Månedarkiv for august, 2007
Kua mi, jeg takker deg.
Men så er det jamt slutt. På eit tidspunkt vert idyllen broten og kua får ei heilt anna rolle.
Norge bremser handel med verdens fattige
Norske melkekyr støttes med 25.000 kroner i året hver. Det er seks ganger så mye som millioner afrikanere tjener.
Ku-promp verre enn eksos
Dette er overskrifter henta frå norske dagsaviser og er ikkje usanne påstandar. Men slike fengande overskrifter er med på å overforenkle kompliserte problemstillingar som det er tvingande nødvendig at vi som samfunn tek tak i.. Kua er etterkvart blitt eit “marginalt fenomen” for dei fleste av oss. Difor fell det oss svært lett å nytte henne til t.d. å latterleggjere norsk landbrukspolitikk og tåkelegge viktige miljøspørsmål.
Han heitte eigentleg Anders Hoffrenning (Dette namnet er nytta på gravsteinen hans, nokre andre kjelder gir han namnet “Hogrenning” ), “fødd i 1836 i Loen sogn, Stryn prestegjeld, titt ova vatnet, og då kan du rekne det sjølv” – slik han sjølv uttrykte det.
Størstedelen av sitt vaksne liv heldt han til i Ørsta og han levde av det naturen gav. Han tente til livsopphaldet med mellom anna småfiske og produksjon av tønneband. Emna til tønnebanda var haslerenningar han hogg i Skorgeura sommarstida.
No er Skorgeura naturreservat og Anders ville i dag vere miljøkriminell.
Det er stunder då eg tenkjer med meg sjølv at oppretting av verneområde er ei fallitterklæring. Det er då skilnad på forvaltning og hermetisering. Er vi ikkje komne lenger enn at trugsmål om bøter og fengsel må til for at vi skal ta vare på verdiane i naturen ?


Siste kommentarer