Månedarkiv for desember, 2008

Bandanders sitt rike

Første halvdel av 80-talet arbeidde eg i Ålesund og ein kollega spurde meg ein dag kvar eg kom ifrå. Det var vel nokså tydeleg at eg ikkje var “fra byn”. Som kommentar til svaret mitt fekk eg eit nytt spørsmål. “Er de der de he ein stein som ein må sitje på minst ein gong i veka for å halde seg frisk ?” (Som de kanskje ser, så var han ikkje “utta bya” kollegaen min heller). Etter å ha tenkt meg om ei lita stund, skjøna eg kva han sikta til og eg berre nikka og svarte “ja, slik er det.”

Steinen han sikta til, vert kalla Leitesteinen og ligg ved stien som fører opp i Skorgedalen. Etter å ha gått gjennom Skorgeura og ei stigning på omlag 300 meter,ligg han der, kvilesteinen ved inngangen til dalen.

Skorgedalen er ikkje eit uvanleg stadnamn. Eg veit at vi her i fylket har både ein dal i Vestnes og ein i Rauma kommune med det namnet. Det er kanskje ikkje så rart at “Skorge-” er vanleg på våre kantar i og med at namnet kan ha utgangspunkt i to ulike gammalnorske ord for skar eller kløft. Slik sett kunne mesteparten av dalane på Nordvestlandet heitt Skorgedalen.

Dei aller fleste som er oppvaksne her på stranda har eit nært forhold til dalen “sin”. Han er ubebueleg grunna rasfare, men på den einaste staden som vart rekna som fonntrygg, hadde dei sætra si, Skorgesætra. Ein gong var her 13 sel, eller seterbuer. 6 av dei er tekne av snøras og 3 har åra fare ille med. Så no står kun 4 att.

Men det er langt frå berre innfødde som let seg begeistre. Odin Herman Heltne heitte ein kar som var lærar på grendaskulen her rundt 1925. Han skreiv denne songen:

Skorgedalssangen

Å, du Skorgedal skjønn – lik en fantasidrøm
dine fjell imot himlen jeg ser.
Å, hvor ofte gjenlyder begeistringens strøm
fra de mange som opp til deg ser.

Ved din side du har de forstenede troll,
de er ville men vakre å se,
helst når månen forgyller om høstnatten kold,
deres topper er dekket av sne.

Ned i dalen vi møter en fossende elv,
det er Skorgeelven fossende og vill,
mens den rinner så tenker den så ved seg selv,
der hun rinner som klareste vin.

-Jeg har runnet fra Vasskoppens iskalde vann
og mitt leie har været av sten
Men nu flyter jeg stille på melfine sand,
og langs bredden står blomstrende gren.

-Odin Hermann Heltne

Det vert sagt at den eigentlege Bandanders budde i Skorgeura store deler av sommaren. Der hogg han haslerenningar som vart nytta til tønneband. I dag er Skorgeura naturreservat. Verna på grunn av mange varmekjære planter og tre, eit enormt variert fugleliv og sjølve ura då, som består av steinblokker så store som hus, restar etter Parishornet som skal ha rast ut i siste istid.

Dei hadde si tid, så vart det stilt

Jan Akkermann vart kåra til beste gitarist i verda i 1973. Eg tykte han var utruleg kul og trudde ei tid at Focus var backingbandet hans, på sama måte som E-Street Band har fungert som bandet til Bruce Springsteen.

Men det var før eg oppdaga Thijs van Leer.

Ein kjend musikar skal ha eingong ha sagt noko slikt som “når du er dem beste musikaren i eit band, er det på tide å skaffe seg eit nytt band”. Eg veit ikkje om det var det Akkermann tenkte då han forlet FOCUS i 1976. Kva bandet hadde utvkla seg til om samarbeidet hadde halde fram, veit vel heller ingen -kanskje hadde dei rett og slett hatt si tid saman. Men soga om FOCUS gjev næring til tanken om at det unike og magiske oftast kjem som resultat av samarbeid og at det reint virtuose oftast vert for spesiellt interesserte.

Ny blogg

Etter ei førjulstid med blogginnlegg prega av Youtubesnuttar og andre lettvinte løysingar, har eg sett ned ein hurtigarbeidande kommite som har som mandat å kome med eit framlegg til ny bloggstruktur. Inntil vidare har eg oppretta ein rein musikkblogg der eg vil legge ut ting som etter mi svært subjektive vurdering (gåsehudtest og liknande) fortener eit større (og betre ?) publikum.

