Månedarkiv for januar, 2009

Ser du lyset ?

Om du ser på biletet i rett vinkel, vil du nok sjå lyset.

Ser ikkje skogen, berre tre

Gran (Picea abies) er eit tre i granslekta som er svært vanleg i Norden. Dette bartreet blir ofte kalla norsk gran, skogsgran eller vanleg gran for å skilja det frå andre grantypar.

Grantre blir brukt som planke- og møbelmateriale, som råstoff til å laga tremasse, cellulose, papir og kartong. Det er òg brukt til dekorasjon, særleg som juletre.

Frå Wikipedia

Oppussingsprosjekt


Eg ser at skjora er utolmodig, men det verkar ikkje som om om dei har avgjort kven som får flytte inn enno.

Det er slett ikkje utruleg at eg er den einaste i heile verda som har sett dette




Ein føler seg litt priviligert.

Raskare enn autofokusen

Eigentleg er vel det meste feil med dette biletet, men eg tykkjer det fortel ganske mykje om Laika.

06-6048

Einkvan eg ikkje kjenner i Førde hadde med svart tusj skrive namnet og adressa mi med store blokkbokstavar på ein konvolutt. Sist fredag låg denne, ein fora C5 konvolutt, i postkassen min. Han kjendest tom ut, men då eg opna han, låg der fem svarte plastskiver, omlag 3 cm i diameter og med eit hol i midten. I tillegg fann eg fem svarte plaststrips og ei monteringsvegleiing.

Laurdag kveld ringde dyrebilsjåføren og sa frå om at dyra skulle hentast tysdag morgon.

Mandag kveld tok eg med meg konvolutten i fjøsen. Eg fylgde oppskrifta, med stripsa festa eg dei svarte plastskivene til eksisterande øyremerke på dei dyra som skulle leverast.

Inne i dei svarte plastskivene ligg der ein RF-chip med mitt leverandørnummer innprogrammert, og etterkvart som sauene vert slakta vert chipane avlesne automatisk. Enkelt, effektivt og greitt.

Eg gjorde meg mine tankar då eg såg ut over flokken før eg let att fjøsdøra den kvelden. Ikkje det at det vanlegvis gjer meg så forferdeleg mykje å sende dyr på slakteriet. Nei, tankane gjekk heller bakover i historia og utover i verda og til alle oss som berre fyl oppskrifta og gjer ein jobb, let vere å setje spørsmålsteikn, uten å tenke oss om. Merker og festar merkelappar, uten å ville sjå konsekvensane.

Helsing frå sola


-Solen er bygd opp av 74 % hydrogen, 25 % helium, mens resten er spor av tyngre grunnstoffer. Solen er ca. 4,6 milliarder år gammel. Ved fusjon gjøres omtrent 700 mill tonn hydrogen om til 695 mill tonn helium i sekundet, mens 5 mill tonn blir omgjort til gammastråling. Solen vil fortsette med dette i ca. 5 milliarder år til før den blir en rød kjempe og deretter ender kjernen som en hvit dverg som gradvis avkjøles over milliarder av år.

Henta frå Wikipedia

To hydrogenatom, dei minste atoma som finst, slår seg saman og dannar helium. Samhald gjev styrke og overskot og overskotet vert sendt ut i verdsromet. Noko av dette passerte ein sein januarkveld jorda, trefte månen og vart sendt attende til jorda. I Nivane låg det nysnø som reflekterte lyset og det vesle kameraet mitt fanga opp ein ørliten del av det. Det er det du ser på akkurat no. Eit sant overskotsprodukt.

Eg kika ut glaset på verkstaden i dag og så var det friminutt


Mykje meir enn 13 humler


”På trappå står et norgesglass

med merr enn tretten humler i”

syng Vamp.

Men der kan dei ikkje verte ståande -det må ta slutt ein dag. Vi kan alltids kaste heile glaset på bålet eller knuse det mot ein stein. Risikofritt og brutalt.

Eg fekk alltid litt dårleg samvit når vi løyste problemet på enklemåten. Det vart oftast til at ein av oss måtte opne loket og risikere konsekvensane.

Humler er vanlegvis godmodige. Dei stikk sjeldan om du ikkje er så uheldig å trakke på dei eller på annan måte set dei i ein pressa situasjon. Men det er forferdeleg vondt å verte stukken og vi fekk smerteleg erfare at humler som brått får fridomen attende ikkje er heilt tilregnelege.

Eg hugsar framleis den varme, lette kjensla av å ha gjort det rette.

Raud austhimmel ein januarmorgon

Ein slik austahimmel ein januarmorgon er eit dårleg verteikn, særleg for veret sør om oss. Eg har vore på yr.no og kika. Det stemmer. Får vone det gjeld kun veret.