Kategoriarkiv: Laust og fast

Og august kom, gjekk og no er det snart oktober

Det var håslått, skulestart og sauesanking. Og regn. Men no er siste sauen heime, det har slutta å regne for nokre dagar og i natt hadde vi første skikkelege frostnatta. Når sola har fått tine rimen, får vi sjå om georginene og skaugumplantene greidde seg. Dersom ikkje, må eg grave opp knollane i dag. Men tamblåbæra er framleis uforskamma gode uansett.