Månedarkiv for mars, 2007

Dansebandmyte nr 1

-”Alle dansebandnamn er ein umogleg kombinasjon av fornamna til to av bandmedlemmene. “

Døme: Arne Bjarnes, Kåre Leifs o.s.b.

Dette er ei myte som eg vil avlive her og no. På “danseband. no” finn ein ei oversikt over banda som har gitt ut plate i 2006 og hittil i 2007. Berre 1 av 30 plater er innspelte av band med denne typen namn, det er sjølvsagt Ole Ivars.

Det finst rett nok eit band som kallar seg Trond Erics som spelar saman med Elisabeth Andreassen, men dei har namnet sitt etter ein vokalist som faktisk heitte Trond Erik, men han har ikkje vore med på 10 år.
Det er faktisk meir hald i påstanden: Norske danseband er oppkalla etter Disneyfigurar. Her har vi minst 2 eksempel frå oversikta på “danseband,no”: Mickes og Aristo Cats.
Statistikk kan vere artige greier.

Så har vi sjølvsagt populærorkesteret Finn-Erix då, husorkesteret til Radio Røynda og landets mest undervurderte ……populærorkester.

Høyr dei her:Finn-Erix

Litt om kart og terreng


Om selja seier Wilkipedia:

-Selje (Salix caprea) er en treart i pilefamilien. Den har rødgul kjerneved og grå bark. Selja kan bli opptil 20 m høy, med en diameter på 40 cm og en alder på 80 år. Selja blomstrer tidlig på våren, med hann- og hunnrakler på adskilte trær. De gule, lodne hannraklene kalles ofte for «gåsunger». Selje vokser best på tørr eller svakt fuktig, sandholdig eller kalkholdig leirjord. Lyskravet er stort.

Finn du noko i teksten som tilseier at dette er ei selje ?

“Den virtuelle floran” seier om bjørka:

-Beskrivning. Lövfällande träd eller buskar. Bark (näver) oftast vit. Vinterknoppar oskaftade. Blad strödda, runda till triangulära, sågade eller naggade. Blommor enkönade, i täta mångblommiga ax; sambyggare med han- respektive honhängen. Hanhängen övervintrar nakna, honhängen inuti knopparna. Hanblommor med rudimentärt hylle; ståndare två, ståndarsträngar tvåkluvna. Honblommor tre tillsammans på varje hängefjäll; hängefjäll treflikigt. Nötter med två tunna vingar.

Wilkipedia definerer “prosaisk” slik:

-Prosaisk brukes i overført betydning om noe kjedelig, nedtonet eller lite entusiatisk, som motsetning til poetisk.

Ein rogn, eit univers

Frå museumsmagasinet,objekt 1

6 strengs bassgitar, obligatorisk inventar i dei fleste danseband med ambisjonar. Representerer ei uløyst gåte for meg. -Når ein tenkjer på kva så ulike bassistar som Flea, Jack Bruce, Rick Danko, Paul McCartney, John Paul Jones og Jaco Pastorius har fått til med 4 strengar, kvifor treng ein då 6 strengar på bassen for å kompe til “Leende guldbruna øgon” ?

Tid for eple

-Set ein fram kaker, så et statsråden kaker.Set ein fram frukt, så et statsråden frukt, seier stabssjef og Jens Stoltenberg si høgre hand, Karl Erik Schjøtt-Pedersen til Dagens Næringsliv. Eit rådande politisk prinsipp ?

Dårleg med gode emne

Var på gamle tomter i dag. Må seie der var dårleg med høvelege emne til tynneband. Kan hende er det like bra, i dag hadde nok verksemda mi fått meg på straff som miljøkriminell.

"The beauty of math" og dei fire rekneartene

Ein kan få til mykje med matematikk, men “å låne med nullen”, som bestefar min kalla det, har ingen greidd enno. Dette skuldast ikkje at ingen har prøvd.

Neste kandidat ut som risikerer å gå i fella er Krf som har lagt fram “Klimapolitisk handlingsplan”. Etter mi meining skal dei ha ros for ambisjonsnivået, men ein skal ha tunga beint i munnen for å kome heilskinna gjennom denne paddemarka*. Eg tillet meg å plukke ut nokre enkeltpunkt frå planen:

Krf vil

at CO2-nøytral oppvarming av bygninger skal brukes og at oljebasert oppvarming utfases innen 2015.

ha økt satsing på biobrensel til oppvarming.

at satsingen på biodrivstoff må trappes opp og det må innføres krav om tilgang
på biodrivstoff på bensinstasjoner.

stimulere anskaffelse og bruk av miljøvennlige biler gjennom avgiftssystemet.

gå inn for arealplanlegging som sikrer matjord for å legge til rette for ”kort-reist” mat og framtidig matvaresikkerhet.

