Månedarkiv for juni, 2008

På veg ut til venstre

Atter en gang skal syrinene gi deg et tegn når de står tunge og dufter av juni og regn.
Inger Hagerup
Eg trur at eg og gråtassen tolkar det som dårleg høyterre.

På reisefot. Men plenklipparen tok han før take off.

Dette må vere biletbehandlinga sitt svar på punken. Lav kvalitet Jpg, heilt ned med lysstyrken. full kontrast og mellomtonane heilt opp til slutt.

Eit velmeint råd til Liv Signe

Liv Signe Navarsete har vore ute og reist siste dagane. Ho har vore i Leipzig på det første møtet i International Transport Forum, ei vidareføring av European Conference of Ministers of Transport. Meir enn 50 transportministrar frå OECD-landa, i tillegg til India, Kina og Brasil, tok del.

Samferdselsministeren vår sat i hovudpanelet som vart leia av den nederlandske transportministeren Camiel Eurlings. Panelet hadde i tillegg representantar frå olje- og energisektoren, luftfarten og bilindustrien.

På Senterpartiet si heimeside finn vi desse Navarsete-sitata frå møtet:

  • - Det er viktig at vi politikarar set tydelege mål og arbeider saman med industrien og forskingsmiljøa slik at vi saman kan redusere utsleppa av klimagassar. Eg trur det er viktig å bruke både pisk og gulrot. Vi må vise politisk leiarskap og gjennomføre tiltak som vil gje resultat både på kort og på lang sikt.
  • - Transportsektoren står for 23 prosent av dei globale klimautsleppa. Konklusjonane frå det internasjonale transportforumet vil difor bli ein viktig del av grunnlaget for klimatoppmøtet i København i 2009, seier samferdselsministeren.

Dette skulle vel vere heilt greitt. Ingenting å hisse seg opp over her, vel ? Men problemet kan verte at på slike møte er der også andre deltakarar, nokre av dei nyttar øyrene sine til å høyre med og nokre av dei skriv til og med brev heim, der dei refererer det dei har høyrt.

Kjell Aleklett, prof. i fysikk, Universitetet i Uppsala, president, ASPO (Association for the Study of Peak Oil & Gas) er ein slik ein. Han skriv fylgjande:

-The panel debate that followed between politicians and representatives of industry could be described with many words but I will choose the declaration from Norway’s transport minister Liv Signe Navarsete that were the most sensational. She asserted that we possibly must adapt to a future where we do not have growth but, rather, economic decline. Indirectly this is a recognition that Peak Oil is just around the corner.

Slikt må du ikkje finne på å seie høgt her heime, Liv Signe. Hugs det er val til neste år.