Månedarkiv for oktober, 2008

Saksnr.100: Sysselsettingstiltak i krisetider

Kanskje eg burde kjøpt aksjar i Casco.

Men så kom sola


Middag kunne eg lage seinare. No måtte eg få med meg siste rest av ettermiddagssol. Einkvan har sagt at “faktorenes orden er likegyldig”. I dag trur eg litt ekstra på han, kven det no var. Hunden vart iallefall glad.

På ein dag som i dag eit anna år

Om du ser nøye etter, så finst der fargar inni der. Og i mellomtida har vi hatt både vinter, vår og den beste sommaren på…ja eg hugsar ikkje heilt. Det er vel det dei kallar “i manns minne”.

Prosaisk

Mandag føremiddag kom ein hard vindrykk frå nordaust. Kastanjen frå førre post knakk som ein fyrstikk. Om du ser nøye etter får du forklaringa både på det eine og andre. Så mykje for den poesien.

Lenge sidan sist rev.2

Ja, no er det lenge sidan sist post her på klinkekula. Det er nok finanskrisa som har slege inn med full styrke. Det har blitt så vanskeleg i vite kva ein skal meine. Unntakstilstanden som har oppstått har laga støy i verdsbilete og endra forteikn på nyhendebiletet. Ting som verka rimelege for kort tid sidan er brått heilt absurde……… og omvendt. Overskrifta på denne bloggen har blitt aktualisert i skræmande grad.

Lat meg nytte eit døme:

ESA, EFTA sitt overvåkingsorgan, har som som nokre av oppgåvene sine å sikre fri konkurranse og fri flyt av arbeidskraft, varer,tenester og kapital og har siste åra blitt involvert i mykje som vanlege folk stort sett ser på som indre norske saker. Differensiert arbeidsgivaravgift, klimakvotelov, barnehagestøtte, momsfritak for aviser og kommunalt sal av billeg konsesjonskraft til lokal industri er alle sakar som ESA har arbeidd med.

Akkurat no er det tenestedirektivet som skaper hovudbry for regjeringa og har potensiale til mykje arbeid for ESA.

Men så kom finanskrisa, eit resultat av dei siste åra sine økonomiske oppgangstider, finansiert av”auka gjeld og stigande bustadprisar”, for å sitere ein økonom eg høyrde uttalte seg til NRK radio. Regjeringar rundt om i heile verda spyttar titusenvis av milliardar inn i finanssystemet for å hindre total kollaps.

Er det nokon som bryr seg det minste om kva ESA evt. måtte meine om konkurransevridning og hindring av fri flyt av kapital ? Nei, dei må nok fint finne seg i å ordne moms-fritak for Se og Hør og andre viktige ting.

Men dersom det no også syner seg at medisinen mot finanskrisa er dårleg nytt for miljø og naturgrunnlag (mykje tyder på det i med at resepten inneheld stimulans til auka materiellt forbruk), burde ikkje einkvan ta til vit og for alvor byrje å diskutere det systemet som t.d. ESA er eit verkty for ?

Eg ser at Erik Solheim hevdar at finanskrisa kan redde miljøet. Eg er ikkje så overtydd om det. Ei skute uten styrefart er umogleg å styre.

Rettferdstankar


Same frø
Same rot
Same stamme
Same sol
Same regn
Same milde bris
Same kalde kuling
Same oktober

Skattelistene er utlagde

“Der skatten din er, vil og hjarta ditt vere”, står det i ei bok eg har liggande. Såleis må skattelistene vere dei mest ufullstendige listene som vert laga. Eg har lova meg sjølv å ha retteleg dårleg samvit kvar gong eg vert freista til å slå opp.

Det var eit elendig fotover den kvelden

Det hadde nok vore ein kveld for fagfolk med skikkeleg verkty. Det såg eg med ein gong eg kom heim og opna mappa med namnet “2008 10 10″. Eg trur likevel ikkje eg vil slette så mange av bileta eg tok. Eg har god plass og det skal noko til at dei ikkje tener som katalysator for gode minne.

Etter eit døgn på innpust

Eg veit ikkje om eg byrja å puste att før ferga nærma seg Larsnes. Øya er Sandsøy, fjella i bakgrunnen er Stadtlandet. Bakom der er Skottland. Der varma dei visst opp til fotball-landskamp.

Haustgrafen, kjapt etter ein ide frå Oslo Børs


Vi visste vel alle inst inne at det måtte gå slik til slutt, men denne gongen er det litt meir usikkert kvar det heile endar.