Månedarkiv for mai, 2008

Det er no litt gale å snu ryggen til dette

Tenkte det kunne vere greitt å vise utsikta frå benken ein dag midt i mai.


Uinteresserte ? Ja, men no er det ikkje mange dagane før de skal til fjells.

Ting vi berre seier

Den svenske forfattaren og artisten Jonas Gardell er intervjua av Signe Tynning for magasinet “no19″. Der får han seg til å seie:

-Jeg har to barn og de tar utrolig mye tid.

Barn tar tid. Skulle berre mangle. Men om Jonas hadde spurt meg, så kunne eg fortalt han at barn gir dei finaste stundene.

Det tok si tid

No kan eg trygt rå deg til å setje deg og nyte morgonsola.

Kva meiner dei eigentleg med "effektivt landbruk" ?

“Effektivt landbruk”….. Kva ser du føre deg ? Endelause sletter. med ein einsleg diger traktor med 1000 hestekrefter og ein 20 meter brei plog som du kun ser som ein liten prikk i ei diger støvsky i horisonten. Eller kanskje ein konvoi med 10 skurtreskarar i breidda, kvar med slåttebjelkar på 12-13 meter og ein fart på 15 km/t over dei same slettene.

Ja eg trur det er slik vi ser det føre oss. Det effektive landbruket. Og eg trur ikkje Øysten Dørum, sjeføkonom i DnB Nor Markets, er noko unntak når har no kjem med fylgjande utsegn til Finansavisen:

- Nå er tidspunktet kommet for å slippe bonden fri. Hvis vi mener at vi skal bidra mest mulig til en global matproduksjon, så skal vi selvsagt sørge for en mest mulig effektiv produksjon i Norge. Det riktige tidspunktet kommer av matkrisen.

Les meir her.

Det er mange ting i denne uttalen det kan vere grunn til å diskutere, men denne gongen vil eg konsentrere meg om “effektivitet”.

Skal ein tru landbrukets klimapanel som la fram IAASTD -rapporten midt i april i år og som eg skreiv litt om i eit tidlegare innlegg ( Du finn det her), er vi faktisk fullstendig på bærtur når det gjeld synet på kva som er eit effektivt, framtidsretta og berekraftig landbruk.

Og når ein tenkjer på det: Vi vert stadig fleire menneske på jorda, vi har for mykje CO2 i atmosfæren, knapt med drivstoff og stigande prisar på kunsgjødsel og andre innsatsfaktorar. Kvar er då logikken i at effektivitet utelukkande skal reknast i kor mykje ein mann kan produsere og ikkje reknar med alle remediene han treng ?

Nei, ta med deg nokre poteter, grav dei ned ute i hagen din og ta dei opp att utpå hausten. Matproduksjon basert på lokale råvarer som sollys, regnvatn og matjord. Då kan vi snakke effektivitet.

Heldigvis sit ingen på benken

Kva tankar hadde du gjort deg dersom du såg at einkvan sat på benken i bakgrunnen ?
Etter å ha tenkt meg litt om: Eg trur eg snur den benken.

Ugras

Ugras eller ikkje, det handlar mest om å vere på feil stad til feil tid. Men av og til er det ei fullstendig irrelevant problemstilling.

Og vinnaren er…


Kandidat 1


Kandidat 2

KANDIDAT 2 !

Ein kan vel seie at fornuften sigra i striden om sjukehotellet på Radiumhospitalet, men å hevde at saka kan nyttast som eksempel på at det løner seg å vere lovlydig er vel å overdrive.

Kven sin hovudverk er dette ?

Japan er eit rikt land.
I Japan et folk mykje ris.
I Japan bur det mykje folk
Japan er netto matvareimportør.
Japan har 500% toll på importert ris.
Japan er ein versting.

Så kom matvarekrisa (uventa ?)

Fleire store riseksportørar innfører restriksjonar på eksport.

Eg trur den jamne japanesar er glad for at dei trass alt har halde liv i nokre risbønder.
Men det bør altså ikkje vere lov, seier dei i WTO.

Argentina og Brasil er medlemer av CAIRNS-gruppa, dei mest aggressive forkjemparane for liberaliseringa av verdshandelen med mat. Argentina og Brasil har innført eksportrestriksjonar.

Er dette uproblematisk ?

Ein gong var her snø.

Eg trur Laika saknar han.

Alm extreme


Eigentleg eit resultat av ein uberekneleg touchpad på PC´en , men eg tykte det vart litt tøft. Dessutan er fjella “mine” med på biletet.