Kategoriarkiv: Champagnegaloppen

Oskeladden og dei gode hjelparane II


Det var ein gong,osb….


Du hugsar sikkert eventyret om Oskeladden og dei gode hjelparane. Dette er framhaldssoga.

Espen hadde det godt i kongsgarden, men kongen, som kongar flest, hadde det frykteleg travelt. Han fekk ikkje tid til å nytte den fine skuta han hadde fått. Det vart så som så med vedlikehaldet og etter eit par år la han likegodt skuta ut for sal på Finn dott no. Espen , som levde på apanasjen til prinsessa, hadde ikkje eigne midlar. Det hadde derimot bror hans, Per, som hadde slege seg stort opp på sal av hyttetomter og han bladde opp dei nødvendige 5 millionane. Delvis som eit slags takk for sist til veslebror sin.

Så var det slik at Per måtte utanlands eit par år og ikkje hadde høve til å passe på skuta si. Han vurderte å selje, men Espen baud seg å hjelpe bror sin mot at han fekk ta seg eit tur med båten av og til. Dette tykte Per var ein god avtale og slik vart det.

Etter ei tid vart Espen lei. Det å passe på ein stor trebåt er ikkje sytalaust. Dessutan såg han at det nok hadde vore meir framtidsrette å klinke skuta saman med koparsaum enn med jarnnaglar.Han burde nok ha halde seg vaken i byggeperioden. Rusta hadde sett sine spor (når ein berre visste kvar ein skulle sjå etter dei) . Så då Pål ein dag dukka opp og ville overta skuta for ein god pris, var Espen ikkje uvillig, sjølv om han drog litt på det og fekk pressa prisen opp i 6 millionar.

Ein dag Pål var ute på seglas, la han merke til at båten tok inn litt vatn. Etter nærare undersøking kunne han fastslå at han truleg hadde kjøpt katta i sekken . No var gode råd dyre. For å berge stumpane, reiste han ut på kongsgarden og spurde Espen om han kunne tenke seg å kjøpe attende båten. Dette passa bra for Espen, for Per var ventande heim ein av næraste dagane. Han gjorde seg rett nok litt vanskeleg og fekk pressa prisen ned i 4 millionar.

Så då Per kom heim, låg skuta i hamna som han hadde forlete henne, rett nok med skjulte merke etter tida si tann, Espen hadde 2 millionar på bok og Pål, ja han sat der med reva brok men tykte trass alt at han hadde kome seg heilskinna utav det.

Espen fekk sidan blod på tann og utvikla denne forretningsideen. Han vert i ettertid rekna som den verkelege oppfinnaren av såkalla «Hedge Fund», om nokon skulle hevde noko anna.

Om du tykte at dette var ein tiltalande måte å tene til livets opphald, kan du ta kontakt med karane du finn i enden av denne lenkja: Ta tak her.

Berre vit at inngangsbilletten er høg. T.d 300000 kroner. Fagterminologien er heller ikkje enkel for ein vanleg dødeleg.

CAD/JPY


Tykte du overskrifta var kryptisk ? Om det er noka trøyst, så gjorde eg og det. Vil du ha løysinga på gåta, kan du t.d. prøve å få eigaren av ein Kønigsegg, Ferrari Enzo, Porche Cayenne, Audi Q7 eller liknande dyrt leikety i tale. Statistisk sett vil dei kjenne tydinga, men du må risikere at prisen du betaler for svaret er å verte møtt med eit kroppsspråk som tydelegare enn ord uttrykker » Veit du ikkje det ein gong din stakkar, ikkje rart du må lurre rundt i ein snart 10 år gammal Opel».

Du skal heller få løysinga her hjå meg heilt gratis.

CAD: Kanadiske Dollar
JPY: Japanske Yen

Du vil kanskje vite kvifor eigarane av dyrt leikety er så familære med forkortingane ? Jau, det har seg nemleg slik at i Canada produserer ein olje. Dei er faktisk den 9. største produsenten i verda. Dermed vert valutaen i Canada råvarebasert. Han styrkjer seg når oljeprisen går opp og vert naturlegvis svakare når oljeprisen fell. Japan derimot, importerer 99% av oljen sin og verdien til japanske Yen har ein tendens til å stige med fallande oljepris og omvendt. Denne samanhengen har naturlegvis spekulantane oppdaga og dei kan tene gode pengar på varierande oljepris ved å kjøpe og selje CAD og JPY til rett tidspunkt.

Eg for min del er ikkje så sikker på om eg synest så mykje om denne gesjeften og meiner det burde være litt samsvar mellom t.d ansvar, nytteverdi, innsats og etikk på den eine sida og belønning på den andre. Ein skal ikkje sjå bort frå at dette skuldast mangel på kunnskap og/eller misunning frå mi side, men å hevde at dei gjer nokon stor innsats for å svekke fordommane mine, det ville vere å overdrive. Ikkje trur eg dei bryr seg det minste heller, for den del.

