Månedarkiv for mai, 2009

Flygeleiaren i lundeura

dommaren
Eg må vedgå at vi mest hadde byrja å studere TV-programmet for laurdagskvelden, men var samde om at det var for gale å bruke opp ein nydeleg laurdagskveld framfor skjermen. “Men kan vi ikkje køyre ut til Runde, gå på fuglefjellet og sjå sola gå ned i havet ?”  Som tenkt, så gjort. Ein times køyretur og ein halv times spasertur opp i lundeura. Mange hadde tenkt det same, men eg trur vi var dei einaste som snakka norsk.Fotoutstyr for hundretusenvis av kroner stod oppstilt på stader eg ikkje hadde våga å setje frå meg kaffikoppen. Sjølv hadde eg ikkje med stativ ein gong og følte meg ørlite bortkomen mellom telelinsene med brennvidder oppunder meteren.
villsauer

goksoyrfjore

Opp og ut å vekke sola

ienga
To skikkelege sommardager. Det perfekte lydsporet til dette biletet finn du her. Så får vi heller sitere den gode Henning Kvitnes vidare: “Ikkje la skyene i morgon skugge for sola i dag.” Yr melder regn heile komende veke.

Eg stend her eg, seddu

egstendher2

Eg kan eit triks, skjønar du. Eg legg meg flat (alltid ein lur strategi) når plenklipparen kjem. ( Det spørst kor det går i dag . Red anm.)

Eit kort sekund åleine i sola

isola1
Eg hadde aldri lagt merke til denne bjørkebuska. Eit heilt vanleg tre i skogen. Men så, eit kort sekund ein tidleg maimorgon…. No veit eg ikkje lenger om eg hugsar kvar treet står.

Søndagsfjell på ein tysdag

sundagsfjell

Litt rart å tenke seg at sauene mine skal gå borti der om ein månads tid.

Grå kjemper i kveldssol

ospelleraskelleralm
Eg er nokså sikker på at det er osp, dei trea utan lauv. Dei står i alle fall i Skorgeura naturreservat, som ein må gå gjennom for å kome fram på Skorgesetra, der vi har selet vårt. Om du køyrer gjennom Ørsta på E39 vil eg anbefale ein tur. Du er midt i paradis allereie 200 meter frå vegen.

Greplyng

 krepplyng

Snart framme

snartframme

8 kvadratmeter, 1 times gange til næraste veg, ikkje innlagt  straum eller vatn, 50 meter til utedoen.  Himmel på jord……eit par dagar i alle høve

Nokon heime der nede ?

kongenpahaugen

Gratulerer med dagen

margeritt1