Heile planen får du om du trykker Her
Kvar for seg kan nok desse forslaga ha mykje for seg, men når ein summerer alle punkta, vil ein sjå at ein kjem ut med raude tal. Årsaka til at dette ikkje går heilt i hop, er rett og slett at dei, til liks med dei fleste av oss, har overdrivne forventningar både til naturen si evne til å produsere biomasse og til vår evne til å utnytte biomassen. Vi innbiller oss at berre vi set forstavinga “bio” framfor eit eller anna, vil det automatisk løyse ut botnlause energikjelder.

Eit lite døme:

Ein reknar det som realistisk at ein kan ta ut så mykje som 40 TWh frå biomasse i Noreg. Dette representerer det totale energiinnhaldet i det fossile brennstoffet som i dag vert nytta til opp-varmingsformål. Men denne biomassen kan ikkje nyttast to gongar og dermed vert det ingenting att til å lage biodrivstoff av. Likevel, eg meiner at Krf bergar seg i land med denne setninga:

-En fremtidsrettet politikk forutsetter holdnings- og livsstilsendringer i vår del av verden.
De er berre så synd at dei gjennomgripande haldnings- og livsstilsendringane som må til er så fryktelig dårleg butikk på kort sikt.

I dag kunne ein lese fylgjande i avisene:
-NHO-direktør Finn Bergesen ble møtt med krav om økt kjøpekraft for alle fra LO-leder Roar Flåthen, da de møttes til det første forhandlingsmøtet torsdag formiddag.
Vi har med andre ord ein lang veg å gå.
*Ureint farvatn
Andre kjelder:

Dansebandmuseum ?

Vi veit kvar på kroppen dansehandtaka er festa. Men kvar finn vi dansebanda?

Framleis på same planet ?

Tenker eg denne gongen byrjar med eit lite sitat frå New York Times

WASHINGTON, 2.Mars 2007-I fylgje offisielle tenestemenn er president George W. Bush og Brasil i ferd med å sluttforhandle ein avtale som har som mål å fremje produksjon og bruk av etanol i Sør- og Mellom-Amerika.

Det er venta at avtalen vil føre til stor vekst i etanolindustrien i Brasil sidan dei der har utvikla teknologi og utstyr som kan eksporterast til andre land i regionen.

Avtalen er allereie utsett for skarp kritikk frå politikarar frå mais-produserande statar. Dei fryktar at auka import av billeg utanlandsk etanol vil slå beina under eigne produsentar.

~

Vel vitande om proteststormen som ville ha kome, er det ikkje venta at Bush-administrasjonen ein gong vil hinte om reduksjonar i tollen på importert etanol.

Sitat slutt. Les meir her: Trykk

Så reiser vi 12132 km, frå Washington til Nairobi i Kenya. Der har styret i FN sitt miljøprogram hatt møte. Eit lite sitat derifrå:

Den danske miljøvernministeren Connie Hedegaard er redd for at storskala-produksjon av biodrivstoff, som palmeolje-plantasjar i Papua New Guinea, vil skape alvolege miljøutfordringar for heile planeten. Desse viser seg først ved avskoging som fylgje av rydding av areal til plantasjar.

Eit auka fokus på produksjon av biodrivstoff i Asia og Latin Amerika har sett i gang ein “tropisk landbruksrevolusjon” med intens konkurranse om jord mellom dei som vil produsere mat og dei som vil produsere råvarer til biodrivstoff. Avskoginga har mellom anna ført til tap av biologisk mangfald og helseproblem grunna røyken frå alle skogbrannane.

Sitat slutt.Les meir her: Trykk

Når ein samstundes tek omsyn til at produksjon av etanol frå åkervekster er mellom dei minst effektive måtane å produsere biodrivstoff på og at “Riksrevisjonen” i USA, GAO, no erkjenner at toppen i verda sin oljeproduksjon truleg er nådd, får det heile eit uverkeleg preg.

Så har eg ei lita utfordring til deg. På nettet ligg det mange kart. Du kan finne kart som viser kvar verda sine fattige bur og du kan finne kart som viser kvar dei bur dei som svelt. Du kan t.d. prøve å Google “poverty map” og “hunger map”. Om du har retteleg god tid, kan du prøve å finne kart som viser kvar på kloden klimaendringane vil gjere det vanskelegast å dyrke mat.

I denne situasjonen vert det hevda at marknadskreftene og total frihandel er mest eigna til å fjerne fattigdomen og svolten i verda. Eg for min del skjønar rett og slett ikkje at retten til å produsere mat til eiga befolkning er eit urimeleg ynskje. Eg kan nemleg ikkje sjå ein einaste grunn til at t.d. Cargill og dei tre andre store skulle velje å produsere mat til fattigfolk når dei heller kan produsere drivstoff til oss kjøpesterke.