Sauer,bjøller, kattar og rottefangarar


For ei søye er det å være bjøllesau å vere på toppen av karrierestigen. Verane har sin eigen stige. Toppen av denne er å få bilete av seg i seminverkatalogen, ha ein avlsindeks på over 130 og få genene sine spreidde ut over heile kongeriket.

Det er strenge kriterier ein må fylle for å verte bjøllesau. Søya må være på toppen av det strenge hierarkiet i flokken. Men like viktig er det at flokken som heilskap og ikkje minst bonden har fordelar av at resten av søyene fylgjer bjøllesauen. Vegen frå fjellbeite til fårikålgryta er kort dersom ho ikkje stettar krava.

Googlar du «bjellesau» no for tida, får du mest ingen treff som handlar om firbeinte. Dei aller fleste treffa har med børsen å gjere. Ein bjellesau på børsen er ein som har så mykje pengar at dersom han bestemmer seg for å nytte ein slump av desse til å kjøpe seg opp i eit selskap, vil folk tru at her er det noko stort på gang og kursen vil automatisk stige. Når kursen er på topp, kan så han med bjølla selge unna og tene gode pengar, medan dei som har fylgt etter og er for seine i snuen, taper tilsvarande. Dette er heilt lovleg verksemd, men eg våger å påstå at det å kalle traderen ein bjøllesau, er å misbruke ein heiderstittel.

I børssamanheng ville det vere meir i samsvar med tradisjonane å bytte ut sauen med ein katt. Omgrepet «å henge bjella på katten» er henta frå ein av Æsop sine fablar. Er du i tvil om tydinga, kan du lese fabelen her.

Skal ein halde seg til temaet fablar og eventyr, tilstår eg gjerne at assosiasjonane mine går meir i retning av det skumlaste og dystraste eventyret av alle, det om rottefangaren frå Hameln, når eg les om Vollvik & co sine raid på børsen.

BNP og oljefest

Øystein Stray Spetalen ventar seg 10 år med oljefest og gikk i Dagens Næringsliv den 22. april ut med fylgjande spådom.

Jeg tror vi kommer til å få ti år med et helt fantastisk marked innenfor olje. Du ser aldri igjen 30-tallet på oljeprisen, ever in your life, sier Spetalen til avisen.


Truleg har mannen rett i det med festen. Kven det derimot vert festleg for er meir usikkert. Eg for min del vert litt skeptisk når økonomane kjem dragande med «BNP». Stray Spetalen hevdar at ein dramatisk auke i energikostnadane ikkje får alvorlege fylgjer for økonomien. Årsak: BNP har auka så mykje at andelen som vert nytta til energi likevel ikkje vert urovekkande stor. Skal ein vurdere denne utsegna er det ein føresetnad at ein veit kva BNP står for. Svein Sjøberg, professor i realfagsutdanning ved UIO,skriv dette om BNP:

BNP per capita fanger bare én eneste dimensjon, nemlig den økonomiske. Denne endimensjonale målestokken trekker derved bort oppmerksomheten fra at andre faktorer kan være minst like viktige for at folk skal ha det bra. Konsentrasjonen om bare det økonomiske leder oss til å tro at alt det andre deretter kommer av seg selv.

Men i tillegg til bare å fange bare en dimensjon, altså den økonomiske, er BNP per capita dårlig også for dette formål. For et gjennomsnitt fanger ikke inn ulikheter og skjevheter i et samfunn! Hvis 9 av 10 tjener null, mens den tiende tjener en million, da blir gjennomsnittet 100 000. Men det samme gjennomsnittet blir det også i et land der alle tjener 100 000. På statistikken kommer disse to landene likt ut. Men i det ene landet lever alle bra, i det andre lever 90 % i den største nød, mens noen få kan velte seg i stor rikdom.

Like ille er det at BNP bare fanger inn den ‘synlige’ delen av økonomien, den del som finner veien til et ‘marked’. Et stort antall bilulykker fører til at BNP øker, likedan at mange ligger på sykehus. Privat omsorg for syke og gamle gir for eksempel ingen uttelling på BNP, mens hvis de samme menneskene plasseres på sykehus eller institusjoner med lønnet personale, så øker BNP.

Bruk av mål som BNP per capita har altså minst tre åpenbare svakheter: Det antyder at det økonomiske er det viktigste av alt, den skjuler skjevhet og urettferdighet og den fanger bare inn det som omsettes på et marked.

Det kan altså være viktig å minne om noe helt grunnleggende: Økonomisk vekst er ikke noe mål i seg selv, men må være et middel for å nå noe langt viktigere: det viktige er hvordan mennesker har det, hva slags liv de lever, om de er sunne og friske, at de har tilgang til det de trenger, at deres liv kan preges av frie valg der de kan realisere seg selv, et liv der ikke hele livet er en skjebne, der alt er gitt eller forseglet fra fødselen.

Konklusjonen må være at utsegna til Stray Spetalen i alle fall ikkje er «fattigmanns trøyst»og det hadde heller ikkje skada om han hadde teke inn over seg at høg oljepris ikkje eine og åleine skuldast lave investeringar i t.d. oljeriggar dei siste 20 åra, men at også politiske og ikkje minst fysiske realitetar spelar inn.