Kategoriarkiv: Heimstadlære

«Galskap», har eg høyrt

Ein kar ringde meg seint i går kveld og fortalde at han hadde sett ein sau som såg heller skral ut i råsa opp mot Saudehornet. Det er fint at folk seier frå om slikt, men samstundes er det ikkje kjekke telefonar å få. Så eg sov uroleg og vakna allereie klokka fire. Det er i dei tider sauene startar dagen. «Alt fe er sin herre likt», vert det sagt. Enkelte vil ha det til at her på gard er det omvendt, så eg stod opp og gjekk.  Jaudå, eg fann sauen. Det såg verre ut enn det var.  Ein rekonvalesent som får sin siste sommar i fjellet.  Ikkje særleg fotogen, men i OK form. Men der var andre motiv som viste seg frå godsida.

oversykkjadalen

blaaklokketiriltunge1

Om livet i bratte bakkar

blaahimmel2

Så var det endeleg einkvan som drog ut proppen og der hoppa termometeret 10 grader.

Elles så kan eg opplyse at eg mandag fekk svar på tre eksistensielle spørsmål og at eg først i dag er i stand til å skrive om den skjelsetjande hendinga med ei viss sinnsro. Eg sit altså no med fasiten på fylgjande:

Kor fort kan ein rundballe trille ?

Kor høgt kan ein rundballe hoppe?

Er det ei grense for kor mykje flaks det er mogleg å ha ?

Kvardagsfjell

osdalen
Desse fjella finn du garantert ikkje i Sunnmørsreklamen, men det kan godt vere at det var desse Ivar Aasen hadde i tankane når han skreiv siste verset av «Dei gamle fjell i syningom

Av Hav kom Sjomann sigande
og lengtad’ etter Land,
daa saag han Fjelli stigande
og kjendest ved si Strand.
Daa kom det Mod i Gutarne,
som saag sin Fødestad.
Ja dei gode gamle Nutarne
dei gjera Hugen glad.

Ein tenkepause

Slike opplevingar kan ein altså ha på fjellet i desember. Så kan ein stille seg det filosofiske spørsmålet: Har verdien til denne vesle biten av kloden auka no, etter at eg hadde denne opplevinga og de har sett biletet ? Eller har naturen ein eigenverdi, totalt uavhengig av våre opplevingar av han ?

For lokalkjende: Biletet er teke frå Hesteryggen med Vassdalstinden i bakgrunnen.

Sauene i Saudehornet

Åtvaring: Dette innlegget er fritt for politiske og samfunnskritiske ytringar. Det er berre kos.

Det vert sagt at » allt fe er sin herre likt». Det er langt frå kvar dag eg set like stor pris på denne samanlikninga. Ikkje slik i går. At dei siste 8 etternølarane mine heller ville ta seg ein tur på Saudehornet enn å subbe rundt husnovene heime ein slik dag, er lett å forstå. Likevel trudde eg mest ikkje mine eigne auger då eg stod på Skålaskaret og kika opp mot Vesthornet. Rett under toppen låg dei og orta i ettermiddagssola som om det var det mest naturlege i verda.

Som de ser, vil ein tur ned i Trollkoppen vere raskt unnagjort, om ein tek snarvegen.

Men no er det takk for i år, folkens, det er inga bønn. Det er berre å ta til på den lange vegen heim att.

Etter litt om og men kom vi oss ut or Vikeskåla og på råsa heimover under hamrane i Nivane.


No er det berre rake råsa heimatt. Langt der nede kan ein sjå alle dei autoritetstru som vart med heimatt på sankardag og dermed miste ein fantastisk dag i fjellet. 25 av dei har jamvel lagt ut på siste reis til Førde i mellomtida. Det finst mange gode grunnar til å halde seg i fjellet.

Dagens digresjon


Så flatt kan ein få det til å sjå ut. Det er ikkje juks, berre eit spørsmål om perspektiv. Så kan ein spørje deltakarane på «Saudehornet rett opp» om det er eit sant bilete.