Kategoriarkiv: Naturlegvis

Truleg ikkje i samsvar med eit einaste EU-direktiv

Denne gråoren er truleg ikkje i samsvar med sine eigne gener eingong. Ein sann anarkist, eller eit offer for ver, vind, trasige mikroorganismer og uheldig kjemi ? Jammen ikkje godt å seie.

«Levd liv», er ord ein nyttar når ein vil romantisere over slike vanlagnader. Eg har eit litt ambivalent tilhøve til dette omgrepet. Av og til ser eg meg sjølv trygt plassert på tribunene på Colluseum, medan desse som «lever liva sine» kjempar som gladiatorar på arenaen. Oppgåva deira er å stette mitt behov for drama og tragedie i ein trygg kvardag.

Laga på frihand utan arbeidsteikning og oppskrift

Fysikarar ved det kjende CERN-laboratoriet utanfor Geneve meiner at dei har gjennomført forsøk der dei har fått partiklar til å gå raskare enn lyset. Einstein tok dermed feil og alle aksepterte naturlover gjeld difor ikkje i mikroverda.

Når ein kan gjere slike observasjonar som dei du ser på biletet, kan ein lure på om det same er tilfelle i makroverda.

Grå kjemper i kveldssol

ospelleraskelleralm
Eg er nokså sikker på at det er osp, dei trea utan lauv. Dei står i alle fall i Skorgeura naturreservat, som ein må gå gjennom for å kome fram på Skorgesetra, der vi har selet vårt. Om du køyrer gjennom Ørsta på E39 vil eg anbefale ein tur. Du er midt i paradis allereie 200 meter frå vegen.

Skogstankar

I dag har eg vore på skogen. Rydda sauebeite. Ein aldeles strålande dag har det vore.
Det fins nok dei som seier at eg er for glad i tre, at eg set att for mykje. Men eg har trass alt ein ide med det.
Den mest innlysande er sjølvsagt den, at eg høgg veden min der og må ha alet, som ein seier. Eg prøver å gje gode veksttilhøve til dei store trea, men samstundes må eg setje att tre som kan erstatte gamletrea når dei er hogstmogne.
Det å setje att tre er også eit middel mot attgroinga. Når ein driv med sau som går i fjellet om sommaren, er det om våren ein har størst behov for beite. Graset spirer og kjem i vekst før blada på trea gjer trekrunene så tette at lyset ikkje slepp ned i skogbotnen. Når så sauene vert slepte på fjellet rundt 10. juni, er bladverket på trea i ferd med å verte på sitt tettaste og skuggen vil bremse framvoksteren av or og bjørnebær og liknande. Eg har sett nok døme på kva som skjer dersom ein snøyder ned alt på ein gong. (Du kan sjå det sjølv på det eine biletet)
Når ein går rundt med ryddesaga, med høyrselvern og heil i si eiga verd, er det ikkje til å unngå at tankane flyg både hit og dit. Mellom anna til noko eg las ein stad for ein månads tid sidan: I EU er dei i ferd med å lage nye reglar for kva som vert klassifisert som beitemark. I forslaget til dei nye reglane heiter det at ein skal ha maksimum 6 tre pr. dekar dersom det skal kallast beitemark. Dersom du har meir er det pr. definisjon skog, same kor mange dyr som beiter der. I Sverige kjempar bønder og styresmakter mot det nye forslaget, men ingen veit kvar det endar.
Vert reglane vedtekne i EU, varer det vel ikkje lenge før vi har dei her heller, om eg ikkje tek mykje feil. Men når eg tenkjer på den viktige funksjonen trea har som buffer mellom meg og ei lang, bratt fjellside, kjem eg nok ikkje til å endre på noko. Eg vil helst ikkje oppleve at eg ei regntung haustnatt får heile fjellsida inn på tunet. Så får eg heller greie meg utan hudrelappane eg får i støtte.

Kun til forvirring

Det er ei kjend sak at det å produsere mat er eit ressurskrevande føretak og i tillegg representerer denne produksjonen ei stor miljøbelastning. I Sverige t.d. står matproduksjon for omlag 25% av klimagassutsleppa. I seg sjølv er det vel ikkje så urimeleg at det å produsere det ein treng for å leve skulle stå for ein fjerdepart av utsleppa våre, det er berre det at 100%´en er så altfor stor.

Det å kunne produsere maten vår på ein meir miljøvenleg måte, vert ei stor utfordring. Heldigvis finst det løysingar. Det verkar i alle fall slik. Her kjem ei liste over forslag:

-Økologiser landbruket

-Et meir kvitt kjøt (eller var det raudt du eigentleg meinte, Aaslaug ?)

-Vert veganar

-Køyr meir bil (ja du las rett)

-Sats på kortreist mat

Og liste kan gjerast lenger, men du skjønar sikkert teikninga no
Som du ser, ein kan verte forvirra i hovudet av mindre og det einaste ein kan konkludere med, er vel at dette ikkje vert enkelt.

Så var det slik at fylgjande e-postmelding låg i innboksen min i dag:

EU in dilemma over GMO animal feed import

Industry sources warn that the EU might find its supermarket shelves without meat products due to slow approval of new genetically modified (GMO) crops.

Dette måtte sjølvsagt undersøkast litt. Det synte seg snart at dette var gamalt nytt og på heimesidene til ”Friends of the earth” hadde dei allereie for tre veker sidan lagt ut fylgjande kommentar :

«The animal feed and biotech industries are deliberately spreading panic that the EU’s tough GMO standards are threatening Europe’s ability to feed its livestock. But these arguments are fatally flawed. The real reasons that animal feeds are becoming scarce are that land is being used to grow agrofuels and countries such as China are increasing their consumption of meat. The EU should not sacrifice its hard-won safety standards on the basis of illogical, scaremongering arguments from industry.»

Les meir her

Problemet er sjølvsagt at dette ikkje er eit «enten eller», men eit «både og». Resultatet vert uansett at europeisk husdyrnærig i nær framtid vil oppleve at tilgangen på kraftfor vert knappare. Og utan kraftfor vert det i alle fall ikkje lett å produsere kvitt kjøt. Same kor sunt det er.