Storr, eller lyssiv; dårleg sort. Vanskeleg å verte kvitt, men om det hastar, så finst det kjemiske hjelpemiddel. Det vil nok hjelpe på kort sikt Men problemet stikk djupare enn som så. For å verte kvitt elendet i lengda, må ein legge tilhøva til rette for dei plantene ein ynskjer å ha i enga si. Ved inngangen til eit nytt år kan det vere verdt å ha i bakhovudet at dette er ei innsikt som kanskje har bruksområde utanfor botanikken og.
Archive for the 'Det jordiske' Category

Sankardag sist laurdag: Regn, skodde og kuling. Ei av dei som var med fann ei tørr bot på kroppen då vi kom heim. Goretex er svære greier.

Ettersank no i kveld.
Du hadde eigentleg ikkje visst mykje om kva du hadde lova dersom du hadde svara ja på spørsmålet mitt. Det hjelp lite å sjekke langtidsvarselet tilyr.no, har det vist seg
“Du er hva du har spist”. Mellom anna fosfor. Men kvar kjem dette fosforet i frå? Om du vilvite meir om det, var her utruleg mykje å hente her.
Må vedgå at eg har ståande nokre meter nettinggjerde med piggtråd på toppen, men i år skal eg fjerne siste rest med piggtråd.
Eg taggar Obama og alle andre med svin på skogen.
For lesarar som no fekk stygge assosiasjonar, vil eg gjere det heilt klart at eg utelukkande nyttar uttrykket “med svin på skogen” i tyding “med skjelett i skåpet” eller ” har ureint mjøl i posen”
.jpg)
Eg spreidde kustgjødsel her om dagen. Sauene kjem snart heim frå fjellbeite. Ja, ja, kjem og kjem.. det er i alle høve sankardag neste laurdag.
Men som sagt, sauene kjem snart til gards og då må dei ha mat. Difor spreier eg vanlegvis litt kunstgjødsel etter hoslåtten for å få opp litt beite og for at graset skal halde seg friskt ei stund utover hausten.På ein del av markane har eg spreidd pressaft og naturgjødsel, så der nyttar eg rein nitrogengjødsel, men elles spreier eg fullgjødsel. “18-3-15″ står det på sekkene. Det tyder at dei små grå korna inneheld omlag 18%Nitrogen, 3% Fosfor og 18% Kalium.
Ein kan av og til få inntrykk av at kunstgjødsel er ei forferdeleg gift, men alt dette er stoff som plantene isolert sett treng for for å vekse, halde seg friske og verte næringsrike. Når det likevel vert sett spørsmålsteikn ved bruken av kunstgjødsel, har dette, om ein ser bort frå det ideologiske, hatt meir med dosering, opptak, avrenning og forureining å gjere. Men at overdriven bruk fører til forringing og utarming av matjorda er det få som nektar på.
Grunnlaget for all berekraft er krinslaup.Vi har vel alle høyrt om karbonkrinslaupet (fotosyntesen osb.). Litt mindre kjent er vel kanskje nitrogenkrinslaupet. Og har nokon nokongong høyrt om fosfor eller kaliumkrinslaupet? Slik eg ser det, er det her hovudproblemet meg kunstgjødselen ligg. Han er rett og slett ikkje berekraftig i seg sjølv. Det har vore litt fokus på fosfor siste tida. Kvar einaste ein av oss treng om lag 1g pr. dag av dette stoffet gjennom maten vi et. Fosfor er eit stoff ein utvinn i gruver, mesteparten vert nytta i kunstgjødsel, plantene tek det opp, dyr og menneske et plantene, og vi et plantene og dyra. Fosforet endar dermed i havet, og gruvene, dei tømest. Raskt.
Så når Erik Solheim og Kofi Annan snakkar om behovet for ein grøn revolusjon i Afrika og samstundes talar om betre infrastruktur “for å transportere inn kunstgjødsel”. Når det vert tala om at auka handel med matvarer (og dermed meir transport av m.a.fosfor og kalium over lange avstandar)skal få dei fattigaste ut av fattigdomen. Det er då eg stiller spørsmålet: Korleis kan det ha seg at vi så lett gløymer at krinslaup er grunnaget for all berekraft ?
Likevel, i dag skal eg vaske og smørje opp kunsgjødselspreiaren min. Seinare i haust skal eg ta nye jordprøver som skal vere grunnlaget for ein ny gjødselplan. Så får vi vone at dei har kunstgjødsel på budene neste år også. Men om 50 år, kva då ?
..du vil truleg aldri lese dette her, men eg har lese debattinlegget du hadde i Dagbladet onsdag denne veka. Der skriv du at du er provosert av dei som kallar brotet i WTO-forhandlingane ein siger for verda sine fattige. Det har du sjølvsagt full rett til å vere. Og det er ikkje det eg reagerer på heller. Det som får meg til å reagere er alle sleivsparka. Du skriv mellom anna:
-Man må nesten spørre seg hva som er motivet for slike utspill, for et ønske om utvikling er det ikke.
-Det er en rasjonell grunn til å være glad for å slippe ny avtale, og den handler om ren redsel for forandring, ikke bekymring for fattige bønder.
Det er då eg vil spørje deg: Korleis i all verda kan du vite det ?
Eg kan ikkje vite om det var med vilje du ikkje nemne at den direkte årsaka til brotet var at India nekta å gje etter for press frå USA om å ofre dei særskilte tryggleiksmekanismane i landbrukssektoren. ( Desse har som oppgåve å verne bønder i fattige land mot lave prisar og import av matvarer.) Men det er klart at det hadde svekka argumentasjonen din om du hadde teke deg bryet med å nemne det.
Magnar Norderhaug, norsk biolog f.1939 d.2006 , avslutta si yrkeskarriere som instituttleiar ved Worldwatch Institute Norden og vart i 2004 utnevnt til Ridder 1. klasse av St. Olavs orden for innsatsen sin innan natur- og miljøvern. I 1996 gav han ut ei lita, viktig bok; Verdens mat, som eg stadig kjem attende til. Der skriv han mellom anna:
Dersom verden går inn i en epoke med knapphet og prisvekst på mat, er det behov for en ny jordbrukspolitikk som forener
-økologiske hensyn
-økonomisk lønnsomhet
-nasjonale egeninteresser
-global solidaritet
Eg har gode grunnar til å tru at dette er like gyldig i dag som for 12 år sidan og meiner at ein avtaletekst som t.d USA pressa på for å få gjennom ville vere eit steg i feil retning i høve Norderhaug si liste.
Utvikling kan vere både positiv og negativ og når valet står mellom å stå stille og å gå feil veg, meiner eg at det må vere legitimt å meine at det er greiast å halde seg i ro.
Det var berre det eg ville seie

