Månedarkiv for mars, 2009

Eit metaliv

bekken2_forwp1 

Livet på blogspot var enklare. Eg hadde innfunne meg med Blogger sine avgrensingar og dei fleste innlegga mine var 5-minuttsprosjekt på rein impuls og sjølve framgangsmåten vart ganske fort ei ubevisst reflekshandling.

Men det var før Wordpress på eige domene.

Eg hadde lagt merke til at dei fleste Wordpressbloggar hadde ein lenkekategori kalla “Meta”. Etter at eg flytta, har dette vesle ordet blitt ein ubeden gjest i det aktive ordtilfanget mitt. Ikkje ser eg teikn til at gjesten vil reise heim att heller. Akkurat no innbiller t.d skrivevindauget seg at at det disponerer heile skjermen, medan resten av dashbordet  tviheld på den rettmessige plassen sin. Dette fører til at siste tredelen av kvar line gøymer seg bak  publiseringsverktyet og kategorilista. Berre dei siste par bokstavane på kvar line dukkar opp heilt til høgre, klint inn i rullefeltet. (Jaudå, eg veit at eg ken velje fullskjerm, men det er ikkje HTML-editoren med på)

Dette innlegget kjem også i kategorien “meta”. Eg må finne ut kor mykje eg må krympe bileta for at dei skal passe  i hovudkolonnen. Men eg skal love at dette er siste gongen. Eg har ikkje tenkt å gjere meg til eit offer for Wordpress og K2 sin ibuande vondskap. Då flyttar eg heller attende. På den andre sida, der finst verre former for metaliv enn det ein lever på Wordpress. ( Og no kan det hende at talet på norske Googletreff på “metaliv” aukar med 100%)

Fordelar med mangelfull grøfterens

prosandcons

Og den nominerte er…Luciano Passuello

Dei av dykk som har vore innom her desse første/siste dagane, har sikkert registrert at alt ikkje har vore på stell med utsjånaden her. Men no har eg altså klipt meg.

Dessutan har eg funne løysinga på problemet med  toppbilete som har repetert seg bortover skjermen og tekst har dukka opp på heilt uventa stader og bytta plass alt etter storleik på skjermen.

Ute i verda sit det ein kar, ja eg reknar faktisk med at han sit mykje i ro, som heiter Luciano Passuello. Han hadde forska litt på problemet, og vips, så var det løyst.  Dersom det er andre der ute som har same problemet, kombinasjonen av siste versjon Wordpress og K2-temaet så legg eg ut lenka til det eg vel å tru er løysinga.  Trykk her.

Ting som kan falle ein inn når MP3-spelaren står på ladding

Borte under låvebrua hadde han ståande ein hoggestabbe, I den stod den gamle kløyvarøksa, den som er laus på skaftet. Særleg om våren hadde han lagt merke til. Dit bort bar han dei vanskelege kubbane, dei vridne, krokute rotendane og dei med mange store kvistar.

Når livet vart for enkelt og og dagane flaug av garde, mest utan å setje merke etter seg, tok han seg ofte ei arbeidsykt  under låvebrua.  Ein kveld, etter nok eit sveittebrot   der borte, kom han til å tenkje på  dei lange knaggrekkjene på ungdomsskulen. Men no var det ikkje innsvinga boblejakker og militære feltjakker som hang på knaggane, men livet hans.

29. april 2003 vart ein merkedag. Tida på året då alt treverk gisnar og det meste går av skaftet. Økser også. Katten som sat med hovudet på skakke og som heldigvis  var einaste tilskodar, brukte utan å legge merke til det, opp eit av sine liv,. Same dag vart Maud Angelica Behn fødd.

20.januar 2005, dagen då Per Borten døde, gjekk han laus  på lønnekubben som hadde lege under ufsedropane heile hausten og no hadde frose til ein 15 kilos isklump.Han sikta, slo til med all si kraft og trefte akkurat der han skulle. Det han ikkje hadde rekna med, var at øksa spratt opp att som om kubben var laga av massiv gummi, glapp ut or hendene hans og knuste glaskuppelen, lyspæra og heile armaturen. Resultatet vart at han mørkla heile løa og han måtte på bygda for å låne nye sikringar. I kubben viste berre ein tynn, kvit strek.

