Kategoriarkiv: feelgood

Litt feelgood til frukostkaffien

Lokalavisa mi, Møre-Nytt, har som dei fleste andre lokalaviser, notisar med «lesar på tråden». Eller «På telefonen til Møre-Nytt» som dei heiter i mitt tilfelle. Innhaldet i desse er ei usæl blande av ris og ros. Sakleg og usakleg, noko «bakar for smed» og noko med rett adresse. Nedanfor her vil eg sitere ein slik telefonsamtale frå ei dame som hadde vore ute ein tur og handla.

-Personen i kassa spurde om eg skulle ha ein pose, og eg sa ja. Sluttbeløpet vart 79,50, men eg hadde ikkje meir enn 79 kroner. Eg vart spurt om eg hadde 50 øre til. Eg svarte nei, men at eg kunne gje posen tilbake. Og han vart teken tilbake, seier dama.

Medan ho tok varene opp i hendene stod det ein ung gut ved sida av for å tippe.

-Han byrja å leite etter lommeboka og fann fram ei krone. Så spurde han personen i kassa om han kunne få kjøpe ein pose, og det fekk han. Så gav han den til meg. Eg ynskjer å rette ei takk til denne guten, seier dama.

Det var heilt stilt i huset då eg las dette og eg var heilt åleine, men likevel tykte eg at eg høyrde vare feletonar. Det vart sterkare og sterkare. Og der var han, englesongen til Sigrid Moldestad.