Kategoriarkiv: Heimstadlære

Haugsholmen fyr….

som ikkje ligg på Haugsholmen men på vesle Terøya, ein liten rotur lenger vest i Vanylvsgapet med Stadtlandet som næraste nabo i sør.

Jonas Petterson Teige var fyrvaktar her mellom 1918 og 1945. Han og kona Anna hadde 6 søner som vaks opp på denne holmen. Sønene hadde eiga guvernante og dei hadde skule i bestestova 6 dagar i veka. » Det var verst for yngstemann, han gjekk åleine i 5 år». Dei hadde 3 veker sommarferie. Då var dei på Runde og fekk helse på andre ungar.

Stjernesalen

Stjernesalen – eit ord som får deg til å tenkje på salane i Louvre og Vinterpalasset. Men Haugsholmen i Sande har og sin Stjernesal. Eit lite loftsrom med korte køyesenger langs veggene og der lyset kun slepp inn gjennom to små takvindauge. Her overnatta fiskarar i farne tider. Her kunne dei ligge og høyre på uveret rase og anke på vegn og dei heime. Men når vinden dreia på nord og reiv hol i skyene, kunne dei kike opp på stjernene som er dei same for alle. Enten du ligg i ei råkald køyeseng på Haugsholmen eller i ei silkeseng i Louvre.

Merke etter 50 år gamal galskap

Frå den tida då folk sat rundt eit bord, vart samde om at «dette er ein god ide, det gjer vi». Og så berre gjorde dei det. Takka vere det treng ikkje ørstingane uroe seg for drikkevatnet. Vi har godt vatn i to år utan ein drope tilsig. Det var nok av dei som kalte det galskap og det skal vere sagt at området rundt tunnelinnslaget ikkje akkurat er ei naturperle. Men det hadde vore interessant å samanlikna saksgangen den gongen med eit tilsvarande prosjekt i dag.

Farmor mi vaks opp med denne utsikta

når det var juli, finever og sola heldt på å gå ned i nordvest. Men langt frå alle dagar var slik. I kapittelet om Goksøyra i Herøyboka er «enkja» eit gjennomgangsord. Av 24 losar frå denne verharde, nordvende vika på Runde, kom 12 bort på sjøen. Når eg les om liva dei levde her for berre 100-200 år sidan, verkar det utruleg at vi er laga av akkurat same stoff som dei.

På teletur

Eg gav meg sjølv ei utfordring i helga og valde å gå på fjelltur med kun telelinse i sekken. Ikkje akkurat utstyrt for vide panorama og oversiktsbilete med andre ord. Og eg fann fort ut at det med slikt sneversyn er vanskeleg å lage seg eit godt bilete av fjellet ein har gjeve seg i kast med, samstundes som det er lett å blåse småtteri i omgjevnadene ut av alle proporsjonar.

«Donninga av Sunnmørsalpane», vert Slogen (1564) kalla. Viser som regel kvassesida på bilete, men har også ei mykje venlegare.

Eg har aldri høyrt at nokon har omtala Kvitegga (1717) i royale ordelag. Fjellet stikk seg ikkje akkurat fram. Men uansett så er dette høgste fjellet i Sunnmørsalpane. Du ser toppen som den høgste snødekte toppen i bakgrunnen.