Månedarkiv for oktober, 2007

Og vesle lerka ho hev det so

Mange kjenner sikkert Per Sivle sin song “Lerka”frå før. For å friske opp minnet, får du likevel første verset her:

Og vesle lerka, ho hev det so
at finn ho ein tuvetopp fri for snjo,
so kved ho i med sin finaste song,
so trur ho på vår med ein einaste gong.
“Å hei! Å hi! Å tiriliti! Å tirili, tirili-ti!”

No er det visst ikkje berre lerka som “hev det so”, lenger. Eit par dagar med opplettver og temperaturar rundt 10 grader, så vart sauene overtydde om at våren var på veg, fann seg eit hol i bøgarden og strauk til fjells. Snøkaven på sankardag var fullstendig gløymt. Som ein kan sjå av biletet, var det ikkje akkurat grønegraset som lokka.


Så kva sauene eigentleg var ute etter, er ikkje godt å seie. For Nivasida er for tida ein ugjestmild stad. Det fekk i alle fall karen nedanfor erfare. Truleg har han møtt sin overmann ein dag i førre veke. Det må ha vore litt av ei kjempe. Det er ikkje kven som helst som går sigrande ut av kampen med ein 12-taggar i god form.

Nyare amerikansk forsking syner……………

Forskarar ved Cornell-universitetet i staten New York i USA har stilt seg fylgjande spørsmål: How big is your food print ? For å svare på dette spørsmålet har dei undersøkt arealbehovet til 42 ulike diettar med likt energiinnhald og basert på korn, grønsaker, frukt og mjølkeprodukt. Det som skilde dei ulike diettane var feittinnhald og mengde kjøt. Det vart lagt vekt på at alle matvarene kunne produserast lokalt. Staten New York ligg i det nordaustre hjørnet av USA og har eit klima som ikkje er så ulikt vårt.

Ikkje uventa kom ein fram til at ein vegetarisk diett med lavt feittinnhald kom ut med det minste arealbehovet ,om lag 2 da /(person *år) . Størst var, som ein kunne forvente, arealbehovet til dietten med høgast innhald av feitt og kjøt, om lag det doble.
Det som kom likevelfram fram noko i denne undersøkinga som kanskje vil overraske enkelte :Når ein ser ting i litt større samanheng ,så vil ein diett med avgrensa mengder kjøt og mjølkeprodukt vere meir ”effektiv” enn reint vegetariske diettar. Årsaka til dette er at medan den vegetariske dietten vert produsert på høgtytande dyrkajord, så kan kjøt og mjølkeprodukt i stor grad produserast på grunnlag av beiting (Og her i landet, gras hausta på areal som kun er eigna til denne produksjonen)

Litt meir om denne undersøkinga kan du finne her.

Dette er ikkje nye tankar, men dei har hittil stort sett blitt avfeia som vikarierande argumentasjon av m.a. deler av miljørørsla. Men eg kan ikkje skjøne anna enn at denne kunskapen bør få konsekvensar for korleis vi forvaltar både dyrkajord og utmark her på berget.

Denne hausten skal Stortinget legge fram forslag til Naturmangfaldlov. Rasmus Hansson og WWF er som naturleg er, svært tilstades på banen no i innspurten. WWF-leiaren avsluttar eit lesarinnlegg trykt i m.a. i Dagsavisen 26.september i år slik:

Landbruks¬organisasjoner, ymse departementer og krefter i nesten alle partier kjemper nå innbitt for å fjerne alt i lovforslaget som kan begrense deres særinteresser. Får de gjennomslag, har norsk natur tapt en svært viktig anledning. Lite kan da hindre at ødeleggelsen går sin gang. Mens klimakampen vil fortsette å kapre avisoverskrifter og politiske oppmerksomhet, blir kampen om Naturmangfoldloven på kort sikt den viktigste kampen om norsk natur.

Eg tykkjer det er trist at Hansson på denne måten går ut og så tydeleg peikar ut landbruket som ein av hovudmotstandarane sine i kampen for det biologiske mangfaldet. Både på bakgrunn av utsiktene til framtidig matforsyning i verda, men også når ein har i minne at ein stor del av artane på ”raudelista” er avhengige av eit levande kulturlandskap.