I går kveste han kjedet på motorsaga og kopla vedkløyvaren på traktoren. Så kappa han hoggestabben i 3 lettkløvde kubbarog kløvde dei i 24 perfekte bjørkeskider som han la i ein sekk. I sekken la han også eit  ark der han med tjukk sprittusj hadde skrive: ”Skal kun brukast  på julaftan”.

 

No vart´n skræmt,ja

skremtja1Skal tru kva det var som fekk han til å ombestemme seg.

Nys du for tida? Her har du kanskje syndaren

Han jobbar like forpinna på søndag og. Men du veit, ein må nok stå på når ein står på lønningslista til, mellom andre, GlaxoSmithKline, AstraZeneca, Farmagon og IVAX.

Skogstankar

I dag har eg vore på skogen. Rydda sauebeite. Ein aldeles strålande dag har det vore.
Det fins nok dei som seier at eg er for glad i tre, at eg set att for mykje. Men eg har trass alt ein ide med det.
Den mest innlysande er sjølvsagt den, at eg høgg veden min der og må ha alet, som ein seier. Eg prøver å gje gode veksttilhøve til dei store trea, men samstundes må eg setje att tre som kan erstatte gamletrea når dei er hogstmogne.
Det å setje att tre er også eit middel mot attgroinga. Når ein driv med sau som går i fjellet om sommaren, er det om våren ein har størst behov for beite. Graset spirer og kjem i vekst før blada på trea gjer trekrunene så tette at lyset ikkje slepp ned i skogbotnen. Når så sauene vert slepte på fjellet rundt 10. juni, er bladverket på trea i ferd med å verte på sitt tettaste og skuggen vil bremse framvoksteren av or og bjørnebær og liknande. Eg har sett nok døme på kva som skjer dersom ein snøyder ned alt på ein gong. (Du kan sjå det sjølv på det eine biletet)
Når ein går rundt med ryddesaga, med høyrselvern og heil i si eiga verd, er det ikkje til å unngå at tankane flyg både hit og dit. Mellom anna til noko eg las ein stad for ein månads tid sidan: I EU er dei i ferd med å lage nye reglar for kva som vert klassifisert som beitemark. I forslaget til dei nye reglane heiter det at ein skal ha maksimum 6 tre pr. dekar dersom det skal kallast beitemark. Dersom du har meir er det pr. definisjon skog, same kor mange dyr som beiter der. I Sverige kjempar bønder og styresmakter mot det nye forslaget, men ingen veit kvar det endar.
Vert reglane vedtekne i EU, varer det vel ikkje lenge før vi har dei her heller, om eg ikkje tek mykje feil. Men når eg tenkjer på den viktige funksjonen trea har som buffer mellom meg og ei lang, bratt fjellside, kjem eg nok ikkje til å endre på noko. Eg vil helst ikkje oppleve at eg ei regntung haustnatt får heile fjellsida inn på tunet. Så får eg heller greie meg utan hudrelappane eg får i støtte.

Siste året

I forslag til ny lov om dyrevelferd heiter det mellom anna:

§ 15 Bygninger, gjerder og andre mindre innretningerBygninger, gjerder og andre mindre innretninger skal utføres eller oppføres og holdes ved like slik at dyr ikke utsettes for fare for unødige påkjenninger og belastninger. Det skal ikke brukes piggtråd i gjerde for å regulere dyrs ferdsel. 

Må vedgå at eg har ståande nokre meter nettinggjerde med piggtråd på toppen, men i år skal eg fjerne siste rest med piggtråd.

Eg taggar Obama og alle andre med svin på skogen.

For lesarar som no fekk stygge assosiasjonar, vil eg gjere det heilt klart at eg utelukkande nyttar uttrykket “med svin på skogen” i tyding “med skjelett i skåpet” eller ” har ureint mjøl i posen”

Lagnadsfellesskap

Billege triks i Photoshop

Det vert mest som Wunderbaum og terningar i frontruta , laksetrapp og revehale i antenna. men freistinga vert for stor, prøveperioden på Photoshop varer trass alt berre i ein månad.