Ei stabil tilførsle av rimeleg elektrisk energi har etterkvart vorte eit primærbehov på linje med mat, klede opg drikkevatn. Vi vert temmeleg rabiate når det viser seg at det offentlege ikkje kan styre marknadskreftene og sørge for at vi vert sikra eit gode vi alle ser på som ein menneskerett til ein rimeleg penge.

Las forresten i avisa i dag at britiske forskarar har funne ut at ein tredel av jordoverlata truleg er ørken innan århundreskiftet. Vi får vone dei ikkje har rett. Men totalt sett er teikna tydlegare og tydelegare på at framtida kan by på overraskingar for nokon og einkvar. Det kan endåtil gå så gale at den eigentlege framtidsbonden må produsere vårt daglege brød…..

Eg veit eg ikkje burde, men seier det likevel: Kva var det eg sa ?

To av dei faglege alibia for innføring av energilova i 1990 står no fram i Dagens Næringsliv og vedgår:

Det var ikke sånn det skulle bli!

Heile artikkelen finn du her

Det er visst marknaden som ikkje fungerer som føresett. Eg tykkjer det er vakse gjordt av Einar Hope og Erling Diesen å innrømme dette, men eg er ikkje overtydd om kor mykje dei har lært når eg les dette:

– Det er ikke energiloven i seg selv det er noe galt med. Problemet er at det ikke er bygget ut ny kraft etter hvert som forbruket har økt. Dét er den store katastrofen, sier Diesen.

Farao, Josef og straumkrisa


Hugsar du soga om Josef som draumetydar i Egypt? Dei fleste vil nok hevde at Det gamle testamentet er utgått på dato som rettesnor for noko som helst. Eg vedgår gjerne at eg er usamd i det.Eg vil difor gje deg eit kort og ufullstendig resyme av soga.Heile forteljinga finn du i 1. Mosebok kapittel 39 og utover.

Josef sit i fengsel som offer for eit justismord iscenesett av den forsmådde kona til Potifar. Farao har draumar som ingen av runemeistrane eller vismennene hans kan tyda, men skjenkemeisteren hans kjem i hug eks-cellekameraten sin, Josef, som var ein kløppar til å tyde draumar. Josef får «permisjon» frå fengselet og audiens hjå farao. Han tolkar farao sine draumar som eit varsel om at Egypt vil oppleve 7 år med «ovnøgd og rikdom» med 7 påfyljande uår og det endar med at Josef får ansvar for å førebu nasjonen på det komande elendet. Les ein vidare, vil ein finne ut at dette gjekk svært så bra.

Vi høyrer at det går mot straumkrise i Noreg. Ein treng korkje å tyde draumar eller syner for å innsjå dette. For Midtnorge sin del kjem kraftunderskotet som fylgje av medvitne val. Odd Roger og kompani står no fram og vedgår at dette ikkje var uventa, men at ein ikkje rår over verkemidla som skal til for å få oss ut av uføret.

Det er når ein høyrer slikt at ein tek til å lure på om verda verkeleg har gått så mykje framover som vi likar å tru.

Og dermed kan "peakoilerane" gå heim og legge seg

I dagen nettutgåve av DN kjem fylgjande gladmelding:

Dermed burde «peakoilerane», plagsame dommedagsprofetar og miljømoralistar gå skamfulle heim og legge seg. Skulle ein tru. Dersom ein kun les overskrifta. Les ein derimot gjennom stykket, finn ein ingenting som burde få nokon av dei nemnde til å gå i skammekroken. Essensen er vel heller:
  • Sannsynlegvis er mesteparten av den lett utvinnbare oljen i Nordsjøen allereie oppdaga, men ein kan framleis gjere det ein kallar betydelege funn.
Problemet er ikkje at jordskorpa ikkje inneheld hydrokarbonar. Sjøbotnen under Norskehavet inneheld t.d. uhorvelege mengder kol. Sannsynlegvis nok til å dekke verda sitt energibehov i fleire hundre år. Men å gjere denne energien tilgjengeleg, det vert ei heilt anna sak. I Canada og Venezuela finst tjøresand som i utgangspunktet også skulle kunne redde oss gjennom dei næraste hundre åra, men her støyter ein på noko av det same problemet i tillegg til dei alvorlege miljøkonsekvensane vi veit at utvinninga av denne ressursen har.
Ein føresetnad for at vi skal kome oss ut av uføret er at vi først som sist innser at «The Big Fix» sannsynlegvis ikkje vil dukke opp og å forsone oss med ei framtid der energi vert ei mangelvare.
Hittil har dette for det meste handla om å utvikle ny teknologi, men like viktig vert det å «ominreie» hovuda våre slik at det går an å vere menneske sjølv utan t.d. to sydenturar i året og «gratis» mat frå andre sida av kloden. Med andre ord: Skape ei kollektiv bevisstheit om kva veg det ber og vilje til å ta ansvar.
På bakgrunn av dette er det ikkje sikkert at overskrifta i DN er så positiv likevel.

Straumkrise og bedriftsøkonomi

Vi er sannsynlegvis bortskjemde, men når vi først er vande med at der kjem lys i pæra når ein slår på brytaren, er det vanskeleg å forsone seg med tanken på at det ikkje skal være ei sjølvfølge lenger. Einkvan har ansvaret. Kven denne «einkvan» er, er ikkje så lett å få tak på. Tidlegare kunne ein rope på det offentlege, men etter at elforsyninga vart underlagt same reglar som anna næringsverksemd, er der ingen i andre enden lenger. Det vi før såg på som eit gode vi hadde rett på, til liks med helsevesen, skulegang, vatn i springen og post i postkassa, er no underlagt strenge bedriftsøkonomiske vurderingar. Dette utsnittet frå dagens leiar i Dagens Næringsliv skulle illustrere tankemåten:

«Vårt råd til staten er det samme når det gjelder overføringskabel som gasskraft uten CO2-utslipp: Vent til det er lønnsomt. Og hvis kabelen er lønnsom, er det ingen grunn til at staten heller skal legge pengene i Statoil/Shells gasskraftverk enn i den.»

Tanken er altså at ein ikkje skal gjere noko med straumforsyninga før krisa har framprovosert så høge straumprisar at prosjektet isolert sett vert lønsomt. Basta. Dei fleste veit at det å bygge kraftliner eller gasskraftverk tek tid, men dei menneskelege og økonomiske konsekvensane dette vil ha, tel ikkje i denne rekneskapen. Kan hende vil enkelte sjå på det som eit skræmande scenario dersom same tenkemåten skal gjennomsyre all forvaltning og samfunnsplanlegging.

Er ei god nyheit alltid godt nytt ?


Det går så det grin i det lokale næringslivet for tida. Bustadbygginga i Møre og Romsdal var rekordstor i fjor, og bransjen har fulle ordrebøker. I Kristiansund åleine er det planlagd 450 nye bustader. Ein skulle tru at dette var godt nytt og isolert sett er det vel det også.

Men så var det dette med å ha to tankar i hovudet på ein gong. Ei av dei sakene som er mest framme i lokale media for tida er den komande kraftkrisa i Midt-Norge. Vi har allereie underdekning av elektrisk kraft og når Ormen Lange vert sett i drift, vil underskotet verte så stort at vi kan risikere straumutfall og rasjonering. At straumprisen vil auke mykje, har vi allereie sett dei første teikna til.

