Månedarkiv for juni, 2009

Lite ante vi..

raudoysvkv                                                                                          Eiksundsambandet går under sjøbotnen utanfor  neset her og under Yksnøya bak

..der vi dreiv rundt Raudøya søndagskvelden og mellom anna tok dette biletet, om at livet skulle syne seg frå si mest brutale, meiningslause og urettvise side nokre få hundre meter under oss om eit par små timar. Fem menneske fekk livsttråden brått avriven  og mange, mange fleire sit att i botnlaus sorg. Ord vert fattige og dei  kjappe svara og forklaringane vert i beste fall utan meining. Eg ville berre seie at tankane mine går til dei som sit att. 

Medan eg skriv dette, spelar dei Neil Young på radioen. Denne:

Light a candle

Instead of cursing the darkness
Light a candle for where we’re goin’
There’s something ahead worth looking for.
When the light of time is on us
We will see our moment come
and the living soul inside will carry on.

It’s a chance to give new meaning
to every move we make
Through the caverns in the caves
where we come from.

When the light of dawn is on us
We will see what we can be
and the ancient ones can sleep an easy sleep.
In the hallways of the ages
on the road to history
What we do now will always be with us

It’s a chance to give new meaning
to every move we make
In the caverns in the caves
where we come from.

Instead of cursing the darkness
Light a candle for where we’re goin’
There’s something ahead worth looking for.
When the light of time is on us
We will see our moment come
and the living soul inside will carry on.

Light a candle in the darkness
so others might see ahead
Light a candle in the darkness when you go.

Om livet i bratte bakkar

blaahimmel2

Så var det endeleg einkvan som drog ut proppen og der hoppa termometeret 10 grader.

Elles så kan eg opplyse at eg mandag fekk svar på tre eksistensielle spørsmål og at eg først i dag er i stand til å skrive om den skjelsetjande hendinga med ei viss sinnsro. Eg sit altså no med fasiten på fylgjande:

Kor fort kan ein rundballe trille ?

Kor høgt kan ein rundballe hoppe?

Er det ei grense for kor mykje flaks det er mogleg å ha ?

Rugda flaug akkurat forbi

grantoppar

Kva er det no att? smelte ho til – før han fekk fram eit ord frå det fulle hjartet sitt.

Kva er det, Mattis? sa ho att, lågt og trøytt og anger-venleg. Rugdetrekket har komi hit i kveld! fortalde han. Ho sa roleg: Rugdetrekket? Å ja. Gå no og sov, Mattis.

Mattis stunde av vonbrot. Har du ikkje høyrt kva eg sa? Rudgetrekket har flytt på seg, det går rett over hustaket her! No medan du sit der i senga di.

Sitat frå Fuglane av Tarjei Vesaas

Rundt skya var himmelen blå

underskya
-En sky er en synlig mengde kondenserte vanndråper eller iskrystaller i atmosfæren. Vanndråpene i skyer er vanligvis 0,01 mm store, og blir synlige når de samles i store mengder.

Frå Wikipedia

“Eg har imidlertid punktert”

sykkel12

Hvordan komme i mål med ødelagt sykkel?

Er sykkelen godt vedlikeholdt og grundig sjekket før rittet skal det mye til at noe alvorlig galt skjer underveis. Uhellet kan imidlertid være ute uansett hvor godt forberedt du er, og da kan det være kjekt å ha noen “nødmekketips” i bakhånd. Om uhellet først er ute er det mye som kan gå galt på en sykkel.Her er noen tips til ting du selv kan fikse med enkelt verktøy:

Eg veit ikkje om det er nokon vits i å lese vidare.

Men om du likevel er interessert, finn du meir her

Eg stend eg, seddu II

strandstol
Eg stend eg, seddu.
Eg stod, her i fjor òg eg, seddu.
Eg kjem til å stå her eg, seddu

For eg har forskinga på mi side, seddu
Mykje god trøyst å finne der, seddu

-Med en langsiktig planlegging av nye bygg i strandsonen, sammen med sikring av gamle, vil det være en overkommelig oppgave å tilpasse seg de små stigningene i havnivået en kan forvente i Norge, selv om de aller verste prognoser skulle bli en realitet.

Sitat frå forsking.no

Finaste kaffibaren i verda

kaffibar1
Har du sett ”The bucket list”, skjønar du sikkert kva eg legg i det når eg seier at eg meiner å ha meir til felles med Morgan Freeman sin karakter enn Jack Nicholson sin når det gjelt tilhøvet til kaffi (og dei fleste andre område i livet, heldigvis). På ein skala frå frysetørka med vatn frå varmtvasskrana i den eine enden til Kopi Luwak (slå opp om du lurer) i den andre, ligg eg nok trygt plassert i ”frysetørkaenden” av skalaen og dess lenge ut i utmarka eg kjem dess mindre kravstor vert eg.
Men no har det seg slik at eg har ei dotter som har hatt ekstrajobb på kaffibar siste åra og eg har ein mistanke om at ho har sett det som ei oppgåve å utvide horisonten min når det gjeld kaffii. Og eg vedgår det gjerne: Etter å ha drukke presskannetrakta yirgacheffe på setra i morgonsola, skjønar ein at det er skilnad på kaffi. Og på kaffibarar.
Og når det gjeld ”The bucket list”, så er det ein fin film.