Førre helg braut WTO-forhandlingane saman att. Fiskarlaget fortvilar, Bondelaget jublar og Sponheimen uttaler fylgjande i ein kommentar til Dagens Næringsliv: ” Bondenorge på sitt verste”.
Sjølv er eg ikkje heilt sikker lenger. Eg skal ikkje stikke under ein stol at stemninga steig eit par hakk under fjøslua mi sist gong brotet kom. Denne gongen er det meir eit lett resignert “ja ja, det var vel det minst galne som kunne skje”
For det er vel ikkje så mange som verkeleg meiner at ein ikkje treng reglar for verdshandelen ?Spørsmålet er heller korleis desse reglane skal utformast.
WTO har, etter eiga utsegn, auka velferd for innbyggarane i medlemslanda som hovudmålsetjing. Med 153 medlemsland burde ikkje dette vere særleg kontroversielt og dersom ein ser bort frå sterke grupper sin kamp om å behalde eigne privilegier, er hovudstridsspørsmålet av det meir ideologiske slaget.: Er verkeleg uavgrensa frihandel det beste verkemiddelet for å oppnå dette målet ?
For meg har WTO blitt sjølve symbolet på det Kalle Moene så treffande kallar vekemiddelradikalarar. Verkemiddelradikalar vert ein i den augnblinken ein misser målet av syne og verkemiddelet i seg sjølv vert hovudmålet.
Sidan G6 forhanlingane i Geneve kollapsa for 2 år sidan og desillusjonerte utsegner som “det er grenser for kor lenge ein kan piske ein daud hest” vart siterte i avisene verda rundt, kunne ein kanskje forvente at ein denne gongen hadde teke inn over seg at mykje vatn har runne i havet sidan juli 2006. Men der vart eg skuffa.
Dersom ein neste gong (for eg reknar trass alt med at det vert ein neste gong) erkjenner og tek utgangspunkt i dei verkelege utfordringane vi som verdssamfunn står framfor, kan det tenkjast at eg vil fylgje forhandlingane frå heimelagsupporterane sin del av tribunen. Men akkurat det er kanskje ikkje så sannsynleg; WTO presenterer seg trass alt slik på heimesidene sine:
Its main function is to ensure that trade flows as smoothly, predictably and freely as possible.
OK for så vidt, men for meg er og blir frihandel eit tveegga sverd, eit verkemiddel og ikkje eit mål i seg sjølv
“Effektivt landbruk”….. Kva ser du føre deg ? Endelause sletter. med ein einsleg diger traktor med 1000 hestekrefter og ein 20 meter brei plog som du kun ser som ein liten prikk i ei diger støvsky i horisonten. Eller kanskje ein konvoi med 10 skurtreskarar i breidda, kvar med slåttebjelkar på 12-13 meter og ein fart på 15 km/t over dei same slettene.
Ja eg trur det er slik vi ser det føre oss. Det effektive landbruket. Og eg trur ikkje Øysten Dørum, sjeføkonom i DnB Nor Markets, er noko unntak når har no kjem med fylgjande utsegn til Finansavisen:
- Nå er tidspunktet kommet for å slippe bonden fri. Hvis vi mener at vi skal bidra mest mulig til en global matproduksjon, så skal vi selvsagt sørge for en mest mulig effektiv produksjon i Norge. Det riktige tidspunktet kommer av matkrisen.
Det er mange ting i denne uttalen det kan vere grunn til å diskutere, men denne gongen vil eg konsentrere meg om “effektivitet”.
Skal ein tru landbrukets klimapanel som la fram IAASTD -rapporten midt i april i år og som eg skreiv litt om i eit tidlegare innlegg ( Du finn det her), er vi faktisk fullstendig på bærtur når det gjeld synet på kva som er eit effektivt, framtidsretta og berekraftig landbruk.
Og når ein tenkjer på det: Vi vert stadig fleire menneske på jorda, vi har for mykje CO2 i atmosfæren, knapt med drivstoff og stigande prisar på kunsgjødsel og andre innsatsfaktorar. Kvar er då logikken i at effektivitet utelukkande skal reknast i kor mykje ein mann kan produsere og ikkje reknar med alle remediene han treng ?
Nei, ta med deg nokre poteter, grav dei ned ute i hagen din og ta dei opp att utpå hausten. Matproduksjon basert på lokale råvarer som sollys, regnvatn og matjord. Då kan vi snakke effektivitet.



Siste kommentarer