
I fjor på denne tida la eg også ut eit bilete av denne vakre blomen som fargar enkelte markar lys lilla denne tida. Men det hjelp lite å vere vakker når du er på feil stad til feil tid. Då er du ugras uansett. Akkurat no ynskjer eg engkarsen langt inn i solnedgangen.
Månedarkiv for april, 2009

Eg fekk min første månadssttistikk frå Google idag. 50 personar har vore innom, 171 besøk, vel 2 sider pr besøk og 2 minutt i gjennomsnitt pr besøk. Ja, ja, eg får ta det til vitande. MEN statistikken syner 1040% auke frå førre månad. Korleis google reknar ut at 1040% av 0 er 171, går over min forstand, men eg skal i alle høve nyte det så lenge det varer.

Nattpilgrimsvandring.
Rett før morgonen gryr, kl 04.00 den 30. juni 2008.
Omgitt
Omgitt på alle kanter
av livgivende, oksygenmettet luft,
av tusen meter høye fjellkammer,
av stille og fossende vassdrag,
av uendelig utstrekning og rom,
av livets åndeløse skjønnhet;
spor av handlings-
og skapervilje
og en endeløs
omsluttende favn.
Hans-Erik Lindstrøm

…gjeld det å ha gode sko.

For på selja veks hannblomar og hoblomar på kvar sine tre.

Eg skjønar sjølvsagt at dyrking av negative tankar er ein tvilsam hobby. Men av og til må det vere på sin plass å erklære eit prosjekt for håplaust.

Med denne farta vert det vel plommer til pinse.
Av og til er to steg attende eit vel så godt alternativ.

Påske, blindføre, himmel og jord går i eitt. Flatt lys
-Fjellbjørkeskogen danner et belte mellom barskogen og skoggrensai fjellet – den subalpine regionen. Det dominerende treslaget er fjellbjørka. Denne er genetisk ustabil og danner mange overgangsformer mot vanlig bjørk, men kan også krysse med hengebjørk og dvergbjørk. Den varierer mye i utseende, og kan på utsatte steder bli krokete og vindskjev og ikke mye over 2 m høy, mens den andre steder kan være høy og rettstamm
Frå Wikipedia
I prgramposten “Fakta på lørdag” sender NRK1 for tida den britiske dokumentarserien “Hvordan ble jeg meg”. I kvart sitt program skal 3 britiske kjendisar få vite ”sanninga” om dei viktigaste karaktertrekka sine. Ligg det i genane, eller er det miljøet som har gjort dei til det dei er ?
No veit ikkje eg om fjellbjørka reflekterer vesentleg over slike spørsmål. Men om så er tilfelle, så let ho i alle høve ikkje grubleria sine gå ut over det viktigaste: Å strekke seg etter lyset.



Siste kommentarer