Du finn første post her: Museumsmusikk

Bruce Cockburn, verdas mest undervurderte ?

For 5 år sidan hadde eg aldri høyrt om mannen. Det at ein ved  eit tilfelle kan råke på ein slik artist som har gjeve ut så mykje fantastisk musikk gjennom så mange år, får meg til å innsjå at mitt musikalske univers er svært avgrensa. Men også eit håp om at der alltid vil vere von om å finne ein ny skatt. 

Først ei 38 år gamal perle.

Så hoppar vi 38 år framover. Den kompromisslause. Forklaringa på kvifor så mange aldri har høyrt om fyren?

Billege triks, ja heilt gratis faktisk


Det er så mørkt for tida at det einaste ein kan ta bilte av og som har fargar, er himmelen.Ein kan vel tenke seg at enkelte kunne finne på å spinne litt vidare på ei slik utsegn no i romjula, men eg let det i alle høve vere.

Og okse der og asen stod

Eg er klar over at mange meiner at country-musikk i grunnen ikkje høver til nokon verdens ting. Og aller minst som lydkulisse til tradisjonell norsk julefeiring. Men når ein tenker over det; Ein stall, oksar og asen, brækande sauer, cowboyar og gjetarar. Småkårsfolk, lavstatuskultur. “A match made in heaven”. Er det ikkje det dei seier? Og englesongen tek Alison Krauss seg av.

God jul til alle.

35 år gamal festbrems eller…nei eg har ikkje ord

I dag legg eg ut 2 songar. Begge har noko med jula å gjere, men det er også alt dei har til felles. Kva for ein ville du velge om du måtte? For nokon er dette kanskje eit vanskeleg val mellom to elendige alternativ, for andre er valet truleg enkelt. Det hadde vore artig med tilbakemeldingar.

Julesongen til The Band-Anders

Ikkje mykje glitter, stas, nissar og fjas og lyden er heilt forferdeleg. Men for 30 år sidan var dette nesten for godt til å vere sant. The Band, Robbie Robertson og juleforteljinga på ein gong.

Come down to the manger, see the little stranger
Wrapped in swaddling clothes, the prince of peace
Wheels start turning, torches start burning
And the old wise men journey from the East

How a little baby boy bring the people so much joy
Son of a carpenter, Mary carried the light
This must be Christmas, must be tonight

A shepherd on a hillside, while over my flock I bide
Oh a cold winter night a band of angels sing
In a dream I heard a voice saying “fear not, come rejoice”

How a little baby boy bring the people so much joy
Son of a carpenter, Mary carried the light
This must be Christmas, must be tonight

I saw it with my own eyes, written up in the skies
But why a simple herdsmen such as I
And then it came to pass, he was born at last
Right below the star that shines on high

How a little baby boy bring the people so much joy
Son of a carpenter, Mary carried the light
This must be Christmas, must be tonight

Kaldt og mørkt og lite sol

Eg sit her litt fortumla i dag. John Olav Egeland i Dagbladet skreiv i går i avisa si at eg er av dei som held til i det han kallar “kristenhetens mørkeste kroker”, men eg merkar i grunnen ingen skilnad frå i går. Det einaste må vere at veret er litt betre. Nei, det må nok ha skjedd umerkande. Og det er vel slik at vi menneske er fleksible og kan tilpasse oss det meste.

Trøysta må vere at eg er i godt selskap. Det var herifrå Martin Luther King heldt talane sine. Mor Theresa heldt også til her, og minnest eg ikkje feil, fekk ho Nobels Fredspris her eit år, ho også. Dessutan så brukar jula å vere ei fin tid her borte. Det er her dei aller fleste julesongane held til.

Så du er hjarteleg velkomen innom. Eg er i alle fall ikkje meir desorientert enn at eg kan setje på kaffien. Te har eg óg. Og smultringar. Vil du synge julesongar, kan eg leite fram trompeten eller gitaren. Ikkje gjer det så mykje at det er mørkt heller. Stearinlysa lyser i kråa mi óg.

Saudehornet i morgonroden


Eg tullar ikkje med dykk no altså, det var slik det såg ut i gårmorgon.