Månedarkiv for juli, 2009

Sterke saker

gjerdet2

Gardermoen, fredag 17. juli

“Vi kan alle bli den vonde” lyser mot meg frå eit avisstativ. Det er fredagsutgåva til Morgenbladet som har eit intervju med psykologen Philip Zimbardo, han med Stanford-eksperimentet, som hovudoppslag.  Zimbardo har vore forsvaret sitt ekspertvitne i rettsaka mot Ivan “Chip” Frederick, den høgast rangerte av torturistane  frå Abu Graib-fengselet i Irak og i intervjuet fortel han oss om mekanismene  som gjer at vanlege menneske kan utføre slike umenneskelege handlingar.

Oświęcim, søndag 19.juli

“Arbeit macht frei”, står det over porten.  Framfor meg ligg ein knapt 3 timars tur gjennom Auschwitz og Birkenau. Som så mange andre har eg lese side opp og side ned og sett timesvis med film og på TV om dette forferdelige som skjedde her for over 60 år sidan.  Eg trudde eg visste, men etterkvart går det tydelegare og tydelegare opp for meg: Heilt vanlege folk, som du og eg, opplevde dette. Og vanlege folk, som eg og du gjorde det mogleg.  Og heile tida står Zimbardo sine ord for meg:  Ti prosent av befolkningen vil opptre heltemodig i situasjoner som krever det. – Men hvis vi stiller 100 personer opp etter hverandre, vil vi ikke være i stand til å peke ut hvem som vil opptre som en helt. Regelen er at majoriteten tilpasser seg, blir delaktig og adlyder blindt.

Sterkt.

 

Vegen vidare?

kvargaarvegen

Meir Raudøy

ytste_oya_kompr

raudoy1_kompr

Ein dag som vart mykje finare enn planlagt.

Hatar eg måsar ?

klarforavgang_komp

Det er ikkje alltid like lett å vere samd med Odd Børretzen

Enda Elvis Costello i Chelsea likevel ?

“I don´t want to go to Chelsea ” New Wave-Costello på Youtube

God give me strength”, Costello&Bacharach på Youtube

Men gjer det noko ?

Tåketale

toppen_leitefosen

“Like a man travelling in foggy weather, those at some distance before him on the road he sees wrapped up in the fog, as well as those behind him, and also the people in the fields on each side, but near him all appears clear, though in truth he is as much in the fog as any of them.”

Benjamin Franklin

“It is not the clear-sighted who rule the world. Great achievements are accomplished in a blessed, warm fog.”

Joseph Conrad

Frå altanen 8/7-2009 kl.22.45

raudkveld1

kvandalsvartkvitt1

Samansett problem

spikar

“Om det einaste verktyet du har er ein hammar, er det lett å sjå på alle problem som om dei var spikar”

Abraham Maslow

 

Men om du likevel skulle vere så heldig å treffe spikaren på hovudet, er det slett kkje sikkert at det vil hjelpe det slag.

 

Blått

blaaskjel

blaaklokke3

“Galskap”, har eg høyrt

Ein kar ringde meg seint i går kveld og fortalde at han hadde sett ein sau som såg heller skral ut i råsa opp mot Saudehornet. Det er fint at folk seier frå om slikt, men samstundes er det ikkje kjekke telefonar å få. Så eg sov uroleg og vakna allereie klokka fire. Det er i dei tider sauene startar dagen. “Alt fe er sin herre likt”, vert det sagt. Enkelte vil ha det til at her på gard er det omvendt, så eg stod opp og gjekk.  Jaudå, eg fann sauen. Det såg verre ut enn det var.  Ein rekonvalesent som får sin siste sommar i fjellet.  Ikkje særleg fotogen, men i OK form. Men der var andre motiv som viste seg frå godsida.

oversykkjadalen

blaaklokketiriltunge1