Om du legg hovudet på skakke, ser du knskje kva dette eigentleg er.
Månedarkiv for november, 2008
Tenk deg ein mørk novemberkveld. Du står under dette treet, tuntreet, medan opprivne skyer driv over austhimmelen. I det fullmånen brått dukkar fram, ser du ein ukjend siluett på ei grein høgt oppe. Du tek eit par steg til sida for å sjå kva det er. Og der, midt i månekiva sit ho. Ugla.
Det er slikt ein berre ser på film. Og på veg over tunet for å fore sauene.
65 000 dekar matjord er teke ut av drift her i landet dei 4 siste åra. Eg har lagt merke til at jordbruksareal av pedagogiske årsaker ofte vert omrekna til fotballbaner. 65 000 dekar tilvarer knapt 10000 fotballbaner. Omrekna til potensiell potetavling derimot, tilsvarar dette meir enn 150000 tonn eller over 1,5 milliardar poteter, ein god munnfull til kvart einaste menneske på jorda.
Ein del av dette arealet vert omregulert til bustader, industri eller annan infrastruktur. Mesteparten vert lagt brakk og gror att. Dette er oftast den jorda som ikkje let seg drive med dei store tunge maskinene som dei store entreprenørane nyttar. Det er dette ein kallar effektivisering.
Mange har siste åra fått augene opp for at matvareforsyninga i verda er sårbar. Vi balanserer på ein knivsegg. Men samstundes har argumenta for å gje opp småbruket blitt fleire. Om ein vågar å stikke fingeren i jorda, trur eg likevel dei fleste vil innsjå at det å legge jorda brakk av di ein 10 tonns traktor ville vere fullstendig ueigna, vere å snu ting fullstendig på hovudet. Men finanskrisa har vel synt oss at slikt går heilt fint. Ei stund.
I heile november er det Tordenblogging for alle pengane. Over 250 bloggar er nominerte og det heile skal ende opp med ei uhøgtideleg kåring av Norges beste blogg.
For oss som ikkje er med på hendelset, representerer dette eit høve til å liste seg ubemerka ut av skapet for ei stund.
Vi har alle ei fortid. Eg var 9 år i 1969. Woodstockfestival. 16 år var eg i 1976, The Clash og Sex Pistols. Mykje skjer på 7 år. Eg elska den musikken som punken var eit opprør mot, symfonisk prog rock. Eit ikkjetema for musikk-kritikarar med sjølvrespekt.
Det vert sagt at alt går i byljer. Det er berre nesten sant. Rick Wakeman si live-oppsetning av konseptplata “The Myths and Legends of King Arthur and the Knights of the Round Table” med symfoniorkester og riddarturneringar på isen vert det nok aldri aktuelt å repetere. Det næraste var vel kanskje OL-åpninga på Lillehammer. Det bør vel kanskje nemnast at Wakeman gjekk konkurs som eit resultat av desse fantastiske prosjekta sine.
Men midt i det som i ettertida har fått merkelappen pompøs, teatralsk og sjølvhøgtideleg paleontologi vart det laga fantastisk musikk. Om du hadde lagt alle fordommane til side, hatt i bakhovudet at dette faktisk var laga for 35 år sidan og verkeleg høyrt på Wakeman si “Six wives of Henry VIII” og Yes si “Close to the edge” hadde du kanske skjøna at ein gut først i tenåra kunne verte imponert.
Dessutan: introen til Yes sin “Owner of a lonley heart“, må vere det mest knabba riffet i musikkhistoria. Eg høyrde akkurat at Radiosporten nytta det. Eg har aldri høyrt at Yes har blitt kreditert.
Og om du vil sjå noko som verkeleg får fart i diskusjonen om det var Rick Wakeman eller Keith Emerson som var gromguten, kan du sjå her.



Siste kommentarer