Eit straumforbruk på 20000 kWh i året er ikkje uvanleg i ein einebustad. Kvar nybygd einebustad i Møre og Romsdal og Trøndelagsfylka vil altså bidra til å auke kraftunderskotet med 20000 kWh i året. Samanlikna med auken i kraftbehovet til industrien er kanskje ikkje dette noko å skrike opp om, men likevel……..Dei 450 planlagde bustadene i Kristiansund representerer eit forbruk som tilsvarer det ei stor vindmølle produserer. (Ulempen med vindmøller på våre kantar er at dei produserer minst når behovet er størst. Kuldeperiodar og vindstille er trufaste fylgjesveinar hos oss. )

Har desse to bileta noko felles ?

Ja, ganska mykje faktisk. Både flyet og pumpa nyttar fossilt drivstoff og er i grunnen fullstendig ubrukelege dersom tilgangen på drivstoff stoppar opp.
Bileta er illustrasjonsbilete til to nyhende som heller ikkje har så mykje til felles ved fyrste augnekast.
  1. Norwegian-sjef Bjørn Kjos gjekk i førre veke (2.februar) ut med at dei i framtida vil rekruttere besetning frå lavkostland.
  2. Risbøndene i Bangladesh må stanse utplantinga av ristypen Boro då dei ikkje lenger har råd til diesel til pumpene som driv vatningsanlegga. Boro er ein ristype som gjev store avlingar, men krev kunstig vatning. 55% av risavlingane i landet kjem frå denne nye ristypen.

Her kjem forklaringa på kvar eg vil med dette tåkepratet:

  • Luftfarten er ei drivstoffintensiv næring. Lønene til flybesetningane utgjer ein liten del av driftsutgiftene.
  • Risdyrking er ei arbeidsintensiv næring.

Er det ikkje då eit paradoks at luftfarten som nyttar enorme mengder drivstoff skal spare ved å kutte lønsutgifter, medan risbøndene i Bangladesh, som nyttar store mengder arbeidskraft må gje opp avdi dei ikkje har råd til dieselskvettane dei treng til vatningsanlegga sine?

Elles har desse sakene andre sider ved seg som er drivstoff til mykje tankespinn om t.d. energipolitikk, globalisering, økologi og landbrukspolitikk, men det får vente til seinare.

For godt til å være sant

Tenk deg situasjonen:

  • Eit av resultata av forhandlingane i verda sin handelsorganisasjon vert redusert mjølkeproduksjon i Noreg og dermed mindre behov for kraftfor. Store kornareal vert liggande til inga nytte og eigarane av attlegene vert gåande å sparke småstein, ein aktivitet som korkje er helsesam for fotty eller omgjevnader.
  • Noreg inngår internasjonale avtalar der vi forpliktar oss til å ta i bruk ein viss prosentdel fornybart drivstoff.

Kan du tenkje deg noko meir logisk enn å ta i bruk dei ledige areala til produksjon av råstoff til biodiesel ? Noko betre eksempel på ein vinn-vinn situasjon skal ein leite lenge etter.

Men så kjem han sigande, skepsisen.

Er det så sikkert at vi som lever i eit land der vi produserer kun 50% av maten vår, skal nytte den beste matjorda vår til å produsere drivstoff som delvis skal nyttast til transport av av ein auka import av matvarer. Matvarer som ikkje er produsert meir energieffektivt enn det ein kan få til i Noreg.

Men det verkeleg store spørsmålet er vel om vi, når ein ser bort frå kortsiktige økonomiske vurderingar og ser dei fysiske realitetane i kvitauget, kan seie at vi har ledige kornareal i Noreg i det heile. Vi lever trass alt i ei verd der teikna vert tydelegare og tydelegare på at vi er på veg inn i ei framtid der tilgangen på rimeleg energi vert mindre enn etterspurnaden. Ein skulle tru det er rettare å nytte ut solenergien, som er drivkrafta i fotosyntesen og den einaste verkeleg fornybare energikjelda vi har, til å produsere mat direkte. Då samlar ein meir solenergi di større areal ein nyttar og ein kan redusere på innsatsfaktorar som t.d. kunstgjødsel. Å gå via biodiesel vert ein omveg.